onsdag 1. desember 2010

1. desember

No er han er, 1. desember - ikledd eit frostlag på bakken. Ingen snø, men vinterkjensla er her, utan tvil. Ute er det -10 grader, noko som er sjeldan vare i Bergen. Inne er det fyr i peisen og tente stearinlys. Ekte adventskos. Barne-tv sendte "Jul på Månetoppen" som adventskalendar i kveld, eg hugsar det frå 2005 då det vart sendt - og Ida og eg fulgte spent med kvar kveld. Enda mange syns "Jul i Skomakargata" må kome tilbake på tv (meg sjølv inkludert), så er det også kos med blånissar som er ute i den blå timen, og raudnissar som nissar strekar rundt om på garden.


Bakinga kan gjerne kome ordentleg igong no som 1. desember er passert, hittil har vi baka serinakaker - og fått krumkaker av mamma, etter ei koseleg, men hektisk langhelg på Sunnmøre. Pepperkakene er førebels frå Sætre, men blir heimelaga seinare i veka. Og så har Ida vore så heldig og fått to norgesglas som vi skal pynte og lage godtekrukker av. Om Ida får viljen sin, så blir det kanskje litt fleire juleaktivitetar på stovebordet også. Vi håper mammaen har energi. Uansett, vi gler oss til jul!

post signature

2 kommentarer:

Mie fra Mies Mirakler sa...

Så vakre bilder :) God stemning! Vi må få avtalt overlevering av "det du vet" hihi. Morsomt med julehemmeligheter :D Klem fra meg

Cecilie sa...

Hihi. Ja, du må få julehemmeligheita di før jul. Gjerne snart, treng plassen fort nok. ;)