onsdag 19. april 2006

SAS Braathens

dagbladet.no las eg nett ei annonse: Tusenvis av billige billetter. Se gode tilbud. SAS Braathens. Det er litt over ei veke sidan SAS Braathens avslutta sin siste streik. Og no kjem billigbillettane for fullt til sals. Eg undrast kor mange som kjøper billett av flyselskapet til sommaren? Eg håper inderleg ikkje folk gløymer kva passasjerarane gjekk gjennom. Eg skal såvisst ikkje gløyme det, enn kor mange lappar billigare dei er enn Sterling, KLM eller Lufthansa. Widerøe er dessverre også medlem av SAS, men dei står sjølvstendig og sterkare samla, kan det verke som.

Om du trykkjer på lenkane til flyselskapa, kjem du til nettsidene deira. Og veit du? Dei har kanskje óg tusenvis av billige billettar, med ein større sjans for å frakte deg dit du skal. For som SAS Braathens tidlegare sa: Du skal alltid hjem. Merkelig at denne reklamen ikkje har vore så aktiv på tv i det siste. Dei hadde kanskje ikkje råd til å omformulere reklameteksten til Skal du alltid hjem? eller Du skal aldri hjem. eller rett og slett en hyppig bruk av det sikre ordet kanskje: SAS Braathens - flyr deg kanskje dit du vil, kanskje når du vil.

Ingen kommentarer: