mandag 25. november 2013

Kjære julenisse


Vi skal skrive brev til julenissen, og eg har fiska etter ønsker i god tid. I tillegg til det som er avbilda under, så kan Lego Chima, Lego Ninjago, Lego Star Wars, hot wheels (bilar), actionheltar (Spiderman og Teenage Mutant Ninja Turtles) tilføyast på gutelista. På storejentelista kan det tilføyast klede i str. 152, samt lerret i ulike storleikar. På veslejentelista kan det meste som er rosa tilføyast, samt hestar, kaniner og andre søte dyr.


Om mor får velge, vil den fine nostalgiske garasjen frå sprell.no stå øverst på gutelista. På storejentelista er Koss PortaPro hodetelefonar øverst, og på veslejenta si ønskeliste er det delt plass mellom Lottiedukke og koffert med babyutstyr frå sprell.no.

Vi vaksne ønsker oss ein au pair/hushjelp som villig bur på sofaen nokre år. Sjølvsagt står ho/han opp før oss, ryddar opp si eiga seng - før ho/han ordnar frukost, niste og påkledning av alle barn. Om ikkje dette kan oppfyllast, kjære julenisse, så ønsker vi oss eit nytt og større hus. 160 kvadratmeter, 5 soverom, 2 bad, vaskerom, dobbel garasje, utsikt over havet og landlig men sentralt i forhold til jobb i Bergen. På førehand takk!


post signature

tirsdag 12. november 2013

Kven vil du vere?

Eg har fleire gonger skrive om endring. Eller har eg kun tenkt å skrive om det? Noko må til for at livsstilen skal endre seg, det har eg skjønt. At det er vanskelig med små barn har til og med legen min fortalt meg. Som om det var ei oppmuntring, eller ei trøst? Nei. Det vart ei fallgruve eg datt ned i. Når legen seier det, så er det iallfall ikkje lett! Då kan ein like gjerne gje opp og nyte det ein klarer? Så kan ein snu ryggen til alt det andre som er slitsomt, som helse og trivsel og sånn dritt. Det er lett å tenke på trening og kosthold. Det er verre å endre vanar, og å snu. Men i morgon, og kvar morgon framover, skal eg stå opp med denne tanken: kven vil du vere? Svaret eg får er ikkje den eg er i kveld. 

lørdag 9. november 2013

Middagsplan

Gløym at eg har vore inaktiv her i ei lang periode. Ikkje tenk at eg blir aktiv framover. Eg veit nemlig ikkje kva som skjer. Akkurat i dag freistar det å rydde opp og fornye litt her inne, og skrive igjen. Men eg har brent meg på det før, kjensla passerer og blir gløymt. Årsaken til denne posten er først og fremst at eg treng ein middagsplan. På tide med nye oppskrifter, og når vekehandelen står for tur, har eg kome opp med følgjande forslag:

Laurdag: Heimelaga pizza
Søndag: Ovnsbakt laks med ris, gulrøtter, brokkoli og rømme.
Mandag: Ovnsgrilla kyllinglår med gnocchi og cherrytomater.
Tirsdag: Heimelaga fiskepinner av torsk med steikte potetbåtar og raspa gulrot.
Onsdag: Pitabrød med kjøttdeig og grønnsaker.
Torsdag: Lapskaus med pølser og flatbrød.
Fredag: Julebord, for min del!

Resten av måneden står førebels open, men eg er på leit. Vi skrivast brått!

post signature

torsdag 10. mai 2012

Det var ein gong ...


Enkelte kveldar les vi både ei og to bøker ved leggetid for Vetle. Han elskar nemlig å bli lest og fortalt for. Nedanfor er kveldens spontanoppdikta historie. Den handlar om Anda Olaf. Anda Olaf er ein gjennomgangsfigur i våre oppdikta historier, som Ricki først byrja fortelje om for Ida då ho var lita. Eg har måtte trå til og overta forteljinga om Anda Olaf innimellom, så versjonane er nok ulike - og historiene likeså. Men Anda Olaf er den same: nemlig den einaste anda i heile verda som kan snakke - og han hjelper alltid barn han støter på! Nedanfor får du lese kveldens historie.


