«avskjed nr. to»
eg har framleis ein del
av deg
i meg;
fråveret av språk.
no legg eg meg ned
og ventar på alle
orda som skal koma, tungene våre
som skal forstå alt.
I bloggen sin skriv Alnes to ting eg merkar meg. For det første finn ho det morosamt å bli omtalt som Alnes, noko eg gjerne trur på. Å bli kalla i etternamnsform er kanskje noko som blir gjort i formelle former og derfor ikkje blir opplevd så ofte. No og då blir etternamnet tilnamnet du får; i nokre tilfelle blir dessverre Sickenger til Sykengel eller Sand til Singel. Om eg ein gong får til å skrive barneboka som ligg i hovudet mitt, så trur eg òg at å bli omtala som Sand blir annleis. Men mest godt, forhåpentlegvis - det kjem nok an på omtalen. Det andre eg merkar meg ved Alnes sine ord, er at ho ikkje lenger er glad i diktet ovanfor. Samtidig skriv ho at ho har tatt vare på det første diktet ho skreiv som 13-åring, fordi det viser kor mykje ho har utvikla seg. Eg vil då tru, at ved å forkaste noko ein var stolt over, noko ein stod inne for, gjer at ein har kome vidare til sjølvkritisismen. Og kanskje er det og eit steg vidare mot eit enda betre utkast? I mitt tilfelle har ikkje utkastet kome ned på papir, eller skjerm, før det har blitt forkasta. Orda er der, i ei litt annleis form enn dei er tenkt, og historia er ferdig. Men med sterk sjølvkritikk innanbords, blir forma på ord og historie slukt av ein knapp på seks bokstavar: Delete. Eg ventar framleis på at det skal kome ut. Perfekt.
Elles må eg nemne at "avskjed nr. to" er eit dikt eg likte. Det uttrykkjer mykje med få ord og gir ei god skildring av korleis ord kan bli kvelt av kjensler.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar