Først: ei overskrift, som gjer lista tydeleg på innhald.
Lister:
Det er lurt å ha punkt for kvar ting, det gjer det oversiktlig. Kanskje nummerering kan vise korleis ein prioriterer også (sjølv om det ikkje er gjort her; det er som sagt vanskelig før eg har fått oversikta).
- Ønskeliste til huset (interiør)
- Ønskeliste til hus og hage
- Kva treng barna av kle/sko sommar/haust?
- Kva treng vi av kle/sko sommar/haust?
- Ferieliste - kva må vi ha med, må vi kjøpe noko ekstra?
- Bokliste
- Musikkliste
- Turliste
- Middagsliste - redigert versjon
Eg kjem ikkje på fleire, gjer du? Men medan eg skreiv, noterte eg her i margen (om bloggar kan seiast å ha dét): joggesko til Ida (ho klarte sjølvsagt å miste dei nye på SFO), sandalar til Ida, sandalar til Vetle, shorts til Vetle, reisetrille med nedleggbar rygg, sandkasse og sand, kost, babycall, ein stad ut på Sotra med kafé, kyllingfilet surra i serranoskinke, iallfall, og ost- og skinkesalat. Kanskje nattbord hadde vore noko? Og service på bilen?
Og så var det dette med prioritering, då. Når ferieturen er bestilt, er det vel viktigast å ha alt naudsynt utstyr til den, framfor service på bil eller middag til i morgon. Det betyr: shopping! Shorts og sko, trille og babycall, solkrem og solhatt/caps, nye solbriller til mor (dei gamle er sikkert ikkje bra nok?). Kanskje fins der butikkar med tilbud? Godt ein kan prioritere, og ikkje minst: at skattepengane er på konto.
2 kommentarer:
ikke dumt med en liste over listene, selv er jeg bare nødt til å lage lister for å få orden på kaoset til tider, spesielt nå i flyttesjauen, og også til ferien :) *♥*
I år vart det faktisk ikkje skrive liste før ferieturen, fekk ikkje tid! Trur det einaste vi gløymte, var reiseseng .. hehe. Men det var ikkje så farlig med det, sidan vi hadde bestilt babypakke på hotellet med m.a. babyseng, og Vetle ordna vi ved å snu sofasenga så ryggen stod ut og dermed hadde sengehest. :)
(Eg er dårleg på å svare på, og tidvis publisere, kommentarar her inne, men eg les dei med det same!)
Legg inn en kommentar