Anda Olaf i skogen

Det var ein gong ei and som heitte Anda Olaf. Ein gong Anda Olaf var i skogen og gjekk tur, høyrte han ei lita jente som ropte etter hjelp. «Hjelp! Hjelp!» ropte ho. Anda Olaf var ei snill og hjelpsom and, så han skunda seg fram mot lyden til han fann jenta.
«Hei!» sa Anda Olaf. «Var det du som ropte om hjelp?» Jenta ser overraska på Anda Olaf og gaper. «Kan du snakke?» utbryt ho. «Ja. Eg er den einaste anda i heile verda som kan snakke!» svarer Anda Olaf. Det syns jenta er flott, og ho fortel at ho er ute i skogen for å plukke blåbær, men at ho ikkje har funne noko. «Og så skulle eg setje meg ned her og ete brødskiva mi, men eg mista den ned. Og no er den full i tissemaur!» Ho peikar på brødskiva som har tusenvis av tissemaur på seg, og deretter mot ei maurtue like ved. «Eg har ei brødskive i ryggsekken min som du kan få», svarer Anda Olaf. Det vil jenta veldig gjerne, og ho takkar Anda Olaf for brødskiva. «Vil du at eg skal hjelpe deg å finne blåbær?» spør Anda Olaf. Ja, det vil jenta veldig, veldig gjerne ettersom ho sjølv berre har funne ei maurtue.

Dei leitar lenge og vel, heilt til dei kjem til ein bekk. Bekken er så brei at dei ikkje kan hoppe over. Men jenta har ein idé: dei kan ta ein lang kjepp og bruke den til å hoppe over elva med! Ja, dét syns Anda Olaf var ein god idé, så då gjer dei det. Først set jenta over. Ho tek lang rennfart og hoppar rett over elva. Anda Olaf følger hakk i hel. På den andre sida av bekken landar dei i eit hav av blåbær. Det er så mykje blåbær, at jenta og Anda Olaf plukkar og et heilt til dei er heilt blå i ansiktet av all bæra!

«Tusen takk for hjelpa!» seier jenta til Anda Olaf når han reiser seg.
«Berre hyggeleg!» svarar Anda Olaf og smiler, og går vidare inn i skogen på jakt etter nye eventyr. Kanskje er der fleire barn som treng hjelp ein stad?  

(For den som syns historia virkar kjent, så er forteljinga ein smule inspirert av boka "Bø og Bæ i skogen" av Olof Landström.)



post signature

onsdag 9. mai 2012

Så e' det på 'an igjen

Vi prøver og feiler, igjen og igjen. Men ein gong må det vel gå? Er det denne gongen eg skal behalde motivasjonen? Eg håper det.

Mandag starta eg friskt med livsstilsendring. Flott ord på noko så enkelt som å redusere sukkerinntaket veldig. Her har det nemlig vore laurdag kvar dag i perioder, og unnskyldningane har florert. Framover blir det sunnare pålegg på knekkebrød og skiver, litt mindre av karbohydratane til middag (redusert mengde pasta/potet/ris/brød) og meir av grønsaker og kjøt, og éin melkerull til laurdagskosen. Det blir ikkje Grete Roede eller lavkarbo, men sunt kosthold med mykje grønt, litt frukt og ein dose fornuft. Det er mogleg eg tar i bruk Grete Roede sin vektklubb etter kvart, for å motivere meg sjølv til å halde fram. Der kan ein registrere matinntak, trening og sjå kor mykje kaloriar ein bør ete, kor mykje kaloriar ein har ete - og kva som eventuelt er blitt trent vekk. Eg treng motivasjon på å kome igang med trening, for det blir gjerne nedprioritert i den hektiske kvardagen! I dag har eg derimot fri, så om nokre straksar svettar eg meg ein tur ned på tredemølla og ellipsemaskina på Sprek og Blid, før eg handlar inn grønsaker til ein god lunsj etterpå!

post signature

lørdag 28. april 2012

Om noko er uoverkommeleg, prøv ein brownie-muffins!

Brownie-muffins er så godt, at etter ein bit av ein sånn, vil alt vere overkommelig. Det er iallfall nesten heilt sant. Ida Marie på 8 sa at brownie-muffinsane mine er verdens undergang-gode. Så gode at verda nesten går under for ein liten bit, da? Prøv! Her er oppskrifta:

Ingredienser:
2 egg
3 dl sukker
100 gram smelta margarin
1 ts vaniljesukker
3-4 ss bakekakao
2 dl kveitemjøl


Slik gjer du:
1. Pisk egg og sukker til eggedosis. Eg lar miksaren gå ei god stund, kanskje 10 minutt, medan eg førebur resten.
2. Smelt smøret.
3. Bland vaniljesukker, bakekakao og kveitemjøl i ein bolle.
4. Bland det tørre vekselvis med smøret oppi eggedosisen.
5. Fyll muffinsformer 2/3 fulle; eg bruker muffinsbrett - då blir muffinsane finare i fasong. Røra gir ca. 15 former.

Steikast midt i ovnen, på 200 grader i 13-15 minutt. Brownie-muffins skal vere harde utanpå og mjuke inni. Steiketid kan variere litt alt etter type ovn, så prøv deg fram.

Til slutt er det berre ein ting å sei: nyt! Fantastisk god til kaffe, te, melk - eller heilt for seg sjølv.

post signature

onsdag 25. april 2012

Oops, we did it again!

Vi har bestilt ferie. I vekesvis har eg kika rundt på nettet og leita etter feriehus innanlands, samt i Danmark, Frankrike og England. Engelske og franske feriehus nær ei strand freistar veldig! For kven ville ikkje feriert her?


Men så var det dette med transport ifht. pris. Eg ser litt mørkt på å skulle først ta fly eit par timar, for så å setje seg i bilen og køyre i ein god del timar til. Prisen på dei flotte feriehusa er ikkje så ille. Men så kjem flyreise for fem med, og helst ein bil som kan romme alle barna inkludert barneseter og bagasjen (les: 7-seter). Og så ligg det ein liten tanke bak i hovudet og surrar om at kanskje vi ikkje kan vere heilt sikre på om huset som er avbilda stemmer overeins med huset som møter oss. Og viss det er like flott, tør vi risikere å ta med ein 1-åring og 3-åring som helst vil klatre samtidig som dei vil hjelpe til med matlaging, pådekking, ete, pusse tenner og vaske seg? Nei, det må bli eit anna år. Kanskje ilag med nokon? 

Ein gong må det bli slik. Denne gongen fall valet ganske så overraskande på det same som i fjor: charter! Det er nesten så eg rødmar av klisjeen skandinavisk barnefamilie på ferie i Syden med andre skandinaviske barnefamiliar. Men til trass for dét, samt litt ukomfortable flyreiser, ekstremt mykje venting og dårleg informasjon på ein elendig flyplass på Kreta, så skal vi til eit koseleg familiehotell med garantert sol og varme. Og gurimalla så lettvindt det er! Vi møter opp på Flesland klokka 05.00 ein morgon i juli, og vips! så er vi her same formiddagen:


Ida gler seg så mykje at ho nesten ikkje klarer å tenke på anna for tida! Eg gler meg, eg også. Til gresk mat, gresk språk, sol og varme. Til reint hotellrom, null husarbeid og dekka frukostbord! Og ikkje minst til å nyte ein kald mythos og ein gyro med nasa i ei bok når freden har sunke seg og barna søv på kvelden. 

  post signature

fredag 20. april 2012

Det enkle er ofte det beste

Vi sit i bilen, Vetle og eg. Vi skal til barnehagen. Han sit og ser ut av vindauget, slik han ofte gjer. Han betrakter verda, slik 3-åringen gjer på sin måte. Vi har snakka ein god del om skyer før, kvifor dei er til og kva dei gjer. I dag er det overskya. Då kjem det:

- Hvor er solen?
- Sola er bak skyene, svarer eg.
- Viss vi vil ha sol, da må vi berre dytte vekk skyene da.
- Korleis skal vi gjere det da? spør eg.
- Vi må ha en lang stige. Eller vi kan hoppe høøøøyt på trampolinen. Da kan vi berre dytte vekk skyene, da.

