Eg har funne mitt livsmotto! Sjølvsagt kjem det frå ein av mine favorittforfattarar, og det er ganske enkelt heilt sant:
Den ærlige pessimisten har alltid ført menneskeheten lenger fram enn solstrålefortelleren.- Inger Hagerup
torsdag 20. april 2006
onsdag 19. april 2006
SAS Braathens
På dagbladet.no las eg nett ei annonse: Tusenvis av billige billetter. Se gode tilbud. SAS Braathens. Det er litt over ei veke sidan SAS Braathens avslutta sin siste streik. Og no kjem billigbillettane for fullt til sals. Eg undrast kor mange som kjøper billett av flyselskapet til sommaren? Eg håper inderleg ikkje folk gløymer kva passasjerarane gjekk gjennom. Eg skal såvisst ikkje gløyme det, enn kor mange lappar billigare dei er enn Sterling, KLM eller Lufthansa. Widerøe er dessverre også medlem av SAS, men dei står sjølvstendig og sterkare samla, kan det verke som.
Om du trykkjer på lenkane til flyselskapa, kjem du til nettsidene deira. Og veit du? Dei har kanskje óg tusenvis av billige billettar, med ein større sjans for å frakte deg dit du skal. For som SAS Braathens tidlegare sa: Du skal alltid hjem. Merkelig at denne reklamen ikkje har vore så aktiv på tv i det siste. Dei hadde kanskje ikkje råd til å omformulere reklameteksten til Skal du alltid hjem? eller Du skal aldri hjem. eller rett og slett en hyppig bruk av det sikre ordet kanskje: SAS Braathens - flyr deg kanskje dit du vil, kanskje når du vil.

onsdag 29. mars 2006
fredag 17. mars 2006
Lukt
Det er rart med lukt. Du kjenner ho overalt, og ho skil seg ut i dei fleste situasjonar. Inga lukt er som regel heilt lik ei anna, ho kjem i nyansar og grader. Nokre gonger er ho heilt ny, andre gonger er ho berre eit minne. Den vanlegaste legg vi kanskje ikkje merke til.
No kjenner eg ei lukt eg minner. Eg sit aleine på ein datasal på skulen, og det er tidlig om morgonen. Det luktar datamaskin, tasting, oppgåver og kvite veggar. Det luktar tavle, ei kvit søyle og store vindauge med utsikt til studentbarnehagen. Eg minnast då eg gjekk 1. år på lærarskulen, då eg ofte gjekk med raud genser. Eg sat i dette rommet fleire gonger det året. Ricki budde i Oslo, eg budde på Haddal - og NorWay bussekspress tjente månedlig på meg.
Ja, det er rart med lukter. Og godt med minner.

tirsdag 14. mars 2006
Passbilete er ikkje til å spøke med
fredag 10. mars 2006
Kultur
Eg sat og las ein artikkel i Dagbladet i dag, då eg kom over ordet ukultur. Det skal altså ikkje så mykje til å irritere meg språkleg, så eg vil presisere kva ukultur er, og kva kultur er.
Ukultur:
1) Mangel på kultur og dannelse.
Kultur:
1) resultatene av en periodes, et samfunns, en gruppes samlede åndelige og materielle virksomhet
2) holdninger, verdier og normer som er rådende hos en viss gruppe mennesker
Ein kan ikkje påstå at muslimane har ein ukultur. Det dei har er eit anna livssyn i første omgang. Deretter kjem kanskje ulike verdisyn, andre haldningar og andre reglar. Kultur har dei absolutt.
Definisjonane er funne på Språkrådet sine sider.

torsdag 9. mars 2006
Uforsvarleg bilist med sans for kvitkledde fjell
torsdag 2. mars 2006
Eg lagar meg eit nytt språk og skriv eit dikt
Maramo higo famas
sepungo dilma fei
dilakama resolamas
e girgo savakei.
Le pumo idan sovi
gerigo savaldon?
Ritale sibur dovi
kapunga dilma gon.
Av Ragnar Hovland, den kulaste.
sepungo dilma fei
dilakama resolamas
e girgo savakei.
Le pumo idan sovi
gerigo savaldon?
Ritale sibur dovi
kapunga dilma gon.
Av Ragnar Hovland, den kulaste.
mandag 27. februar 2006
DAP
DAP er det ingen som forstår. Og kva du enn seier, vil du ikkje få vite definisjonen. Men no er det her.
søndag 26. februar 2006
Vinter
I Volda kom snøen dalande ned på fastelavn, og vi fekk eit fantastisk vinterver!

Ricki reiste tilbake til Athen i dag, og det er som vanleg trist. Neste gong vi ser han er til påske, då skal vi vere ei veke på besøk i Athen. Eg håper Ida klarer seg fint med berre meg tilstades, og at det ikkje blir noko overgangskrise slik det ofte har vore i desse besøksperiodane.

mandag 20. februar 2006
Ny heimeside?
Eg er i tvil om korleis mitt nettlege føyseskap skal leggast opp. Skal eg halde fram her på blogger, skal eg lage ei heilt ny side med blogg, galleri og tekstar eller lage separat galleri og poste tekstar i bloggen? Kan ein ha fleire bloggesider innanfor ein, og kan ein lenkje til dei?
Ei helsing frå Ida, som har lært seg kvar hennar bokstav er på tastaturet:
iiiiiiiiiiiiiiiiiiiiiiiiiiiiiiiiiiiiiiiiiiiiiiiiiiiii

iiiiiiiiiiiiiiiiiiiiiiiiiiiiiiiiiiiiiiiiiiiiiiiiiii

onsdag 16. november 2005
Vinterens første snø!
I går kom den første snøen! Med clementinar (eller er det mandarinar? Eg veit aldri skilnaden) i hus, stearinlys i vindauget og snø ute er førjulstida alt komen. Kalendergåvene har vorte innkjøpt på to dagar, og no manglar berre 1. desember før stemninga skal vere i boks. Eg trur ikkje snøen held så lenge, men ein kan jo håpe den kjem att snart, om ikkje anna. Ida går ute og lagar spor, tek på snøen og lagar handavtrykk og synest det er kjekt. Påkleding er dessverre ein annan sak, så morgonane framover er travle ...

tirsdag 18. oktober 2005
Atlanterhavsparken i Ålesund
1. oktober dro Ricki, Ida og eg til Atlanterhavsparken i Ålesund. Akvariumet har store landskapsakvarier bygd inn i kystnaturen, og vi såg mange fine, nokre rare og til og med nokre artige fisk. Høgdepunktet var kanskje når fiskane vart mata av ein dykkar, det var litt morsomt å sjå kor fiskane flokka seg rundt karen og ville ha kos - men aller helst mat. Ida sprang rundt og ropte "Sjå! Sjå!" og "Enda meir fisk!" og det var ein fin tur. At vi på veg heim frå Ålesund gjekk tom for bensin, og at reisa derfor tok eit par timar meir enn den trengde, er ei anna historie som helst går i gløymeboka ...
torsdag 29. september 2005
Vi må på sjukehus når vi får vondt
Under kveldsstellet til Ida flaug eit helikopter forbi mot sjukehuset. Eg fortalde at det kanskje var nokon som var skada, eller som var veldig sjuke, då må ein av og til på sjukehus.
- Dama aua, seier Ida, og ser på meg med bekymringsfulle auge.
- Ja, kanskje ho he skada sej. Men det går nok bra, seier eg. Ida nikkar.
- Går bra.
Så tenkjer ho litt, og kikar ut vindauget etter helikopteret, som no har landa.
- Dama aua. Må sjukehus.
- Mhm, det går nok bra med ne. Ho fe medisin, og so vil doktoren fikse ne.
- Ja. Ej aua der, ej.
Ho peikar på leggen sin, som har eit halv centimeters skrubbsår frå fem dagar sidan.
- Ej må sjukehus, ej.
Ser du? Jenta mi kan trekkje logiske slutningar!

torsdag 15. september 2005
Naxos
Det er kanskje litt i seinaste laget for ein ferierapport frå Naxos, men den MÅ kome! Det er litt godt å tenke tilbake på sommaren og vite at den var fin, iallfall medan vi var i Hellas. Den norske sommaren skal eg ikkje skryte noko av.
Vi reiste til Naxos med speedbåt frå Pireus 1. juli, og kom fram nokre timar seinare. Der venta Ioanna, som var eigaren av hotellet vi hadde booka via e-post. Ricki hadde snakke med henne på telefon, og dei ville hente oss på hamna. Iallfall var det det vi trudde. Ioanna var ei nokså lubben dame - som ikkje snakka eitt ord engelsk. Derfor hadde ho meg seg niesa si, ein ungdom som kunne litt meir enn henne.
Allereie frå starten av hadde vi litt kommunikasjonsproblem, og dei gjorde store auge då dei såg all bagasjen vi hadde med: ein stor koffert, ein ryggsekk, ei stelleveske og ei barnevogn! Jøje meg. Dette hadde dei virkeleg ikkje forventa! Det var nemlig ikkje plass til all bagasjen i bilen. Derfor tok Ioanna vogna oppå bagasjelokket til bilen, og køyrde med ho der ein 5-6 minutt, til vi kom til jernhandlaren. Då stoppa ho bilen, gjekk inn og kjøpte tau - og festa vogna. Deretter bar det vidare ut på landet.
Vi stussa litt over tida det tok frå byen, ettersom det ikkje skulle vere så langt ifølge nettsidene vi hadde sjekka før vi booka hotellet. Det var også rart at vi køyrde oppover og oppover i fjellsidene, medan hotellet vårt skulle ligge ein 5 minutters gåtur frå stranda. Men det var sikkert ei strand på den andre sida av øya. Vi køyrde forbi landsbyen, som inneheldt eitt bakeri og eitt postkontor. Merkelig. No var vi snart framme, men før vi kom til hotellet stoppa Ioanna eit par stader for å helse på foreldre og naboar. Vi fekk og helse på dei. Trivelig. Dette var ein menneskekjær hotelleigar som var svært glad for å få gjestar! "Er det mange gjestar på hotellet no?", spurte Ricki. "Neeeeii ... ikkje så mange", var svaret han fekk. Vi køyrde litt til, og var plutselig framme. Det var fint; kvite murhus med blå karmar, som typisk gresk er. I bakgården var det oliventre og andre vekstar - og eit par kattar låg og slumra nærast pelslause i skyggen. Ut på enga høyrde vi kyr. KYR? Ja, kyr. Stranda låg ca. 3 km frå hotellet. Det tok ikkje 5 minutt å gå dit, og vi vart anbefalt å leige bil. Bussen gjekk ikkje så ofte. Ioanna kom med heimelaga ost, og sjølvplukka agurk og tomat. Deretter køyrde ho inn til byen og kjøpte croissantar til oss. Det var flott gjort at hotelleigaren å varte oss opp på den måten! Men det var noko som ikkje stemte. Det var ingen andre gjestar der, ingen basseng, ikkje familievenleg hotell, ingen leikeplass, ingen naboar, ingen supermarkets, ingen strender, langt til byen ... kunne dette vere rett hotell? Det enklaste svaret her er nei. Vi hadde kome til Ioanna Studios, medan vi hadde rom på Ioanna Studios and Apartments. Ricki hadde ikkje sjekka namnet på hotellet då han ringte og spurte om transport til hotellet, ettersom han ikkje rekna med at det var fleire Ioanna'ar som leigde ut rom på Naxos. Dermed starta kommunikasjonsproblema, og vi ende opp på feil hotell. Etter litt krangling og unnskyldningar, fekk vi skyss til det eigentlege hotellet vårt - og gjett om vi var letta. Dette hotellet var akkurat slik vi hadde sett det på nettet, og det var dette vi hadde booka. Eit par timar etter ankomst ved hamna var vi framme ved Ioanna Studios and Apartments, og såg fram til å vere der i to heile veker:

Resten av ferien var kjempefin, og fleire bilete ligg på familiegalleriet vårt, for de som har tilgjenge til det. For de andre som ikkje har det, skal eg vurdere å leggje opp nokre fleire bilete ved etterspørsel.

Abonner på:
Innlegg (Atom)