søndag 25. mai 2008

Ida er fotograf

No som vi har kjøpt oss nytt kamera, gav eg Ida frie tøylar til å ta det gamle kameraet ut og ta bilder. Dette syntes ho var kjempegøy! Kameraet vart fort fullt, og her er eit lite utval av motiva ho fann:


Det er tydeleg at det typiske motiv å starte med, er leikene, seg sjølv og det ein elles måtte finne i hagen (ettersom ho no var ute). Andre motiv som vart tekne, var mellom anna ein snegl, ei tilfeldig forbipasserande jente og himmelen. Eg syns dette er veldig spennande; det blir ein slags måte å sjå hennar perspektiv på.

Ricki tok med det gamle kameraet til Athen, så kanskje eg burde slenge inn nokre bilder frå han og etterkvart - og så får vi sjå hans perspektiv på Grekenland? Eg tippar han knipsar fjell, fjompar og fyll. Men eg kan ta feil.

Ingen kommentarer: