fredag 1. april 2011

Tusenvis rammes av ny sikkerhetssone i Bergen

Tusenvis rammes av ny sikkerhetssone i Bergen | TV 2 Nyhetene

Ja, for det er sannsynleg at vi, eller naboane, søker om garasje/tilleggsbygg eller veranda fordi vi har skumle føremål som å skjule terrorgrupper eller bygge bomber! Eg håper mange møter på folkemøtet mandag 4. april kl. 19.30 i Kultursalen på Vestkanten, sjølv om ein kanskje bur litt utanfor grensa som er satt - enda. For oss blir det midt i den daglege krigssona med legging av tre barn; ei som heng fast i puppen, ein som ofte ligg brølande på golvet i trass og fortvilelse - og ei som håper på merksemd og litt lesing før natta startar. Som så mange gongar før: synd ein ikkje kan zappe seg sjølv hit og dit på få sekund; er mangt ein skulle rukke over då.

post signature

2 kommentarer:

Ingrid - Misje lys og Misje varme sa...

Svarar her eg, sjølv om det ikkje har noko med innlegget å gjere!
Takk for gratulasjon og fine ord, det gjer godt : )
Buksa er frå boka Strikk til nøstebarn, og er ikkje så vanskeleg å strikke om ein har strikka litt meir ein grytelappar : )
Håpar dagane er gode!!

Cecilie sa...

Ok, takk! Då skal eg sjå om eg kan få lånt/kjøpt boka, og bestilt strikkebukse til Elise - med jente-knappar i. :) Skulle så gjerne lært å strikke sjølv, må snart gjere eit forsøk på drops.no - dei har visst grundige (?) steg for korleis ein skal gå fram. Så er det berre å få omgjort teori til praksis, og håpe at eg brått er blitt handarbeidsdugande. :p