Så enkelt. Da kan vi hente fram sola i morgon, tenker eg.

post signature

lørdag 31. mars 2012

Sjå tilbake, sjå fram!

Eg veit at det er lenge sidan eg har vore aktiv på bloggen. Eg visste ikkje at det var heilt sidan august i fjor! Kanskje er det ikkje så mykje som har skjedd sidan då i det store perspektivet, men frå det vesle perspektivet skjer det jo utvikling frå månad til månad, og det er på bilder eller gjensyn med andre at vi ser at tida faktisk går fort:

August 2011: 
Elise blir plutselig smokkejente!
 

September 2011: 
Ida feirer 8-årsdag, 1 mnd forsinka.

Oktober 2011:
Vi hadde ein fin tur til Oppheim ved Voss,
på hytta til Laila og Ottar.

November 2011:
Rubens barnedåp!

Desember 2011:
God jul!

Januar 2012:
Godt nyttår frå fjæra på Tyssøy!

Februar 2012:
Elise 1 år og barnehagejente!
Her smakar ho kake for første gang - mm.

Mars 2012:
Vetle 3 år - i første barneselskapet sitt!

April byr på påskeferie - med besøk frå Sunnmøre. Først kjem Stian, Connie, Matheo og Ruben ein liten tur; dei mellomlandar i Bergen etter ei lang flyreise frå Singapore. Deretter kjem Anette og Ivar i påskehelga, då må det bli eggjakt på formiddagen. Det blir handballcup på Ida, og operasjon på Elise. Ein månad med mange hendingar!

post signature

torsdag 8. desember 2011

Burde kanskje

Burde kanskje ... oppdatere litt snart?
Til helga, kanskje?
Neste helg?
post signature

søndag 14. august 2011

Søtaste te-kanna!

Fin? Vesle Rødhette te-kanne, frå tamo.no.

post signature

Rognebæra heng på trea

Då er det vel haust, då? Skulen startar om ei veke, og i skrivande stund regnar det. Mørket sig på, også. Og eg syns det er heilt greit. Vi har hatt ein fin sommar. Ei veke på Kreta, ti dagar på Ulstein/Sunnmøre og nokre dagar heime, kor vi m.a. hadde besøk av bestefar Tony frå England. Ida har fylt 8 år, Vetle har slutta med bleiar og Elise har byrja med graut og fast føde. No er vi klare for lekselesing, handballtrening, fotballtrening, barnehage - og om eit par veker Grete Roede-kurs for mor. Så blir det mørke kveldar med trening og svette, eller stearinlys, ei god bok og ein kopp te.

 Bestefar Tony kom frå England og var her ei veke. Han snakkar
mest engelsk, men forstår litt norsk. Ungane er glade i han, og 
gleda enda større når han kjem med Penguins (sjokolade) og engelsk te. 

Vakre Ulstein, med utsikt frå Skeide-Nibben.
 

 To gode vener og søskenbarn kastar steinar i elva,
på tur i Ulsteindalen.

 Åse-Lill og Oliver strålte om kapp då vi 
besøkte dei på hytta i Bondalen.

 Blåbærplukking. Ida plukka, Vetle åt. ♥


07.08.2011: HURRA!!
Ida er 8 år! Frukost og gåver på senga er obligatorisk. 


Bursdagsbarnet nøgd etter tur til Vannkanten
- og med ny cardigan, nye zhu zhu pets babies og nytt smykke.

 Rundstykkegnafsing er godt for ein kløande gomme 
- og det smakte nok ikkje så verst, heller! ♥


post signature

torsdag 28. juli 2011

Mitt lille land

Det er snart ei veke sidan 22. juli 2011. Landet er i felles sorg, dei fleste er rysta over hendinga som skjedde i regjeringskvartalet i Oslo og på AUFs landstreff på Utøya. På tv kjem det stadig oppdateringar, og songen Mitt Lille Land av Ole Paus, tolka av ulike artistar, er oss vel kjend etter denne veka. Songen er brukt som eit gjennomgåande tema i aktuelle nyheitsklipp frå TV2 Nyhetene. Her er Maria Menas versjon av Mitt Lille Land:



Eg syns det er sterkt å sjå bilete frå det bomba regjeringskvartalet, Utøya, leitemannskap, hjelpemannskap og såra menneske. Likevel er dei sterkaste bileta av enkeltpersonar, frå blomenedlegging, menneske som gret og omfavnar kvarandre. Folket i nasjonal sorg.

At éin mann kan rettferdiggjere ei slik handling ved å meine det er naudsynt på bakgrunn av si politiske overbevisning er ufatteleg. Måtte slikt aldri skje igjen.

post signature

tirsdag 19. juli 2011

Den mjuke mammaen

Den mjuke mammaen går hand i hand med toåringen. Dei skal på leikeplassen. Han har spaden i handa, klar til leik. Den mjuke mammaen er trygg og god. Tålmodet er stort når 2-åringen spør "Hva e' det?" og peikar nyfiken på ulike ting. Den mjuke mammaen forklarar, smiler og ruskar sonen i håret. Nesten framme ved leikeplassen snublar han og slår hol i kneet. Den mjuke mammaen trøstar og klemmar. Begge går til sandkassen, set seg ned og spar sand i haugevis.

Brått reiser 2-åringen seg og spring. Det er ei skjære på vegen! "Eg vil ha han!" roper han, springande. Den mjuke mammaen reiser seg, guten er alt ut på vegen. Bilen som kjem køyrande stoppar heldigvis i tide. Den mjuke mammaen skjelv, og gret. Tenk om! 2-åringen trøstar. "Eg e' gla' i deg", seier han. Han skjøner ikkje alvoret situasjonen har framkalla hos den mjuke mammaen. Ho smilar, roar seg og dei går tilbake til leikeplassen. 

Den mjuke mammaen bestemmer seg. Det er godt å vere mjuk, og ha god plass på fanget. Men det er også godt å kunne sprette opp i farlege situasjonar, gå på fjellet med barna, leike sisten og sparke fotball med eldste jenta. Det er på tide å snu, tenker den mjuke mammaen.



post signature

mandag 18. juli 2011

Moonkids

Kom over ei nettside, minimikki.no - der hadde dei mykje fint! Denne leikedressen frå Småfolk er utruleg søt:














Og denne elefanten frå Smallstuff:












Ingenting gale i å ønske seg ting, vel? Skjønt VISS eg skulle kjøpt noko frå nettsida, ville eg nok endt opp med noko praktisk og enkelt, som desse krokane frå Rie Elise Larsen:











Dei hadde faktisk ikkje vore så dumme å ha på romma til ungane.

post signature

søndag 17. juli 2011

Ei lita gåve

Det er ikkje alltid mykje som skal til. Her er ei søt lita gåve eg fekk frå Elin tidlegare i sommar. Eg syns den er veldig fin. ♥


Rundt stearinlyset er det limt ein avisartikkel, blonde og ein hyssing med kløveranheng i. Fyrstikkøskja er pynta med eit bilete av Elise og guten til Elin, samt blondar, fin skrift, kartong og glitterlim.
post signature

Elises fest

Ting kjem ikkje alltid i rett rekkefølge. Nokre blogginnlegg vert dessverre delvis skrive, lagt tilsides til ein dag eg har betre tid eller energi - og gløymt så snart skjermen til laptop'en er bretta ned. Eg trur dei fleste har evna til å tenke tilbake, så det dukkar kanskje opp eldre blogginnlegg på feil stad eller dato innimellom. Håper ikkje dette forvirrar.

Festen til Elise var 25. juni. Vi valte å lage ein litt formell fest for ho, istadenfor tradisjonell dåp i kyrkja, ettersom verken eg eller Ricki er kristne eller har døypt dei to andre barna. Næraste slekt frå Bergen og Sunnmøre kom, samt godaste tante Pauline frå England, og vi hadde ein koseleg dag med mykje god mat, kaffe/te og kaker. Lokalet var ein skuffelse, men vi gjorde det beste vi rakk ut av det - og fekk ei fin markering av at veslejenta vår kom til verda 10. februar i år. Elise fekk mange fine gåver; smykke, smykkeskrin, barneservice, kle, eventyrbok, pengar, rørospledd, skrin til første tann og første hårlokk, barnealbum og singsang-kort. Tusen takk til alle som kom og delte denne dagen med oss!



 

post signature

fredag 15. juli 2011

Charterferie!

Endelig har eg hatt eit gjensyn med vakre Hellas! Det har gått tre år sidan sist, så det var verkeleg på tide. Vi har alltid gjort ting på eige hand; som dette:

1. Bestille rutefly til Athen tur/retur.
2. Funne hotell på ei øy vi ønsker å sjå via nettsida til Matt Barret: A Greece Travel Guide
3. Ringt direkte til hotellet, alltid drive av ei gresk familie.
4. Kjøpt billettar til hurtigbåt enten via eit gresk reisebyrå eller på nett før vi reiser. 


Tidlegare har jo Ricki budd i Athen, så vi har fått ein lengre ferie der nede. Då har vi hatt leilighet i Maroussi, som ligg i eit fint og grønt område nord for Athen. Ei veke på ei øy har derfor vore nok, vi har jo gjerne hatt ei veke eller to i Athen i tillegg. Denne gongen hadde vi ikkje leilighet i Athen ettersom Ricki bur i Norge saman med oss, vi har plutselig tre barn som skal reise med oss - ikkje berre eitt - og vi gjorde det på enklaste måten: charter. Med programmet charterfeber frå TV3 i minnet, grua eg meg litt til ferien med tanke på flyturen, dei fulle skandinavarane - både på flyet og rølande i gatene, taxfree-galskapen og elles det ein kan rødme av om ein får eit glimt av programmet på tv. Dette såg eg ikkje noko til. Kan det ha noko med at hotellet vi reiste til var eit Ving SunGarden hotell, barnevenleg og litt utanfor bar-sentrum? Sannsynlegvis. Heldigvis. Hotellet vi budde på heiter Stefan Village, og var veldig fint! Flott, gresk personale, flott uteområde med frodig hage, fin leikeplass med skygge, fire basseng - kor to av dei var for barn, god mat, super reingjering - og greie, store rom. Det vesle eg har å utsetje på charter, er at resten av gjestane snakka enten norsk, svensk eller dansk. Det same gjorde kelnarar på fleire av tavernane i området. Dette føltes veldig feil. I tillegg så var det ei lang, lang rekke med menneske i kø då vi skulle reise frå den vesle flyplassen på Kreta. Vi stod nok ein time i kø utanfor flyplassen, for å kome inn! Deretter var det innsjekking: vise kor mykje bagasje ein har, vege bagasjen, få bagasjelappar å feste på, bære bagasjen til rette baggage drop - alt dette involverte kø på kvar stad, i større eller mindre grad. Når vi kom opp i avgangshallen, var det så fullt av folk som sat i ventehallen, sat og venta eller stod i kø og venta til kvar gate, til den eine kiosken, i den vesle taxfree'en, at eg ikkje kunne sleppe handa til Vetle i frykt for at han skulle hamne i menneskevrimmelet, bokstaveleg tala. Folk sat langs veggane, åt slappe, varme baguettar som kioskdamene hadde stabla opp i haugar på disken, og venta. For mange var kanskje dette ikkje unormalt, men for meg var dette kaotisk. Eg har aldri reist med charter før, er dette vanleg? Ingen informasjon om at flyet var forseinka, ingen informasjon om at gaten hadde blitt endra - før ombordstigning, sjølvsagt. Og igjen: kaos. Men vi hadde ein fin ferie. Bileta under talar for seg sjølv. Med tre barn fauk dagane, og det gjekk i bading, leik og mat. Om ikkje det var rein avslapning, så var det ei super avveksling. Og kanskje, når ein syns at det er godt å ta klesvasken, støvsuge og rydde hus når ein kjem heim, at det var godt, roleg og avslappande likevel. Trass alt fekk vi bade, ete og leike kvar einaste dag. Med dei beste barna. Ikkje ille, det.








post signature