søndag 1. mai 2011

Søndagstur til Tyssøy

I dag gjekk søndagsturen til vakre Tyssøy! Tyssøy ligg drøye 15 minutt herfrå med bil, og er vel verdt å besøke ein finversdag. Fantastisk natur med skog, svaberg og sjø. "Vi fant 'an!" ropte Vetle då vi såg sjøen; målet for turen var ei lita strandstripe kor barna kunne plukke skjell og kaste "ploppesteinar" i sjøen.



På veg til den vesle bukta gjekk vi forbi nokre geiter, som Vetle la sin elsk på. ♥ Han mata dei gladelig med gras, smørblomst og engkarse - som er endelege teikn på at våren er i full blomstring. Det var vanskeleg å få han vekk frå geitene, "gjætene mine!" slik han såg det, så hit kjem vi nok fleire dagar.



Elise sov og sov i den gode sjølukta, enda vogna humpa litt her og der på steinete stiar. Ein flott dag i fantastisk landskap, det var det iallfall.





post signature

3 kommentarer:

Mie fra Mies Mirakler sa...

Elise er nok litt lik på storesøster ja, skjønne tulla ♥
Har aldri hørt om denne øya jeg, ser ut som et vakkert sted å være :) *♥*

Heidi sa...

Så herlig det såg ut! Nydelig med sånne daga!! :D

Cecilie sa...

Ja, Elise = Ida. Må grave litt i digi bilder på disk og sjå om eg finn bilder kor dei er like gamle på for samanlikning. :)

Tyssøy er like forbi Bjorøy, max 15 min. å køyre herfrå (buss 42 går dit, meiner eg). Er naturverna område, så ein kan ikkje køyre rundt på øya - må parkere og traske innover. Nydelig tur. Meir info om friluftsområdet: http://www.bof.no/Omrader/Sund/655_tyssoy.htm