mandag 13. desember 2004

Luciadagen

I dag er det Luciadagen. Sankt Lucia er kjend som lysberaren, og var ei kristen jente som gav mat og lys til forfulgte kristne i Roma tidleg på 300-talet.
I barnehagen til Ida var det Luciafest med foreldre, barn og ansatte på kvar avdeling, og KNAS-klubben (5-åringane) gjekk Luciatog. Vi fekk lussebollar, pepparkaker, gløgg, kaffe og saft. Ida tykte pepparkakene var best.


Biletet er teke frå denne sida

Svart senker natten seg
i stall og stuer
Solen har gått sin vei,
skyggene truer.
Inn i vårt mørke hus
stiger med tente lys
Sankta Lucia, Sankta Lucia

Natten er mørk og stum.
Med ett det suser
i alle tyste rom
som vinger bruser.
Se på vår terskel står
hvitkledd med lys i hår
Sankta Lucia, Sankta Lucia.

Oppskrift på lussekattar finn du forresten her

torsdag 9. desember 2004

Eg har krympa!

Eg er kvitt 3.1 kg og 10.1 cm.
Hurra, hurra! Hurra, hurra!

mandag 6. desember 2004

Julekakebaking

Søndag baka Besta og Ida julemenn, og det var gøy! Ida fekk si eiga kjevle, og dunka deigen nesten heilt flat, før ho spiste han opp. Det falt ikkje heilt i smak, men å bake - det var iallfall stas! Det er vel ikkje lenge før eg no må bake kvar kveld, etter vi har teke oppvasken i lag ...










onsdag 24. november 2004

Grete Roede-kurs

I dag byrjar eg på Grete Roede-kurs! Det er mange kilo som skal av, så det er godt å starte! I dag var planen å trille Ida til barnehagen, så gå på skulen, gå heim og vaske og til slutt gå - eller køyre - og hente Ida. Men når eg såg ut og det regna og var glattis ... då tok eg likevel bilen. Eg skal PRØVE å gå opp og ned trappene i blokka eit par gongar istaden, og så får vi sjå kor motivasjonen er til ta nokre øvelsar i kveld.

Det snør

Det snør i Volda, og det er ikkje få fnugg som fell frå himmelen. Eg sakna snøen då vi budde i Athen (vi hadde faktisk ein dag med ein god del snø; samtlege naboar var ute og kasta snøball og laga snømann!), og eg tykkjer ikkje det er vinter utan den. Men å stå ute og måke og skrape bil i ein tjue minutt før ein kan kome seg inn i bilen, er ikkje fullt like artig. Garasje hadde vore kjekt å hatt ... Ricki får berre skunde seg tilbake til Noreg, så vi kan ETABLERE oss med GARASJE!

torsdag 18. november 2004

Ida tek oppvasken

Det kjekkaste Ida veit for tida, er å ta oppvasken. Mykje vatn og mykje søl; kan ein finne noko meir gøy enn det?





søndag 14. november 2004

Regn

Regn er noko er sakna ofte i Athen. Når det først regna der, vart lufta så frisk og gatene (nesten) reine. Her eg sit no, skulle eg aldri tru at ein kunne få for mykje sol. Og at eg sakna haust, kulde og regn? Eit snev av galskap, trur eg det kallast. I Volda regnar, sluddar eller snør det for tida.


Grått og vått på fergekaia.


Eg sat forresten tørr og trygg i bilen.

lørdag 13. november 2004

I live?

Ja. Døgnet har krympa, har eg funne ut. Eg burde sove, men driv og leitar etter ein betre blog-stad, der eg kan poste bilete på ein enklare måte. Kanskje kan eg leggje blogen på mitt heimeområde òg?

www...svuuuusj!

Fruktskåla mi

Fruktskåla mi stod modell her om dagen, og resultatet vart dette biletet:


Frukt

fredag 6. august 2004

Tilbake i Noreg

Det er ei god stund sidan eg oppdaterte bloggen no, men altså: vi er tilbake i Noreg! Ricki, Ida og eg dro til Bergen 30. juni, og der var vi til 5. juli. Då reiste Ricki tilbake til Athen, medan Ida og eg dro vidare på ferie til Sunnmøre. I Bergen helste vi på svigerfamilien min, og var i bryllupet til Terje og Silje 3. juli.


Søskenbarna Martin og Ida.


Brudeparet Terje og Silje.

Det var godt å kome heim til ho mor på Sunnmøre, og Ida liker seg her. Det er mø'ar og bæ'ar og pip'ar fleire stadar, og dei er svære å sjå på. Frisk luft, lite støy, flott natur, familie og vener - det er godt å vere heime!


Dagros?

Som dei fleste veit, så har eg derfor bestemt meg for at vi ikkje reiser tilbake til Athen. Ricki, stakar, må dessverre vere att og gjere seg ferdig med Darkfall, men vi håper det ikkje dryg for lenge før alt er klart og han kan kome heim til oss. I midten august, dvs. no snart, byrjar eg på førskulelærarutdanninga i Volda, og Ida byrjar i barnehagen! Alt har vorte ordna på ei vekes tid, og til og med bil (den gamle skranglekassa til pappa), har eg fiksa meg. Leilegheit er det einaste som ikkje er i boks, og det ser ut til at det kan ta litt tid å skaffe. Eg tvilar ikkje på at halve Volda består av studentar, og at det då er vanskeleg å skaffe bustad, er noko som seier seg sjølv. Mellombels pendlar vi mellom Ulstein og Volda. Ein time morgon, ein time ettermiddag. Får virkeleg håpe det ikkje varer lenge ...

torsdag 10. juni 2004

Kreta

Laurdag 5. til mandag 7. juni, var Ricki, Ida og eg på Kreta saman med Peter, Tone, Sophie (4) og Lucas (3 mnd.). Turen var ganske impulsiv, så først fredag førmiddag var det bestemt at vi skulle reise. Heile den dagen gjekk i eitt med rydding, vasking av kle, pakking og ein god dose stress! Flyet vårt gjekk kl. 5.50, og etter ei kort natt utan særlig søvn på nokon av oss, dro vi til Agia Marina ved Chaniakysten på Kreta. Flyturen tok 30 minutt og gjekk kjempebra. Etter å ha landa på Kreta, tok vi drosje inn til Chania og fekk oss litt frukost, før vi ringte Peter, som inviterte oss over til hotellet deira (Alexandra Beach Hotel). Vi tok drosje dit, og møtte Peter i frukostsalongen ute. Sidan vi ikkje fekk hotellrom før 12-13, så vart vi der ei stund. Eg vart temmelig dårlig pga. søvnmangel etterkvart, og vi gjorde ikkje anna enn å slappe av på hotellet deira fram til vi fekk skrive oss inn på vårt hotell (Hotel Amalthia). Hotellet vårt var ok. Roma var temmeleg 80-tals og ikkje særleg fine, men uteområdet var fint og ganske gresk med kvit mur, mykje planter og blomar, palmer, basseng, taverna/pub og stranda rett nedanfor. Hotellet til Peter og Tone var kjempeflott i forhold, men eg synes det var like bra å bo på Amalthia, sidan det var meir typisk gresk.


Hotel Amalthia


Taverna Amalthia

Etter å ha skrive oss inn, slappa vi av litt, gav Ida mat og sovna alle tre - i to timar. Deretter stelte vi oss, og dro på taverna saman med dei andre. Vi kjørte gresk stil på maten (med standard tzatziki, gresk salat, grilla squash, greske pølser og grilla lam) for å gje Peter og Tone ein litt gresk kveld. Det var kjempekoseleg, og vi gjekk strandvegen heim i 23-tida, temmeleg slitne.


På taverna Kri Kri. Frå venstre: Tone med Lucas, Sophie, Peter, (Ida) og eg.

Søndag sto vi opp 8, og fekk frukost på hotellet. Etterpå gjekk vi ein liten tur ned på stranda, og tok 4 solsenger ved bassenget - og inviterte Peter og co. over til oss (det var eit problem med å finne ledige solsenger på deira hotell; mange av gjestane der sto opp midt på natta for å legge ned handkle på solsengene for å tinge ledig plass!). Dagen gjekk med til soling, bading og lunsj på Taverna Amalthia, før vi stelte oss og dro på ein taverna oppe i høgden 10 minutt unna med drosje.


Ida likte seg godt i bassenget!

Vi hadde bestemt oss på førehand kvar vi skulle dra: på den tavernaen som låg høgast over bakken og gav oss best utsikt! Når vi kom dit, viste det seg at det ikkje var mogleg å kome seg opp der med vogner, så vi bestemte oss for ein litt meir barnevenleg taverna som også hadde utsikt og venleg betjening. Peter og Ricki åt fisk, Tone fekk lam og eg bestilte moussaka. Ida fekk greske kjøttbollar (som forøvrig er favoritten) og litt crepe (pannekaker) av Sophie. Vi kosa oss skikkeleg, men dro heim litt tidleg pga. sterk og kjølig vind. På vegen ut, byrja betjeninga og krangle - og då vi var komen ned i gata, såg vi eigaren rope og skrike mot gjestane sine "Go!" medan han halte dei ut av tavernaen. Ifølge Ricki, som måtte opp og hente ein attgløymt gjenstand, så var ein av gjestane (skandinavisk) kranglevoren fordi han ikkje fekk vite kva som stod på kvitteringa (alt var på gresk, og tydeligvis ikkje til den prisen han forventa). Dette endte opp i krangling mellom servitøren og sjefen, og meir veit vi ikkje. Ifølge Tasos på jobben til Ricki, er Kretafolket ganske galne folk, og ein skal helst ikkje blande seg opp i businessen deira. Så glad er vi for at vi stakk. Vi tok drosje til Peter og co. sitt hotell, tok eit par øl der (Ida sov i vogna) og dro til hotellet vårt (kun 200 meter unna).


Taverna oppe i høgden. Fra venstre: Tone, (Sophie), Peter, Ricki (og Ida i babystolen)


Utsikt frå tavernaen


Utsikt frå tavernaen

Mandag åt vi frukost på vårt hotell igjen, pakka sakene våre på hotellromet og slappa litt av før vi dro over til dei andre og åt lunsj. Slappa av heile denne dagen. Både Ricki og eg var solbrent, så vi haldt oss mest i skyggen. Vi var veldig freista til å miste flyet, men fann ut at vi ikkje hadde råd eller tid (vel, Ricki hadde ikkje tid), så kl. 18 dro vi til flyplassen og susa heim til betongkledde Athen.


Ida et lunsj med furteleppe og vil ikkje tilbake til Athen

Alt i alt var det ein flott tur, og vi har lyst tilbake! Vi håper å få tid og råd til å reise ei veke til hausten, men det må vi sjå an seinare i sommar. Om Ricki reiser til Bergen i august, så får han ikkje meir fri, så da må det evt. bli ei langhelg. Og uansett blir det nok ikkje så langt vekke som Kreta neste gang; vi satsar på øy, båt og eit par timars reisetid.

mandag 31. mai 2004

Lønning

Lønningsdagen er blitt som barndommens laurdag med laurdagssnop; når lønna er inne på konto, er det rett på butikken ... hurra!

onsdag 26. mai 2004

Kenyansk lunsj

I dag var Nina, Hege, Ida og eg hos Faiza og Saffra på lunsj, der vi fekk servert ein kenyansk kylling- og risrett. Kjempegod mat, og veldig hyggeleg lunsj. Ida var ganske fascinert av Saffra og rommet hennar (så mange leiker og fargar!), og Saffra var som fireåringar flest: snakksalig, aktiv og interessert i baby Ida. Ho var elles overbevist om at Ida kom til å snakke "like a people" før dagen var omme.


Saffra med Ida Marie på fanget

mandag 24. mai 2004

Kjøkkenskuffa

I kjøkkenskuffa er det mykje spanande! Ida elskar å pirke på alt som ikkje er leiker, og når mamma står på kjøkkenet, får ho kike seg litt rundt i skapa. Her har ho funne "roteskuffa" vår med pakkemat. Legg merke til Toro-posane frå Noreg!


Dette var gøy!

søndag 23. mai 2004

Strawberry Daiquiry

Strawberry daiquiry skal det ikkje drikkast meir enn to av i slengen, trur eg. I går var vi fem jenter samla hos Hege, og drakk Strawberry daiquiry. Eg fann ut at drinkar framleis ikkje er noko for meg ... Men koseleg, det var det! Ricki og Ida fekk vere litt heime åleine, og det gjekk greit. Så dette skal gjentakast - men med øl neste gong for min del!


Fra venstre: Nina, meg, Katharina og Angelika. Hege var fotograf.

tirsdag 18. mai 2004

Tilbake

No er det på tide å ta tastane fram att, for her har eg ikkje akkurat vore aktiv. Ting har sjølvagt skjedd sidan mars, men eg har ikkje ork til å skrive ned alt i ein post. Kanskje kjem det litt etter kvart, men i skrivande stund kan eg nemne at Ida har både røyst seg opp, går langs bordkanten, krabbar på alle fire og set seg opp i sitande stilling - når ho vil. 7 tenner har ho fått, og eg fryktar ei ny, fæl ei, sidan dei to siste dagane har innehaldt feber, skriking og ei urokråke.

M

M 07/04-10/04.

onsdag 10. mars 2004

Turbo-Ida

Vi har fått nytt namn på ungen vår: Turbo-Ida.
Det er ikkje fred i heimen lenger.


Livet utanfor leikematta er svært spennande!

onsdag 3. mars 2004

Sheep o'Hoi

I dag gjekk eg ein tur. Då møtte eg nokre dyr eg ikkje ville tru budde i ein storby.


Mamma sau og lammet hennar.

lørdag 28. februar 2004

Tøfler

Stygge tøfler er ein ting her i Hellas. I går fekk eg eit par av Ricki. Dei er aprikos-rosa, og faktisk nokre av dei finare tøflene på Carrefour (det seier litt om utvalget). Neste prosjekt blir nattkjole, noko som og må vere ein ting her i Hellas (iallfall har eg sett eldre damer som går rundt i dette midt på dagen). Det, eller morgenkåpe.

torsdag 26. februar 2004

På barneklinikken

I går var vi på barneklinikken i Omonia. Barnelegen vår meinte at vi skulle snakke med ein nyrespesialist der, ettersom ho meinte at dei testane vi tok i Noreg, var mangelfulle. Nyrespesialisten sa derimot at alt såg bra ut iflg. papira frå Noreg, så vi skal ikkje gjere noko før om seks mnd. Da skal vi ta nye testar for å sjekke at nyrene er ok.

tirsdag 24. februar 2004

Rosa buss i nattmodus


Den rosa bussen suser forbi i nattmodus.

Smog

Som den tjukkaste norske tåka, ligg smogen over Athen i dag.

mandag 23. februar 2004

Gresk samtale

I dag møtte eg ein liten gut og bestemora hans ved ein leikepark.

Liten gut kjem springande mot oss,
og seier: "Moro"
Eg smiler.
Bestemora: "Blablabla"
Eg: "Den katalaveno. Aglika."
Bestemora: "Ah. Blablabla"
Eg smiler og rister på hovudet.
Bestemora: "Ah. Den."
Liten gut prøver å trille vogna.
Bestemora: "1, 2, 3 ... Moro?"
Eg held opp 6 fingrar og seier "Minon".
Bestemora: "Moro blablabla" og peiker på guten.
Eg smiler.
Så går vi kvar vår veg.

mandag 9. februar 2004

DM

D 09/02-10/2.
M 06/02-10/2.

fredag 6. februar 2004

Sosinianisme

Sosinianisme er ikkje så vanskeleg ord å lese i dag, forresten. So-si-nia-nisme. Eg veit ikkje kva som var gale i går. Men eg er framleis pyknomorf.

Pimsleur

Signomi, Despinís. Katálavaínete Agliká?
Ochi, Kírie. Den katálaívenno Agliká.
Katálavaínno ligo Elleniká.
Iste Amerikanós?
Ne, Despinís.

Xerete, Despinís.
Xerete, Kiríe.
Ti kánete?
Polí kalá, efharisto.

torsdag 5. februar 2004

Like dagar

Det er ikkje det at det skjer lite i kvardagen, som gjer at det står lite her. Det skjer mykje. Heile tida. Men dagane er ikkje så ulike. Det betyr ikkje at det ikkje er spanande å vere mor. For det er det. Kvar nye ting som skjer med vesle Ida er fantastisk artig. Men nokre gonger tek eg meg i å studere avføring, rett som det er. Og då er det på tide å gjere noko nytt.

På nettet har eg lenge leita etter eit fag eg kan ta frå Athen via universitet eller høgskule i Norge. Pedagogikk, tegnspråk, norsk. Noko i den duren. Hittil har eg ikkje funne noko. Så eg leitar vidare. Å gå heime med vesle Ida er kjekt, men dagane manglar noko når eg legg meg. Kjenner eg meg rett, vil det å ta eit fag på skulen minne meg om at å gå heime utan andre forpliktelsar enn å vere der, er noko av det eg likar best. I Norge.

Ord

Sosinianisme er eit litt tungt ord å lese hurtig.
Ellers er pyknomorf eit kult ord.
"Eg er litt pyknomorf."

Og ja, eg har lese i framandordboka i dag.

onsdag 4. februar 2004

Du er gammal

Litt inn i det nye året hadde eg fylgjande samtale med syster mi:

C: Kan du ikkje ha på noko anna musikk enn dét?
A: Jau ... *skifte cd*
C: Noko som ikkje bråkar.
A: Dette er ikkje bråkemusikk.
C: Jau. Mange ulike rytmer som ikkje passar saman. Dette er bråk.
A: Du er gammal.

Velkomen 2004.