Enda ein gong dukka spørsmålet opp: kva skal vi ha til middag i dag? Etterfulgt av pasta, ris eller poteter som tilbehør? Det er nemlig dét som er avgjerande blant barna våre for tida, føler eg. Ida et ikkje poteter, Vetle liker ikkje ris - eller pasta. Ricki og eg er altetande, heldigvis, så om eg planlegger måltidet nøye, så fins der jo alltid noko alle et, om ein så unngår litt av tilbehøret.
I kveld hugsa eg derimot på at eg har jo ei middagsliste eller to liggande på pc'en! Kor genial kan eg vere? Temmelig, nemmelig. Og tvert imot hemmelig:

Viss du har lyst til å
lese middagslista, klikkar du ganske enkelt på biletet - og vips! så blir den større.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar