onsdag 8. desember 2010

Kakemenn

I mangel av penn og papir, tar eg det som nærast er: laptop'en! Det er baketid, og i kveld tenkte eg å lage julemanndeigen (=kakemenn i Bergen). Vetle er sjuk for tida, så vi må ha noko å fylle dagane med. Oppskrifta eg har brukt tidlegare kjem frå tante Martha til mamma, men dei to siste gongane eg lagde desse, så vart dei så skrukkete - og smakte hornsalt. Så eg prøver ei ny eg fann på nett. Er ikkje denne heller god, så må eg ut med etterlysning, for julemenn MÅ vi ha til jul.

Bildet er tatt frå dinmat.no

Julemenn

250 g sukker og
75 g smør - røres hvitt
25 g hjortetakk
600 g hvetemel
1/4 l melk
Elt alt sammen.

La deigen stå i kjøleskapet over natta. Dekk til med plast.
Stekes ved 180 grader i 10-12 minutter.
Oppbevares i kakebokser.



Pepperkakene er i boks, og ungane storkoste seg med å kjevle, smake deig og bake pepperkaker i ulike former:

Vi kosar oss med baking og advent!


post signature

fredag 3. desember 2010

Det kjem ein baby om 8 veker!

Det byrjar så smått å gå opp for meg at det ikkje er lenge att til babyen kjem. Tidlegare har eg vore klar over dette i lang, lang, laaang tid - og utstyrsliste er blitt skrive tidleg. Denne gongen har vi (les: eg) tatt det med ro - det er jo jul først, ikkje sant? Og så er det jo ein månad ... ein månad!? att før termin. Tenk om denne skulle kome før tida! Skrekk og gru, eg må byrje å lage lister før jul!

Men kva har vi? Kva manglar vi? Kva ønsker vi (les: eg)? Jau, det har eg funne ut av i dag. Ikkje kva vi har eller treng, altså, men kva vi ønsker. Og når ein har god tid til å lage lister, så gjer ein seg ekstra flid med dei.


Bilen står sterkt på ønskelista, forøvrig. Og for dei som skulle ønske å gi Vetle ei gåve, så treng han ny seng (Kritter frå Ikea, kanskje?) og nytt bilsete (Britax, kanskje?). Ida ønsker seg aller helst kjæledyr og klede. Og om vi skal gå inn på dei øvrige familiemedlemmane som er meir tilbakehaldne med ønsker, så kan det nemnast barnevakt i ny og ne ...!

post signature

onsdag 1. desember 2010

1. desember

No er han er, 1. desember - ikledd eit frostlag på bakken. Ingen snø, men vinterkjensla er her, utan tvil. Ute er det -10 grader, noko som er sjeldan vare i Bergen. Inne er det fyr i peisen og tente stearinlys. Ekte adventskos. Barne-tv sendte "Jul på Månetoppen" som adventskalendar i kveld, eg hugsar det frå 2005 då det vart sendt - og Ida og eg fulgte spent med kvar kveld. Enda mange syns "Jul i Skomakargata" må kome tilbake på tv (meg sjølv inkludert), så er det også kos med blånissar som er ute i den blå timen, og raudnissar som nissar strekar rundt om på garden.


Bakinga kan gjerne kome ordentleg igong no som 1. desember er passert, hittil har vi baka serinakaker - og fått krumkaker av mamma, etter ei koseleg, men hektisk langhelg på Sunnmøre. Pepperkakene er førebels frå Sætre, men blir heimelaga seinare i veka. Og så har Ida vore så heldig og fått to norgesglas som vi skal pynte og lage godtekrukker av. Om Ida får viljen sin, så blir det kanskje litt fleire juleaktivitetar på stovebordet også. Vi håper mammaen har energi. Uansett, vi gler oss til jul!

post signature

søndag 21. november 2010

Julebaksten

Eg trudde eg skulle klare å halde meg til desember med juleførebuing som kakebaking, Lerums julebrus og Sætres pepperkaker - men den gong ei. Éi firpakning av Lerums julebrus har gått ned, ei halv boks med Sætres pepperkaker er forsvunne - og kakebakinga er under planlegging. Clementinar er ete av i fleng, men så er det jo sunt og altfor godt til å vente ut i desember med å smake på. Når det gjeld kakebaksten, så kan den forsvarast med at det er 1. søndag i advent i november, om nøyaktig ei veke. Og tradisjonen heimanfrå, er at ein har eit fat med småkaker kvar søndag i advent, samstundes som adventslysa blir tent. Derfor, kva sortar skal eg bake i år? Blir det sju? Eg har leita litt rundt på Tine.no for inspirasjon, og har kome fram til desse sortane:

