mandag 27. juni 2011

Listemenneske

Enkelte berre må skrive det ned. Kva ein skal ha med på ferie, første dag på skulen, på hytta, kva ein treng på butikken, kva barna treng av nye kle/sko, kva som står og ventar av arbeid inni huset, utanpå huset, husarbeid .. eller kva bøker som burde lesast, musikk som burde kjøpast/lastast ned, filmar ein burde sjå, ting ein burde gjere, stadar ein burde dra. Eg er eit sånt menneske. Eit listemenneske. Ricki foreslo at eg burde lage ei liste over dei listene eg skal skrive. Ikkje dumt, egentlig, for av og til strekk ikkje tida til at eg rekk å få oversikt over listene eg burde ordne, eller rett prioritering av desse. Handlelistene er kvardagslege, og stort sett går desse kjapt. Ønskelistene er vel av dei meir omfattande, og dessverre er også listene over ting som burde gjerast inni og utanfor huset ei liste som vil kreve arbeid å skrive per dags dato. I dag nøyer eg meg derfor med å skrive ei liste over listene som skal skrivast. Og handleliste, men den går på papiret.

Først: ei overskrift, som gjer lista tydeleg på innhald.


Lister: 

Det er lurt å ha punkt for kvar ting, det gjer det oversiktlig. Kanskje nummerering kan vise korleis ein prioriterer også (sjølv om det ikkje er gjort her; det er som sagt vanskelig før eg har fått oversikta).
  1. Ønskeliste til huset (interiør)
  2. Ønskeliste til hus og hage
  3. Kva treng barna av kle/sko sommar/haust? 
  4. Kva treng vi av kle/sko sommar/haust?
  5. Ferieliste - kva må vi ha med, må vi kjøpe noko ekstra?
  6. Bokliste
  7. Musikkliste
  8. Turliste
  9. Middagsliste - redigert versjon


Eg kjem ikkje på fleire, gjer du? Men medan eg skreiv, noterte eg her i margen (om bloggar kan seiast å ha dét): joggesko til Ida (ho klarte sjølvsagt å miste dei nye på SFO), sandalar til Ida, sandalar til Vetle, shorts til Vetle, reisetrille med nedleggbar rygg, sandkasse og sand, kost, babycall, ein stad ut på Sotra med kafé, kyllingfilet surra i serranoskinke, iallfall, og ost- og skinkesalat. Kanskje nattbord hadde vore noko? Og service på bilen? 


Og så var det dette med prioritering, då. Når ferieturen er bestilt, er det vel viktigast å ha alt naudsynt utstyr til den, framfor service på bil eller middag til i morgon. Det betyr: shopping! Shorts og sko, trille og babycall, solkrem og solhatt/caps, nye solbriller til mor (dei gamle er sikkert ikkje bra nok?). Kanskje fins der butikkar med tilbud? Godt ein kan prioritere, og ikkje minst: at skattepengane er på konto.
 



