fredag 17. mars 2006

Lukt

Det er rart med lukt. Du kjenner ho overalt, og ho skil seg ut i dei fleste situasjonar. Inga lukt er som regel heilt lik ei anna, ho kjem i nyansar og grader. Nokre gonger er ho heilt ny, andre gonger er ho berre eit minne. Den vanlegaste legg vi kanskje ikkje merke til.

No kjenner eg ei lukt eg minner. Eg sit aleine på ein datasal på skulen, og det er tidlig om morgonen. Det luktar datamaskin, tasting, oppgåver og kvite veggar. Det luktar tavle, ei kvit søyle og store vindauge med utsikt til studentbarnehagen. Eg minnast då eg gjekk 1. år på lærarskulen, då eg ofte gjekk med raud genser. Eg sat i dette rommet fleire gonger det året. Ricki budde i Oslo, eg budde på Haddal - og NorWay bussekspress tjente månedlig på meg.

Ja, det er rart med lukter. Og godt med minner.

Ingen kommentarer: