Enkelte kveldar les vi både ei og to bøker ved leggetid for Vetle. Han elskar nemlig å bli lest og fortalt for. Nedanfor er kveldens spontanoppdikta historie. Den handlar om Anda Olaf. Anda Olaf er ein gjennomgangsfigur i våre oppdikta historier, som Ricki først byrja fortelje om for Ida då ho var lita. Eg har måtte trå til og overta forteljinga om Anda Olaf innimellom, så versjonane er nok ulike - og historiene likeså. Men Anda Olaf er den same: nemlig den einaste anda i heile verda som kan snakke - og han hjelper alltid barn han støter på! Nedanfor får du lese kveldens historie.
Anda Olaf i skogen
Det var ein gong ei and som heitte Anda
Olaf. Ein gong Anda Olaf var i skogen og gjekk tur, høyrte han ei
lita jente som ropte etter hjelp. «Hjelp! Hjelp!» ropte ho. Anda
Olaf var ei snill og hjelpsom and, så han skunda seg fram mot lyden
til han fann jenta.
«Hei!» sa Anda Olaf. «Var det du som
ropte om hjelp?» Jenta ser overraska på Anda Olaf og gaper. «Kan du snakke?» utbryt ho. «Ja. Eg er den einaste anda i heile
verda som kan snakke!» svarer Anda Olaf. Det syns jenta er
flott, og ho fortel at ho er ute i skogen for å plukke blåbær, men
at ho ikkje har funne noko. «Og så skulle eg setje meg ned her og
ete brødskiva mi, men eg mista den ned. Og no er den full i
tissemaur!» Ho peikar på brødskiva som har tusenvis av tissemaur
på seg, og deretter mot ei maurtue like ved. «Eg har ei brødskive i ryggsekken min
som du kan få», svarer Anda Olaf. Det vil jenta veldig gjerne, og
ho takkar Anda Olaf for brødskiva. «Vil du at eg skal hjelpe deg å finne
blåbær?» spør Anda Olaf. Ja, det vil jenta veldig, veldig gjerne
ettersom ho sjølv berre har funne ei maurtue.
Dei leitar lenge og vel, heilt til dei
kjem til ein bekk. Bekken er så brei at dei ikkje kan hoppe over.
Men jenta har ein idé: dei kan ta ein lang kjepp og bruke den til å
hoppe over elva med! Ja, dét syns Anda Olaf var ein god idé, så då
gjer dei det. Først set jenta over. Ho tek lang rennfart og hoppar
rett over elva. Anda Olaf følger hakk i hel. På den andre sida av
bekken landar dei i eit hav av blåbær. Det er så mykje blåbær,
at jenta og Anda Olaf plukkar og et heilt til dei er heilt blå i
ansiktet av all bæra!
«Tusen takk for hjelpa!» seier jenta
til Anda Olaf når han reiser seg.
«Berre hyggeleg!» svarar Anda Olaf og
smiler, og går vidare inn i skogen på jakt etter nye eventyr.
Kanskje er der fleire barn som treng hjelp ein stad?
(For den som syns historia virkar kjent, så er forteljinga ein smule inspirert av boka "Bø og Bæ i skogen" av Olof Landström.)

1 kommentar:
For ei fin historie! Flike du!
Legg inn en kommentar