tirsdag 12. november 2013
Kven vil du vere?
Eg har fleire gonger skrive om endring. Eller har eg kun tenkt å skrive om det? Noko må til for at livsstilen skal endre seg, det har eg skjønt. At det er vanskelig med små barn har til og med legen min fortalt meg. Som om det var ei oppmuntring, eller ei trøst? Nei. Det vart ei fallgruve eg datt ned i. Når legen seier det, så er det iallfall ikkje lett! Då kan ein like gjerne gje opp og nyte det ein klarer? Så kan ein snu ryggen til alt det andre som er slitsomt, som helse og trivsel og sånn dritt. Det er lett å tenke på trening og kosthold. Det er verre å endre vanar, og å snu. Men i morgon, og kvar morgon framover, skal eg stå opp med denne tanken: kven vil du vere? Svaret eg får er ikkje den eg er i kveld.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar