torsdag 8. mai 2008

42 tunellar fram og tilbake

Søndag dro vi på tur til Ulvik i Hardanger og besøkte Ruth og Jan som var der på tur med bobilen sin. Ricki sa det var flott å køyre den strekninga, og eg gledde meg veldig. Vi susa forbi dei få tunellane mot Åsane, og eg skimta skiltet med Indre Arna. Landlege strøk! Eg såg for meg fjell, fjord, eng og åker - og gjerne litt sauar og kyr som spredte landets eim inn i bilen. Først måtte vi berre køyre gjennom eit par tunellar, sa Ricki. Eit par vart til 42! 42. Utsikta fram til Voss, vart dermed prega av mørke, fuktige veggar og tak med ei rad av lys bortetter ...

Etter vi ankom Voss, som etter mi meining kan vere litt oppskrytt, var det derimot idyll til høgre og venstre - eg fekk endelig det eg forventa på turen:
  • Møkkeim
  • Løvetann
  • Sol
  • Fjell
  • Fjord
  • Engkarse
  • Fossefall
  • Eng
  • Åker
  • Sauar
  • Smale landevegar
  • Elv
  • Aude landskap
Då vi etter 3,5 time med tissepauser, kaffipauser og spypauser kom fram til Ulvik, skjønte eg at hit var det verdt å køyre, trass tunelltrasé frå Bergen. Ifølge Ricki er 42 eit magisk tal, det er visst svaret på alt. I så fall ligg kanskje nettopp svaret i vakre Ulvik i Hardanger? Det er iallfall verdt å besøke minst éin gong til for å finne ut av dét.

Ingen kommentarer: