Den mjuke mammaen går hand i hand med toåringen. Dei skal på leikeplassen. Han har spaden i handa, klar til leik. Den mjuke mammaen er trygg og god. Tålmodet er stort når 2-åringen spør "Hva e' det?" og peikar nyfiken på ulike ting. Den mjuke mammaen forklarar, smiler og ruskar sonen i håret. Nesten framme ved leikeplassen snublar han og slår hol i kneet. Den mjuke mammaen trøstar og klemmar. Begge går til sandkassen, set seg ned og spar sand i haugevis.
Brått reiser 2-åringen seg og spring. Det er ei skjære på vegen! "Eg vil ha han!" roper han, springande. Den mjuke mammaen reiser seg, guten er alt ut på vegen. Bilen som kjem køyrande stoppar heldigvis i tide. Den mjuke mammaen skjelv, og gret. Tenk om! 2-åringen trøstar. "Eg e' gla' i deg", seier han. Han skjøner ikkje alvoret situasjonen har framkalla hos den mjuke mammaen. Ho smilar, roar seg og dei går tilbake til leikeplassen.
Den mjuke mammaen bestemmer seg. Det er godt å vere mjuk, og ha god plass på fanget. Men det er også godt å kunne sprette opp i farlege situasjonar, gå på fjellet med barna, leike sisten og sparke fotball med eldste jenta. Det er på tide å snu, tenker den mjuke mammaen.

2 kommentarer:
Veldig klokt å treffende tekst!!! No snur vi!!
Ha en bra dag:)
Klem May Liss
Det gjer vi, May Liss. :) Starta så smått 1. august ved å kutte ut snop i kvardagane, samt vere litt bevisst på pålegg og porsjonar. Etterkvart blir det Grete Roede-kurs. Tenker å pensjonere rugekassa, så då er det berre å satse på totalmålet eit par år fram i tid. :)
Legg inn en kommentar