Serinakaker
Pepperkaker
Julemenn/kakemenn
Brune pinner
Berlinerkranser
Konfektkjeks

Altså manglar eg éin sort! Det er for gale. Om eg først bakar seks sortar, kan eg jo likegjerne bake sju. Då er det å finne ut kva sort kake eg kan bake som ikkje krevjer spesialjern eller kjøkkenmaskin, men aller helst berre nevane og evt. utstikkarformer. Eventuelt avlegge mamma eit besøk og håpe på ei kakeboks krumkaker.

post signature

lørdag 20. november 2010

Nydeligast babybuksa

Er ikkje dette den nydeligaste selebuksa? Fell heilt for denne på frå Lille Lam på Barnas Hus, og ønsker den veldig, veldig til babyjenta vår! Kanskje dette blir hentesettet (for her er det sikkert at det ikkje blir strikka)?


♥ ♥ ♥ ♥ ♥

post signature

torsdag 18. november 2010

Eit minne frå sommaren

Ettersom vi no er gått over i vinter, og dei fleste kryp er gått i dvale eller frosse ihjel, syns eg vi kan minne sommaren litt.


Denne karen hang, nesten i lause himmelen, mellom to stolpar ein dag vi var på tur frå Fløyen til Svartediket. Ganske fin, syns eg faktisk. Eg innrømmer at eg er litt småbegeistra for kryp - når dei er ute i naturen. Ikkje vil eg ha dei på meg, ikkje vil eg ha dei inne. På jobb er eg vel ein av få som går på edderkoppjakt og sneglejakt i lag med borna. Litt synd eigentleg, for dei elskar det! Iblant får vi servert sneglemos av litt vel ivrige born, det er ikkje fullt like kos, men at dei utforskar og ikkje blir skremd av slike naturlege vesen - det syns eg er topp! Ida var den jenta som alltid kom med hendene fulle av sneglar, makkar - og kunne fange både edderkoppar og bier oppi glas. No hviner ho som ein fjortiss om det traskar ein edderkopp på terassen. Heldigvis har vi Vetle som då set seg på huk, kikar på krypet - og prøver forgjeves å fange det. Sannsynlegvis er han ikkje ein som byrjar hvine om nokre år. Frykta mi der går vel heller at dei havnar inne, i ein skuff på rommet, i ei bukselomme - eller til eit eller anna prosjekt som vedrører meg inne i huset.

Uansett. Dette var mest ein test for å sjå om signaturen min virka. Og det gjer han! Tusen takk til snille Ingrid som hjalp meg med det. No må eg berre finne ut korleis eg unngår ramme rundt. Truleg får bloggen endringar igjen og igjen og igjen til eg er fødeklar. Kanskje blir eg nøgd til slutt?

post signature

onsdag 17. november 2010

Kva skal vi ha til middag i dag?

Enda ein gong dukka spørsmålet opp: kva skal vi ha til middag i dag? Etterfulgt av pasta, ris eller poteter som tilbehør? Det er nemlig dét som er avgjerande blant barna våre for tida, føler eg. Ida et ikkje poteter, Vetle liker ikkje ris - eller pasta. Ricki og eg er altetande, heldigvis, så om eg planlegger måltidet nøye, så fins der jo alltid noko alle et, om ein så unngår litt av tilbehøret.

I kveld hugsa eg derimot på at eg har jo ei middagsliste eller to liggande på pc'en! Kor genial kan eg vere? Temmelig, nemmelig. Og tvert imot hemmelig:


Viss du har lyst til å lese middagslista, klikkar du ganske enkelt på biletet - og vips! så blir den større.

tirsdag 16. november 2010

Endeleg kom han!

Han står borte i hjørnet. Kikar på meg. Gøymer seg. Delvis skjult. Eg kan berre glimpse fargane han har på seg innimellom all bekledninga. Grå. Er han mørk eller lys? Han er i fire delar, enn så lenge. Når Ricki kjem heim, får han jobb. Han gler seg nok. Endeleg kom han! Den nye, fine Hjellegjerde-sofaen vår!
Modell: Living. Vår sofa kjem i fargen grå, som nemnt. Fin, ja?

fredag 12. november 2010

Heimedag & datakunst

I dag er det planleggingsdag i barnehagen og elevfri dag på skulen, så begge ungane har vore heime med meg. Heimen ser soleis ut, med klesvask, leiker og bollesmular overalt ... Bekkenet skrantar etter ein liten shoppingtur på Vestkanten (Ida vart mest glad for lyserosa øyrevarmarar frå wow, Vetle for skillingsbollen sin) og litt leik på leikeplassen, men vi har hatt det kjekt. Ida har leika seg på pc'en, og resultatet vart kul datakunst:

torsdag 11. november 2010

5th element


Om ikkje lenge kjem det eit nytt element inn i familien vår. Ei tulle. Vi er spente på om ho liknar på Vetle, eller Ida - eller ingen av dei. Ida og Vetle er nemlig ikkje så like. Med ei blond og ein raudtopp frå før, blir kanskje dette ei brunette? Vi gler oss uansett til 1. februar, og er spent på korleis Vetle taklar å bli storebror. Ida reknar eg med taklar det fint, som ho gjorde med Vetle - utfordringa vår ligg i å gje dei to andre nok merksemd!

Litt utstyr trengs, men vi har heldigvis det meste etter Vetle. Eg fekk jo reint sjokk her om dagen, då eg tenkte på at Vetle faktisk var fødd i fjor! Og no er vi på 'an igjen. Jaja. Snart er familien komplett, og eventuelle 6. eller 7. element må vere firbeinte eller ha gjeller.

Nytt design

Eg har vurdert å oppdatere bloggen i lang tid no, utan å fått gjort noko med det. Årsakane er mange, likeså unnskyldningane. Med nytt design startar eg på nytt, og du skal sjå at om ikkje lenge, så er her nye postar i fleng!

søndag 9. mai 2010

Familietur i Alvøen

I dag dro vi på familietur i Alvøen i vårsola. Det var strålande ver, om enn litt kald vind, og både barn og vaksne hadde ein flott tur! Vetle sov gjennom størstedelen av turen, men fryda seg over å få plukke på kvistar og småstein då han vakna og sprang i full fart bortetter vegen.
Vi gjekk innom eit galleri og kika på bilete på lerret og i glas, samt nostalgiske barneleiker som Ida gjerne ville kjøpe (greit å ikkje ha medbrakt lommebok i slike tilfelle, for vi snakkar søt nostalgi her). Vi rusla rundt i området, Ida plukka vårblomar i vegkanten og skjell ved badeplassen. Ein fin dag. Ettersom Alvøen berre ligg 5 min. køyring herfrå, blir det nok fleire turar dit i løpet av sommaren.









Til minne ...

Ein fin liten blome i skogen eg ser,
i granskogen diger og dryg,
og vent mellom mose og lyng han seg ter.
Han står der så liten og blyg.
Sei, ottast du ikkje i skogen stå gøymd
der skuggane tyngja deg må?
Å nei, for av Herren eg aldri vert gløymd,
til ringaste blom vil han sjå.
Men ynskjer du ikkje i prydhagen stå,
der folk kunne skoda på deg?
Å nei, eg trivst best mellom ringe og små,
eg føddest til skogblome, eg.
Ein dag vil den stormande vinter deg nå,
då vert det vel dødsdagen din.
Då kviler eg lunt og har snøkåpa på,
til vårsola kysser mitt kinn.
Eit bod frå min Herre du blome meg ber:
om einsleg eg vert på min veg,
så veit eg at Herren vil vera meg nær,
Gud Fader, han vernar òg meg.
Om enn eg er liten, har Herren meg kjær,
med honom eg kjenner meg sæl.
Kvar morgon meg bøna til himmelen ber,
med bøna eg sovnar kvar kveld.
Ein kledning eg fekk av min Frelsarmann kjær,
i blodet hans reinsa den er.
Den høver for himlen, der gullgater er,
den høver for vandringa her.
Som blomen om vinteren visnar eg av,
men gled meg, for då står eg brud.
Lat lekamen kvila med fred i si grav,
mi sjel, ho er heime hos Gud!
Ja, glad skal eg vakna hos Jesus eingong
i morgonen æveleg klår,
og blanda med heilage englar min song
i himlen, dit døden ei når!