torsdag 11. november 2010

5th element


Om ikkje lenge kjem det eit nytt element inn i familien vår. Ei tulle. Vi er spente på om ho liknar på Vetle, eller Ida - eller ingen av dei. Ida og Vetle er nemlig ikkje så like. Med ei blond og ein raudtopp frå før, blir kanskje dette ei brunette? Vi gler oss uansett til 1. februar, og er spent på korleis Vetle taklar å bli storebror. Ida reknar eg med taklar det fint, som ho gjorde med Vetle - utfordringa vår ligg i å gje dei to andre nok merksemd!

Litt utstyr trengs, men vi har heldigvis det meste etter Vetle. Eg fekk jo reint sjokk her om dagen, då eg tenkte på at Vetle faktisk var fødd i fjor! Og no er vi på 'an igjen. Jaja. Snart er familien komplett, og eventuelle 6. eller 7. element må vere firbeinte eller ha gjeller.

6 kommentarer:

Nina sa...

Så kodelig blogg du har! Har ikke rukket å lese så mye, men titter nok innom igjen når jeg har litt bedre tid!
Utrolig koselig å se bilde av deg og magen!! :D

Ha en fin kveld!

Cecilie sa...

Tusen takk! :) Kjekt om du kjem innom igjen, og veldig kjekt med kommentarar. :D God helg!

Ingrid - Misje lys og Misje varme sa...

Haha, morosam du!
Håpar ikkje desse 6. og 7. elementa kjem frå magen din! Den ser for øvrig fantastisk ut!! Kjekt å sjå innom : )
God helg!

Cecilie sa...

Hehe. Takk! :) God helg!

Heidi sa...

Nydelig fin babymage Cecilie!! <3 Bli spennande å sjå det lille mirakelet som bor inni der! :D
Kjekt at du oppdatera litt no, he savna de!:D

Cecilie sa...

Tusen takk, Heidi! :) Kjekt å ha tid til å blogge igjen, sjølv om det alltid blir mest svada. ;)