søndag 21. november 2010

Julebaksten

Eg trudde eg skulle klare å halde meg til desember med juleførebuing som kakebaking, Lerums julebrus og Sætres pepperkaker - men den gong ei. Éi firpakning av Lerums julebrus har gått ned, ei halv boks med Sætres pepperkaker er forsvunne - og kakebakinga er under planlegging. Clementinar er ete av i fleng, men så er det jo sunt og altfor godt til å vente ut i desember med å smake på. Når det gjeld kakebaksten, så kan den forsvarast med at det er 1. søndag i advent i november, om nøyaktig ei veke. Og tradisjonen heimanfrå, er at ein har eit fat med småkaker kvar søndag i advent, samstundes som adventslysa blir tent. Derfor, kva sortar skal eg bake i år? Blir det sju? Eg har leita litt rundt på Tine.no for inspirasjon, og har kome fram til desse sortane:

Serinakaker
Pepperkaker
Julemenn/kakemenn
Brune pinner
Berlinerkranser
Konfektkjeks

Altså manglar eg éin sort! Det er for gale. Om eg først bakar seks sortar, kan eg jo likegjerne bake sju. Då er det å finne ut kva sort kake eg kan bake som ikkje krevjer spesialjern eller kjøkkenmaskin, men aller helst berre nevane og evt. utstikkarformer. Eventuelt avlegge mamma eit besøk og håpe på ei kakeboks krumkaker.

post signature

4 kommentarer:

Mie fra Mies Mirakler sa...

Endelig fant jeg igjen bloggen din! Skal bli kjekt å følge deg. Jeg kom sent inn i bloggverden men er nå heeelt hekta, det er jo topp å ha blogg og å følge andres! Føler meg som hjemme nå. Ser deilig ut med julebakst, vi har allerede bakt (og spist opp) papperkakene, neste økt blir julemanna, eller kakemenn som det heter her i Bergen. Gleder meg *♥*

Heidi sa...

Julebakst e slett ikkje for tidlig, ej tenkte begynne snart ej også! Her blir det Serinakaker, pepperkakemenn, marvpostei, sarah bernard og kanskje en sort til..ikkje heilt sikker på ka ej får tid til! Lykke til med baksten! :D

Cecilie sa...

Måtte reklamere litt på nytt, Mie, for det var visst ikkje berre eg som hadde gløymt av bloggen min. :) Ikkje så lett å hugse den når oppdateringane kom svært sjeldan. Men no blir eg flinkare, lovar! Bloggen din er veldig fin - og alltid så kjekt å sjå bilder av Knerten og Bøllefrøet. :)

Vi bakte serinakaker i går, og det blir vel med den sorten før advent. Neste veke blir det nok pepperkaker, etterfulgt av julemanna - og resten av sortane blir tatt utover i desember ettersom lysta melder seg og bekkenet lystrar. :) Gler meg til advent! :D

Cecilie sa...

Oooh, Sarah Bernard e farlig gode til te-/kaffikoppen, Heidi! Skikkelige kaloribombe, men heldigvis sopass at en orka kun éi om gongen - då går det no bra. ;) Marvpostei he ej aldri hørt om før. Søkte på google og ser det e en slags pai? Kjekt å sjå ka andre he for tradisjonsbakst. Skulle aller helst hatt eit goro-jern og krumkake-jern, for det brukte mamma å lage til jul. Og kransekake, lefser og kokosmakronar .. mm.

Skal nok nyyyyte i heile jula ditte året, tippa ej går på Grete Roede neste jul. ;) Ete mej sikkert sopass opp at babyen blir 4,5 kg dinne gongen. :O