Denne karen hang, nesten i lause himmelen, mellom to stolpar ein dag vi var på tur frå Fløyen til Svartediket. Ganske fin, syns eg faktisk. Eg innrømmer at eg er litt småbegeistra for kryp - når dei er ute i naturen. Ikkje vil eg ha dei på meg, ikkje vil eg ha dei inne. På jobb er eg vel ein av få som går på edderkoppjakt og sneglejakt i lag med borna. Litt synd eigentleg, for dei elskar det! Iblant får vi servert sneglemos av litt vel ivrige born, det er ikkje fullt like kos, men at dei utforskar og ikkje blir skremd av slike naturlege vesen - det syns eg er topp! Ida var den jenta som alltid kom med hendene fulle av sneglar, makkar - og kunne fange både edderkoppar og bier oppi glas. No hviner ho som ein fjortiss om det traskar ein edderkopp på terassen. Heldigvis har vi Vetle som då set seg på huk, kikar på krypet - og prøver forgjeves å fange det. Sannsynlegvis er han ikkje ein som byrjar hvine om nokre år. Frykta mi der går vel heller at dei havnar inne, i ein skuff på rommet, i ei bukselomme - eller til eit eller anna prosjekt som vedrører meg inne i huset.
Uansett. Dette var mest ein test for å sjå om signaturen min virka. Og det gjer han! Tusen takk til snille Ingrid som hjalp meg med det. No må eg berre finne ut korleis eg unngår ramme rundt. Truleg får bloggen endringar igjen og igjen og igjen til eg er fødeklar. Kanskje blir eg nøgd til slutt?

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar