onsdag 12. desember 2007

Bloggen? Ja, MEN ...

Kva skjer med bloggen din, då? sa ho.
Den er no der, svarte eg.
Ja, men den er lite oppdatert, sa ho.
Ja, men ... svarte eg - og dro lenge på siste ordet.

Eg ser - og eg veit godt - at bloggen er lite oppdatert. Og dei MEN som kan listast opp, er samstundes ei oppdatering på kva som skjer rundt meg for tida:

- MEN eg hadde eksamenar
- MEN eg måtte pakke. Og vaske ned. Og flytte.
- MEN eg hadde ingen møblar. Og ikkje eingong internett!
- MEN eg måtte kjøpe møblar.
- MEN eg byrja i ny jobb.
- MEN eg jobbar! Morgon, førmiddag, ettermiddag og kveld!
- MEN eg er aleinemor. På ein måte.

Det var dei heller betre argumenta. Dei litt verre, som kanskje mest er årsaka til at bloggen er så lite oppdatert, er vel heller:

- MEN det gjekk noko eg ville sjå på TV.
- MEN eg måtte dusje.
- MEN eg måtte RYDDE.
- Men telefonen ringte.
- MEN ... eh ... altså ...

Og takk til Marie, som ved å gje meg ei fin lenke til hennar nye blog, minte meg på at eg òg har eit slikt skriblehjørne på nett. Kanskje, om eg får tid (de ser jo over at eg har svært lite av det), så blir bloggen oppdatert oftare enn kvart halvår.

(Jepp - eg sa kanskje.)

lørdag 26. mai 2007

Kom mai du skjønne milde


Endeleg er våren her, og i det grøne utanfor vindauget mitt ser eg hav med engkarse, kvitveis og løvetann. Aldri før har graset vore så gult av løvetann - mai er skjønn. Det er siste månaden på skulen; om berre 9 dagar er eg ferdig utdanna førskulelærar. Det er rart å tenkje på at eg ikkje skal studere noko meir (kanskje blir det eit fag eller to dersom eg har tid og råd, det må då gå an?), og på at vi i slutten av juni skal flytte frå kjære Volda og heile nettverket vi har bygga oss her. Det er spennande med ny leiligheit, ny barnehage og forhåpentligvis snart ny jobb - men det er faktisk også ganske skremmande. Heldivis har fleire lova å kome på besøk - ho kjæraste Silje har alt planlagd når - og eg kjem nok til å ta nokre turar opp att med mindre bergensfanten tek meg. I tida framover blir det eksamenslesing (av ein eller annan grunn er eg usannsynleg roleg før eksamenane no, til trass for at eg har lest mindre enn noko sinne .. kanskje er det rett og slett motivasjonen som manglar?), det blir pakking av flyttelass, fleire avskjeds-/avslutningsfestar, nedvask av leiligheit - og forhåpentligvis god tid til leik og samtale med dei fleste her oppe.

fredag 2. februar 2007

Snakkar some people betre in English?

Kva er det med engelsken? Eg sat og snoka på nettet i går, og kom over fleire sider der tenåringar har skrive dikt på engelsk, dei skriv uttrykk som "Yo, 'zup!" eller dei brukar engelske nick som Sweetiepie, Cupcake, Sexyboy, Mr. Niceman osb. Seier det verkeleg meir enn norske ord? Kva i all verda er gale med å hyle "Ja, suppe!" eller kalle seg for LekreLaura, Blautkake eller HerrHyggeleg?

Eg ser ikkje noko gale i det.
- LongeLaura.

mandag 29. januar 2007

Dei små tinga

No held vi på med feltarbeid, og eit av spørsmåla vi stiller til pedagogiske leiarar, er: kva er viktig at dei vaksne bestemmer, og kva kan ikkje barna bestemme?
Ida vil gjerne bestemme at ho ikkje skal vaske hender. Eg er så klart ikkje samd, og argumenterer alt eg kan kvifor ho skal og må gjere det. Dette nyttar ikkje. Eg forsøker deretter med belønningsmetoda. "Viss du vaskar hender, så skal du få gå opp til S." Dette nyttar heller ikkje. "Viss du IKKJE vaskar hender, så bakar eg ikkje kake til bursdagen min i morgon likevel." Yeah, right. Eg endar opp med å drage ho ut på badet, tenke at no gjer eg noko eg absolutt ikkje skal (men veit ikkje kva anna eg kan gjere), vaskar hendene hennar med tvang og får ein skrikande unge som er sint på meg (sjølvsagt, det ville eg og vore). Etterpå angrar eg, og sit att med spørsmålet:

Kva gjer ein når barn ikkje vil vaske hender etter eit dobesøk?

Såklart vart vi vener att, men det tok litt tid. Frå no av skal min dag bestå av å motivere. Motivere, motivere, mo ti ve re! Kanskje det kan hjelpe.

mandag 22. januar 2007

Avgjersle

Då har eg bestemt meg for å henge skrivande her likevel. Og ute snør det. "Det snør så mye mer enn før, tidelibom og huttemegtu!" Såpass har det snødd, at Snømannen Kalle verken kan sjå eller ete, men berre såvidt lukte litt på snøen.

Er eg daud?

Nei.

Men som sagt tidlegare, leitar eg etter ein annan stad å henge. Ikkje etter halsen eller opp ned, men skrivande. Ein ny stad å henge skrivande. Gir det meining? Eg er ganske forvirra etter eg trudde jordskjelvet i går var innbilning og min vanlege paranoia.

Går det an å lage lister her?