post signature

fredag 10. juni 2011

Butikken stenger kl. 16 i morgen

"Butikken stenger kl. 16 i morgen" skriv Ricki i ein sms på veg heim frå jobb. Ja, tenker eg, det høyres logisk ut. Det er jo pinseaftan. Litt etter ringer han meg, gir same beskjeden munnleg og spør deretter om han skal handle for kvelden. Ja, det er fint. Når han kjem heim, seier han at butikken stenger klokka 16 i morgon. Vi skal nok klare å handle innan det, seier eg. Ricki og Ida gjer seg klare for å gå på Brannkamp, medan eg, Vetle og Elise skal leike og rote litt heime i stova. Ein time før kampen startar får eg ein ny sms. Å, er det ekstrem kø? tenker eg. Typisk. "Butikken stenger kl. 16 i morgen" skriv Ricki. Ja, eg hugsar det. Så distré er eg då ikkje? Sikkert ikkje kø, dei ventar nok på buss eller bane. Litt etter kl. 19 får eg nok ein sms, no har kampen nett starta. Eg kan tenke meg Ida er spent! Første brannkampen! Eg får sikkert ein mms med ei jublande jente i fullt Brannutstyr. "Butikken stenger kl. 16 i morgen". No syns eg han virkar litt opphengt i butikken. Han om det, eg er travelt opptatt med dei to barføtte små, kveldsmat og ein telefon som ringer. Ikkje for å minne meg om butikken som stenger kl. 16, heldigvis. Det er mamma. Litt prat, så må eg gjere unna kveldsmaten - den var jo kun i tankane mine då telefonen ringte. Ingen blir mette av sånt. Mobilen pip to gongar medan Vetle et skiver med makrell i tomat og leverpostei, her er det Stabburet som gjeld. "Butikken stenger kl. 16 i morgen." No byrjar eg å bli litt smånervøs. Kva er det med han? Er det noko gale? Sikkert ikkje. Eller. Han er jo programmerar. Dei driv med kode. Er det ei kryptisk melding? Eg klarer ikkje å tyde koden. Kva slags butikk? 1-talet er ein L. Kva er 6-talet? 9? L9. Nei, neppe kode. Har vi krangla om butikken? Bør eg skrive handleliste no? Eg tenker kjapt på kva vi bør handle. Det er ein del. Det hjelp ikkje å tenke på tinga, dei må skrivast ned. Han meiner nok ikkje at eg må gjere det no. Barna får ein vask, ny bleie og tannpuss før dei blir lagt. Når eg kjem ned att etter legging av trøtte fjes, har eg fått tre nye meldingar. "Butikken stenger kl. 16 i morgen" - ikkje overraskande. Skal det seiast, så byrjar eg å bli lei av dei. Kan han ikkje berre seie kva han meiner? Eller kan han ikkje seie kva han meiner?! Brått slår det meg. Har det skjedd noko? Er Ida blitt trampa på av ein skarrande brannsupportar?! Det skal ikkje forundre meg, typisk om langhelga startar med opphald på barneklinikken! Eg går inn på bt.no. Ingenting om dét, iallfall. Puh. Lenger ned på bt.no ser eg det. Overskrifta. "Mobiltrøbbel for Telenor-kunder". Ja, tenkte eg det ikkje!

post signature

onsdag 1. juni 2011

Lille Petter spillemann har ein kompis

Tommeltott
Slikkepott
Langemann
Gullebrann
og lille Petter spillemann

Slik seier barneregla. Eg prøvde meg på den med Elise, men så vart eg brått i stuss. Ja, for kva seier ein når Petter spillemann har ein nabo eller ein kompis som ikkje er namngitt? Elise har seks fingre på kvar hand. Det har ho arva frå far sin, som har eit gen som går att i slekta på farssida. Både Ida og Vetle er født med seks fingre på kvar hand, men dei hadde ikkje bein i desse, og vedhenga vart fjerna på barsel dagen etter dei var føydde ved hjelp av laser eller tråd. I Elise sitt tilfelle er det bein i fingrane, og den eine fingeren ser ut til å ha eit eige ledd og vere bevegelig. Den andre stikk meir ut, og det ser ikkje ut til at ho bøyer den åleine; kun i samanheng med veslefingeren. På Wikipedia omtalast tilfelle med seks fingre som polydaktyli. Fingrane skal bli fjerna ved hjelp av plastisk kirurgi på Haukeland universitetssjukehus. Når er enda uvisst, men vi håper det skal skje før ho bruker fingrane og handa meir aktivt. Vi skal til røntgen med ho i midten av juni, så det blir spennande å sjå korleis fingrane og ledda heng saman, og om operasjonen vil bli enkel og nært foreståande. Ifølge legen vi var til konsultasjon hos i starten av mai, kunne det ta mellom eit halvt til eitt år før ho fekk operasjonen. Førebels får regla bli slik:

Tommeltott
Slikkepott
Langemann
Gullebrann
og Pål og Petter spillemenn

post signature

søndag 29. mai 2011

Ein heilt vanleg søndag // A day in life project

I dag har eg hatt eit lite prosjekt gåande gjennom dagen. Frå morgon til kveld i dei fleste situasjonar, har eg knipsa i veg - og tatt vare på det daglegdagse i livet. Ofte er det jo det spesielle som blir knipsa; turane vi er på, besøk, ferie, milepælar og liknande. I dag knipsa eg derimot ein heilt vanleg søndag, kor "ingenting" skjedde. Og dagen vår såg slik ut:

 Vetle vaknar. Dagen startar. Hol i sokkane. Jaja.
 










