Til minne ...
- Ein fin liten blome i skogen eg ser,
- i granskogen diger og dryg,
- og vent mellom mose og lyng han seg ter.
- Han står der så liten og blyg.
- Sei, ottast du ikkje i skogen stå gøymd
- der skuggane tyngja deg må?
- Å nei, for av Herren eg aldri vert gløymd,
- til ringaste blom vil han sjå.
- Men ynskjer du ikkje i prydhagen stå,
- der folk kunne skoda på deg?
- Å nei, eg trivst best mellom ringe og små,
- eg føddest til skogblome, eg.
- Ein dag vil den stormande vinter deg nå,
- då vert det vel dødsdagen din.
- Då kviler eg lunt og har snøkåpa på,
- til vårsola kysser mitt kinn.
- Eit bod frå min Herre du blome meg ber:
- om einsleg eg vert på min veg,
- så veit eg at Herren vil vera meg nær,
- Gud Fader, han vernar òg meg.
- Om enn eg er liten, har Herren meg kjær,
- med honom eg kjenner meg sæl.
- Kvar morgon meg bøna til himmelen ber,
- med bøna eg sovnar kvar kveld.
- Ein kledning eg fekk av min Frelsarmann kjær,
- i blodet hans reinsa den er.
- Den høver for himlen, der gullgater er,
- den høver for vandringa her.
- Som blomen om vinteren visnar eg av,
- men gled meg, for då står eg brud.
- Lat lekamen kvila med fred i si grav,
- mi sjel, ho er heime hos Gud!
- Ja, glad skal eg vakna hos Jesus eingong
- i morgonen æveleg klår,
- og blanda med heilage englar min song
- i himlen, dit døden ei når!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar