lørdag 16. april 2011

Minimikki.no

Kom over ei nettside, minimikki.no - der hadde dei mykje fint! Denne leikedressen frå Småfolk er utruleg søt:















Og denne elefanten frå Smallstuff:













Det blir neppe kjøpt, men ingenting gale i å ønske seg, vel? :D

♥  ♥  ♥


post signature

tirsdag 12. april 2011

Vårglad klesvask

På eige husmorsvis gler eg meg over klesvasken i dag. Fargerik, vårleg og glad vart han, då eg satte han ut!


Ha ein nydeleg dag!

post signature

mandag 11. april 2011

I helga har vi tid

  
Det er ikkje slik at alle  mine komande blogginnlegg skal handle om tid. Slik kan det derimot sjå ut om ein ikkje tek seg tid til å lese forbi dei to siste overskriftene. Likevel. Denne helga har susa avgårde, slik helgar plar gjere. Enda har vi hatt nok tid. Vi har kosa oss. Det er noko eige med helga, og det å planlegge tid, ta seg tid, kaste vekk tid og likevel ha meir tid tilbake.

Vi har brukt tid på kvardagslege ting som husvask, leik og på tull og tøys. Vi tok oss tid til ein fin tur til Håkonshella barnehage. Til ein liten biltur til Bjorøy og Tussøy. Til handball-cup med eitt tap og tre vinn - Hurra! Som alltid har vi kasta vekk litt tid framfor tv'en, eller laptop'en, når vi eigentleg burde ha gjort noko anna. Det har vore ei god helg, med familieliv og uteliv. Våren er kome, og det er deilig!


post signature

          

lørdag 2. april 2011

No e da Timmy-tid!

Eg må innrøme det: når introsongen til Timmy Time kjem på tv, så set eg meg ned i sofaen - og ropar på barna. Det er eit fint program med god humor for både små og store. Kvar episode er typiske hendingar for små barn, så det er lett å kjenne seg att i situasjonane Timmy og venane hans kjem i. Likevel har eg stussa litt over oversettinga av den originale introsongen til programmet:

Da e Timmy-tid!

Timmy, hei Timmy!
Eit lite lam med eit tv-program.
Timmy, hei Timmy!
Tia med Timmy blir 'kje alvorsam.
Timmy du e konge, du e nummer ein.
Beste lam som fins, ja du e tøff.
Ka so ein skjer landa han på fire bein,
og da eg seie no e ingen bløff - ingen bløff!!

Ååååå Timmy, hei Timmy!
Eit lite lam med eit tv program.
Timmy, hei Timmy!
Tia med Timmy blir kje alvorsam,
Nei ein sau som han kan aldri bli heilt tam - bli heilt tam!
Ååååå, Timmy, hei Timmy!
Eit lite lam med eit tv program.
No e da Timmy-tid!



Den originale teksten er slik:

It's Timmy time!

Timmy, it's Timmy
He's a little lamb with a lot to learn
Timmy, it's Timmy
He's a handful of trouble at every turn
Timmy leaves the farm, goes out to the world
Trying to be cool he's number one
He joins all his friends on a big adventure
And he's always having such a lot of fun (a lot of fun)

Timmy it's Timmy
He's a little lamb with a lot to learn
Timmy it's Timmy
He's a handful of trouble at every turn (a lot of fun)
Timmy it's Timmy
He's a little lamb with a lot to learn
It's Timmy time!


Ser du kva eg stussar over? For meg så ser det ut som om vi i Noreg har eit litt annleis syn på sauar enn dei har i England. I England har Timmy noko å lære; "he's a little lamb with a lot to learn" - medan i Noreg har han fått sitt eige tv-program. Snakk om ulikt fokus! Kva tyder det? At i Noreg får sauar tv-program, utan at dei treng særleg lærdom før det? Er det sauane i Chess-reklama som har skulda for det? Er norske sauar så sheep (les: cheap) at dei sel seg sjølv for ein slikk og ingenting, utan at nokon står på krava? Kva er så det neste? Nakne sauar på Paradise Hotel? Å, nei, vent - vi har det no alt. Bææ. Dei ser berre UT som menneske. Slik er det.

For vidare informasjon om sauen Timmy og serien, gå hit og/eller til serien si hovudside.

post signature

fredag 1. april 2011

Elektrisk

Eit lite ord, eit lite blikk
gir meining
til konteksten vi befinn oss i.
Vi rødmar og
famlar
etter strå å gripe tak i.
Skjelvande,
vaklande,
elektrisk
er lufta
og kroppane.
Likevel
ein vegg imellom
vi ikkje klarer å bryte.


post signature

Tusenvis rammes av ny sikkerhetssone i Bergen

Tusenvis rammes av ny sikkerhetssone i Bergen | TV 2 Nyhetene

Ja, for det er sannsynleg at vi, eller naboane, søker om garasje/tilleggsbygg eller veranda fordi vi har skumle føremål som å skjule terrorgrupper eller bygge bomber! Eg håper mange møter på folkemøtet mandag 4. april kl. 19.30 i Kultursalen på Vestkanten, sjølv om ein kanskje bur litt utanfor grensa som er satt - enda. For oss blir det midt i den daglege krigssona med legging av tre barn; ei som heng fast i puppen, ein som ofte ligg brølande på golvet i trass og fortvilelse - og ei som håper på merksemd og litt lesing før natta startar. Som så mange gongar før: synd ein ikkje kan zappe seg sjølv hit og dit på få sekund; er mangt ein skulle rukke over då.

post signature

torsdag 31. mars 2011

Helgetur til Geilo

25.-27. mars var det duka for årleg Geilotur med Webstep, konsulentfirmaet Ricki jobbar i. Vetle vart passa av tante Nina og Besse, medan vi andre køyrde avgårde fredag ettermiddag. Veret var strålande oppover, sjølv om enkelte vegstrekningar var grusame å køyre. Strekninga Aurland - Hol var rett og slett skummel, og eg er glad eg sat bak rattet og dermed lengst vekk frå fjellkanten. Her hadde eg aldri i livet gått på to bein, då hadde eg garantert mista balansen, ramla utfor og døydd. Eg ser det føre meg, der eg humpar og dumpar som ein teikneseriefigur nedover fjellskråninga. Men vi kom fram!


Hotellet vi budde på heiter Ustedalen hotell. Dette er hotellet Webstep plar booke når konsulentar med felle reiser oppover. Med 159 påmeldte gjestar, trengs det eit hotell som har god plass og ok service. Hotellet er ok, sjølv om roma var vel ikkje akkurat i topp standard eller oppussa det siste tiåret eller to. Ida vart mest glad for at der var symjebasseng og leikerom, og kosa seg stort i lag med andre barn på hennar alder. Barnedrink var ein populær sak på kvelden!

Vi kom fram ganske seint på fredagskvelden, så det vart litt mat i magen i lag med resten av Wepstep, før vi tok natt og lada opp til laurdagen. Elise og eg var forkjøla, så vi dro ikkje opp i skitrekket på Kikut som resten av gjengen. Vi kosa oss ei lita stund inne på hotellromet, før vi dro opp i trekket for å ete grillmat i lag med dei andre.


Ida hadde eigen skitrenar som lærte ho basisen på slalom; dessverre hadde ho ein skade på eine leggen etter ei handballtrening, så det gjorde litt vondt å ploge. Til slutt fann ho motivasjonen i ei venninne som var litt meir erfaren og gløymte smertene litt - det var visst gøy med slalom og utfor! Ho var flink og sto heile vegen ned, igjen og igjen. Det freista til gjentaking!



Laurdagen var aktiv for Ida og Ricki. Først ski på Kikut, deretter bar det heim og rett i symjehallen. Eg mista stemma, og klarte knapt presse noko ut - det var ikkje lett å kviskre under samtalar når det var hundrevis av menneske i romet. Så eg smilte, gestikulerte litt - og såg vel sånn passe dum ut. Etter ein fullpakka dag og sein middag på kvelden var Ida ein smule overtrøtt (...), og vi jentene la oss til lading for heimreise søndag.

Søndagen såg veret ok ut på Geilo, men det var stengde vegar og kolonnekøyring alle strekningane tilbake til Bergen. Vi valte å køyre over Hemsedal. Vi brukte nærmast 10 timar heim frå Geilo, og sto over 2,5 timar i kø på Hemsedalfjellet! Sikta var rimelig ille til tider, så eg er veldig glad for kolonnekøyring, enda det tok ekstra tid. Neste år tek vi toget, tenker eg.




post signature

tirsdag 22. februar 2011

2011 - Tjue Elleve

2011 - Tjue Elleve, eller To tusen og elleve, er godt i gang. Vi har nådd mars, og våren er her - endeleg! Dei første snøklokkene er observert, og nokre småfuglar kvitrar på fuglars vis - no manglar berre det milde veret før ein kan ta på seg bomullsjakker og småsko på dagar med fint ver! Hurra - eg gler meg!

Etter at kakemenn vart bakt i desember, Tjue Ti, eller To tusen og ti, har det skjedd ein del. Oppsummert i bilder:

 Vi feira jul hos oss i år - maten, selskapet og stemninga var god!

Ida fekk m.a. ny gensar, nytt sjal og ipod 
- ei svært nøgd jente med andre ord.

 Bestefar Tony kom frå England til Noreg for å feire jul hos oss.
Her er han med Vetle og fetteren, Martin.

31. desember: Ida har gått nyttårsbukk, og kosar seg 
med fortenesten etter litt song og mange smil.

31. desember: Veslebror er heldig og får smake 
litt av storesøsters bukkefangst.

14. januar: Vetle blir innlagt på barneklinikken med dobbelsidig lungebetennelse.
Han var i svært dårleg form, så dei første dagane låg han slik 
- med lav oksygenmetning, og ein altfor rask pustefrekvens.

 Etter nokre dagar på barneklinikken med oksygenmaske og hyppige inhalasjonar 
med adrenalin, steig forma og han kosa seg på leiketerapien på BKB. 
Her var det godt å sjå at han hadde energi til leik att! Han vart utskrive etter 8 døgn.

9. februar 2011 - siste dag med gravidmage? Riene har starta!

 Elise vart født 10. februar på KK Storken i Bergen.
Frå 3 til 10 cm opning gjekk det 1,5 time! 
Mål: 3980 gram, 56 cm lang og 35 cm rundt hovud.

 11. februar: Ein sånn våken, liten baby!
Vi er på Storken til 12. februar. Same dag kjem mamma flygande til
Bergen på besøk og er her nokre dagar - kjempekos, og super hjelp!

 14. februar: Vetle vart innlagt på nytt på barneklinikken,
2 dagar etter Elise og eg kom heim frå kvinneklinikken. 
Denne gongen var diagnosen bronkiolitt, og behandlingsforma
var oksygen og inhalasjonar som sist. Han låg inne i 4 døgn.

 23. februar: Elise blir innlagt på barneklinikken med RS-virus. 
Ho har ein puls på 200, og ein pustefrekvens på 80-90 i minuttet
når vi kjem inn. Tenk at legen ville gi oss hostesaft og nasedråpar
- medan mor sjølv ba om henvisning og innlegging på barneklinikken!
Vi er innlagt i nøyaktig ei veke, med oksygendamp og hyppige 
inhalasjonar - og på isolat saman med fem, opptil seks, andre spebarn 
og foreldre. Situasjonen på barneklinikken er ekstrem og blir kritisert 
av mine romkameratar i denne artikkelen frå BT.

 Dagen etter Elise og eg er utskrivne frå barneklinikken, 
kjem Stian, Connie og Matheo på besøk til Bergen. Kjempekoselig! 
Her er Elise, Ida, Vetle og Matheo.

 Stolt storesøster!

 Stolt storebror!

 
12. mars 2011: 'miiiiil!
Vetle er 2 år - hurra!



post signature

onsdag 8. desember 2010

Kakemenn

I mangel av penn og papir, tar eg det som nærast er: laptop'en! Det er baketid, og i kveld tenkte eg å lage julemanndeigen (=kakemenn i Bergen). Vetle er sjuk for tida, så vi må ha noko å fylle dagane med. Oppskrifta eg har brukt tidlegare kjem frå tante Martha til mamma, men dei to siste gongane eg lagde desse, så vart dei så skrukkete - og smakte hornsalt. Så eg prøver ei ny eg fann på nett. Er ikkje denne heller god, så må eg ut med etterlysning, for julemenn MÅ vi ha til jul.

Bildet er tatt frå dinmat.no

Julemenn

250 g sukker og
75 g smør - røres hvitt
25 g hjortetakk
600 g hvetemel
1/4 l melk
Elt alt sammen.

La deigen stå i kjøleskapet over natta. Dekk til med plast.
Stekes ved 180 grader i 10-12 minutter.
Oppbevares i kakebokser.



Pepperkakene er i boks, og ungane storkoste seg med å kjevle, smake deig og bake pepperkaker i ulike former:

Vi kosar oss med baking og advent!


post signature

fredag 3. desember 2010

Det kjem ein baby om 8 veker!

Det byrjar så smått å gå opp for meg at det ikkje er lenge att til babyen kjem. Tidlegare har eg vore klar over dette i lang, lang, laaang tid - og utstyrsliste er blitt skrive tidleg. Denne gongen har vi (les: eg) tatt det med ro - det er jo jul først, ikkje sant? Og så er det jo ein månad ... ein månad!? att før termin. Tenk om denne skulle kome før tida! Skrekk og gru, eg må byrje å lage lister før jul!

Men kva har vi? Kva manglar vi? Kva ønsker vi (les: eg)? Jau, det har eg funne ut av i dag. Ikkje kva vi har eller treng, altså, men kva vi ønsker. Og når ein har god tid til å lage lister, så gjer ein seg ekstra flid med dei.


Bilen står sterkt på ønskelista, forøvrig. Og for dei som skulle ønske å gi Vetle ei gåve, så treng han ny seng (Kritter frå Ikea, kanskje?) og nytt bilsete (Britax, kanskje?). Ida ønsker seg aller helst kjæledyr og klede. Og om vi skal gå inn på dei øvrige familiemedlemmane som er meir tilbakehaldne med ønsker, så kan det nemnast barnevakt i ny og ne ...!

post signature

onsdag 1. desember 2010

1. desember

No er han er, 1. desember - ikledd eit frostlag på bakken. Ingen snø, men vinterkjensla er her, utan tvil. Ute er det -10 grader, noko som er sjeldan vare i Bergen. Inne er det fyr i peisen og tente stearinlys. Ekte adventskos. Barne-tv sendte "Jul på Månetoppen" som adventskalendar i kveld, eg hugsar det frå 2005 då det vart sendt - og Ida og eg fulgte spent med kvar kveld. Enda mange syns "Jul i Skomakargata" må kome tilbake på tv (meg sjølv inkludert), så er det også kos med blånissar som er ute i den blå timen, og raudnissar som nissar strekar rundt om på garden.


Bakinga kan gjerne kome ordentleg igong no som 1. desember er passert, hittil har vi baka serinakaker - og fått krumkaker av mamma, etter ei koseleg, men hektisk langhelg på Sunnmøre. Pepperkakene er førebels frå Sætre, men blir heimelaga seinare i veka. Og så har Ida vore så heldig og fått to norgesglas som vi skal pynte og lage godtekrukker av. Om Ida får viljen sin, så blir det kanskje litt fleire juleaktivitetar på stovebordet også. Vi håper mammaen har energi. Uansett, vi gler oss til jul!

post signature

søndag 21. november 2010

Julebaksten

Eg trudde eg skulle klare å halde meg til desember med juleførebuing som kakebaking, Lerums julebrus og Sætres pepperkaker - men den gong ei. Éi firpakning av Lerums julebrus har gått ned, ei halv boks med Sætres pepperkaker er forsvunne - og kakebakinga er under planlegging. Clementinar er ete av i fleng, men så er det jo sunt og altfor godt til å vente ut i desember med å smake på. Når det gjeld kakebaksten, så kan den forsvarast med at det er 1. søndag i advent i november, om nøyaktig ei veke. Og tradisjonen heimanfrå, er at ein har eit fat med småkaker kvar søndag i advent, samstundes som adventslysa blir tent. Derfor, kva sortar skal eg bake i år? Blir det sju? Eg har leita litt rundt på Tine.no for inspirasjon, og har kome fram til desse sortane:

Serinakaker
Pepperkaker
Julemenn/kakemenn
Brune pinner
Berlinerkranser
Konfektkjeks

Altså manglar eg éin sort! Det er for gale. Om eg først bakar seks sortar, kan eg jo likegjerne bake sju. Då er det å finne ut kva sort kake eg kan bake som ikkje krevjer spesialjern eller kjøkkenmaskin, men aller helst berre nevane og evt. utstikkarformer. Eventuelt avlegge mamma eit besøk og håpe på ei kakeboks krumkaker.

post signature

lørdag 20. november 2010

Nydeligast babybuksa

Er ikkje dette den nydeligaste selebuksa? Fell heilt for denne på frå Lille Lam på Barnas Hus, og ønsker den veldig, veldig til babyjenta vår! Kanskje dette blir hentesettet (for her er det sikkert at det ikkje blir strikka)?


♥ ♥ ♥ ♥ ♥

post signature

torsdag 18. november 2010

Eit minne frå sommaren

Ettersom vi no er gått over i vinter, og dei fleste kryp er gått i dvale eller frosse ihjel, syns eg vi kan minne sommaren litt.


Denne karen hang, nesten i lause himmelen, mellom to stolpar ein dag vi var på tur frå Fløyen til Svartediket. Ganske fin, syns eg faktisk. Eg innrømmer at eg er litt småbegeistra for kryp - når dei er ute i naturen. Ikkje vil eg ha dei på meg, ikkje vil eg ha dei inne. På jobb er eg vel ein av få som går på edderkoppjakt og sneglejakt i lag med borna. Litt synd eigentleg, for dei elskar det! Iblant får vi servert sneglemos av litt vel ivrige born, det er ikkje fullt like kos, men at dei utforskar og ikkje blir skremd av slike naturlege vesen - det syns eg er topp! Ida var den jenta som alltid kom med hendene fulle av sneglar, makkar - og kunne fange både edderkoppar og bier oppi glas. No hviner ho som ein fjortiss om det traskar ein edderkopp på terassen. Heldigvis har vi Vetle som då set seg på huk, kikar på krypet - og prøver forgjeves å fange det. Sannsynlegvis er han ikkje ein som byrjar hvine om nokre år. Frykta mi der går vel heller at dei havnar inne, i ein skuff på rommet, i ei bukselomme - eller til eit eller anna prosjekt som vedrører meg inne i huset.

Uansett. Dette var mest ein test for å sjå om signaturen min virka. Og det gjer han! Tusen takk til snille Ingrid som hjalp meg med det. No må eg berre finne ut korleis eg unngår ramme rundt. Truleg får bloggen endringar igjen og igjen og igjen til eg er fødeklar. Kanskje blir eg nøgd til slutt?

post signature

onsdag 17. november 2010

Kva skal vi ha til middag i dag?

Enda ein gong dukka spørsmålet opp: kva skal vi ha til middag i dag? Etterfulgt av pasta, ris eller poteter som tilbehør? Det er nemlig dét som er avgjerande blant barna våre for tida, føler eg. Ida et ikkje poteter, Vetle liker ikkje ris - eller pasta. Ricki og eg er altetande, heldigvis, så om eg planlegger måltidet nøye, så fins der jo alltid noko alle et, om ein så unngår litt av tilbehøret.

I kveld hugsa eg derimot på at eg har jo ei middagsliste eller to liggande på pc'en! Kor genial kan eg vere? Temmelig, nemmelig. Og tvert imot hemmelig:


Viss du har lyst til å lese middagslista, klikkar du ganske enkelt på biletet - og vips! så blir den større.