Ricki blir lurt, står opp 5.59. Eg står opp 6.30, Ricki
legg seg att. Vetle og eg ser barne-tv, Didrik og Dorte.











Ida vaknar 6.45. Legg seg trøtt i sofaen og ser barne-tv.
Eg syns det er på tide med kaffi.
 












Vetle leitar fram plastelina. Samstundes vaknar Elise kl. 7.
Ricki går og legg seg att. Det ser ut som han treng det.











På tide med frukostpupp, og morgonstell for Elise.











Endelig får eg kaffikoppen min. Ida vil helst ikkje kle på seg,
det er så deilig å ligge og slumre framfor barne-tv i pledd.











Søndag = egg til frukost! Men så vi er tome for egg ...











Vetle hjelper til med å lage istand frukost for oss som er vakne.











Elise søv ein dupp, og dei to andre leikar med lego.











Eg rydder vekk frukost og tømmer oppvaskmaskina.
Barna treng figurar til legohuset dei bygger, eg hjelper til.











Morgonstell.











Eg set på første vaskemaskina med kle. 
Barna leikar framleis med lego.











Eg synkroniserer iPhone, lastar ned litt musikk.
Eg ber barna gå og vekke pappa sin kl. 10.00.











Elise er våken att. Og det er Ricki og.











Vetle er klar for å gå ut med pappaen som har fått frukost,
medan Elise leikar under babygymen.











Ida og eg et lunsj før ho stikk ut for å sykle.











Vetle er inne att, og et lunsj. På tide med dupp for begge dei minste.
Begge to sovnar greit i dag.











Eg heng opp klesvasken. Elise søv enda.











Nei, ho sov visst ikkje likevel. Då kosar vi istaden.











Vetle blir vekt etter ein ganske god time. 
Vi les litt på senga før han står opp. Det er ei puslespelbok.











Eg legg Elise i vogna og håper ho skal sove litt. Det ser ikkje lovande ut.
Dei andre stikk ut på tur i skogen og er føre-var med regntøyet på.
Elise er forkjøla, så vi held oss inne i dag.











Elise søv ikkje, men det knirkar voldsomt i bleien -
og då er ho nøgd! Leikar litt i leikegrinda etterpå, 
så mamma får lage middag.











På menyen står "vi-tar-det-vi-finn-i-frysen": påskeskinke 
med fløtegratinerte poteter og salat, samt pasta og kjøtkaker.
Eplekake, is og kaffi til dessert. Nam!











Vetle og eg spelar bondegardslotto. 
Ida ser Camp Rock på dvd.











Elise klør i munnen, og er trøtt. Straks leggetid.











Kveldsstell og leggetid. 
Ida får lese litt i senga: Slangen i graset av Hans Sande. 
God bok.











Barna søv kl. 20.00, 
eg legg andre runde med klesvask i tørketrommelen.











Deretter blir leiker rydda opp frå golvet, 
og støvkosten dratt ei kjapp runde rundt på golvet.











På tide med kveldsmat i ro og fred for mor kl. 21.00, 
og ein liten kos med te, kjeks og denne bloggposten.










Takk for i dag!

post signature

fredag 20. mai 2011

Rundstykker med cottage cheese

Bake kake søte, syng vi for småttisane våre heime eller i barnehagen. I mitt tilfelle vart det bake cottage bolle i går, då bakelysta kom over meg nokså seint på kvelden. Rundstykker med cottage cheese er skikkelig gode. Dei er nok ikkje så grove og fiberrike som eg skulle ønske, men cottage cheese er til gjengjeld rik på protein, så då veg det no opp for litt. Rundstykka har bollekonsistens pga. dei er bakt med mjølk og ikkje vatn. Det er svært lite sukker i dei, så om ein føler for å gi barna ein sunnare bolle som dei kanskje jublar over, så er ikkje desse eit dumt val! Dropp valmuefrøa, så ser og kjennast det ut som bolle. :-)


Ingredienser:
2 kg kveitemjøl
300 gram margarin
1 liter lettmjølk
2 pk gjær
1 boks cottage cheese
3 ts salt
3 ts sukker
2 egg
1 egg til pensling
Valmuefrø

Framgangsmåte:
Smelt smør, bland med mjølk og løys opp gjæra i væska. Hakk cottage cheese med stavmiksar, og bland inn egg, sukker og salt. Bland dette med væska (mjølk/gjær/smør) og jobb inn mjølet til slutt.
Hev til dobbel størrelse.
Pensle med egg og strø på valmuefrø.
Etterhev.
Steikast på 225 grader i ca. 15 minutt.


post signature

torsdag 12. mai 2011

Ny sykkel!

Det var ei spent jente som dro til byen med pappa i ettermiddag, for å kjøpe ny sykkel. Og SÅ stolt då ho kom heim med skinande blank rosa sykkel med 21 gir, ny lås og ringeklokke. Klart det måtte syklast litt, sjølv om det var leggetid. ♥



post signature

lørdag 7. mai 2011

Hipp hurra for Ricki 37 år!

Min kjære Ricki er 37 år i dag - og no kan ein vel trygt påstå at han ikkje er ein gut, men ein vaksen mann. Enda kor mykje 20-og-noko han føler seg. Iblant. Som seg hør og bør på ein bursdag, fekk han sove lenge. Eg trur faktisk han vakna før han vart vekt klokka ti i dag, med bursdagssong, bursdagsgåve og bursdagsfrukost på senga.


Alt fell i smak hos bursdagsmannen, og begge barna måtte prøve boksehanskane (korr: sekkehanskane). Eg trur kanskje musklane vaks på vesle Vetle berre av å prøve dei på hendene. Ricki derimot må nok nokre turar innom garasjen, kor boksesekken heng og garasjen etterkvart sitrar av slaga.

Ettermiddagen brukte vi ute i sommarleg vêr i dag. Vi trilla innover til Haakonsvern og gjekk opp Vassendvegen og innover i Alvøskogen. Ved ei lita slette stoppa vi og åt niste, og barna leika inne i skogen. Der fanst alt våre utebarn kan tenke seg; pinnar, steinar, konglar, klatretre - og insekt, til fryd og frykt.



Etter over ein time med mat, amming, undring og leik, gjekk vi vidare til Alvøyvatnet kor eit par ender fekk matrestane våre - og nokre kjekke ploppesteinar ploppa i vatnet. Etterpå gjekk turen heim att, kor pizzakveld og leggetid vart seinare enn forventa - forhåpentligvis betyr det ein seinare start på morgondagen (derimot har vel tendensane vore motsatt kvar gong kvelden blir sein, og likevel held vi fram med å håpe!)



Blidensol sov seg gjennom heile turen - med unntak av ei lita ammepause ved sletta. Bildet under er tatt før turen (ein kan vel ikkje berre vise sovebilder når vi trillar tur, ho er jo trass alt vaken innimellom).

♥ ♥ ♥

post signature

søndag 1. mai 2011

Søndagstur til Tyssøy

I dag gjekk søndagsturen til vakre Tyssøy! Tyssøy ligg drøye 15 minutt herfrå med bil, og er vel verdt å besøke ein finversdag. Fantastisk natur med skog, svaberg og sjø. "Vi fant 'an!" ropte Vetle då vi såg sjøen; målet for turen var ei lita strandstripe kor barna kunne plukke skjell og kaste "ploppesteinar" i sjøen.



På veg til den vesle bukta gjekk vi forbi nokre geiter, som Vetle la sin elsk på. ♥ Han mata dei gladelig med gras, smørblomst og engkarse - som er endelege teikn på at våren er i full blomstring. Det var vanskeleg å få han vekk frå geitene, "gjætene mine!" slik han såg det, så hit kjem vi nok fleire dagar.



Elise sov og sov i den gode sjølukta, enda vogna humpa litt her og der på steinete stiar. Ein flott dag i fantastisk landskap, det var det iallfall.





post signature