søndag 25. mai 2008

Saknad

Til bestemor, Åse Mathilde 1929-2008:

SAKNAD

Så liten plats en människa tar på jorden.
Mindre än ett träd i skogen.
Så stort tomrum hon lämnar efter sig.
En hel värld kan inte fylla det.

Så litet en människas hjärta är.
Inte större än en fågel.
Rymmer ändå hela världen
och tomma rymder större än hela världen
ändlösa tomma rymdskogar av tystnad sång.

Ingrid Arvidsson

Ida er fotograf

No som vi har kjøpt oss nytt kamera, gav eg Ida frie tøylar til å ta det gamle kameraet ut og ta bilder. Dette syntes ho var kjempegøy! Kameraet vart fort fullt, og her er eit lite utval av motiva ho fann:


Det er tydeleg at det typiske motiv å starte med, er leikene, seg sjølv og det ein elles måtte finne i hagen (ettersom ho no var ute). Andre motiv som vart tekne, var mellom anna ein snegl, ei tilfeldig forbipasserande jente og himmelen. Eg syns dette er veldig spennande; det blir ein slags måte å sjå hennar perspektiv på.

Ricki tok med det gamle kameraet til Athen, så kanskje eg burde slenge inn nokre bilder frå han og etterkvart - og så får vi sjå hans perspektiv på Grekenland? Eg tippar han knipsar fjell, fjompar og fyll. Men eg kan ta feil.

tirsdag 20. mai 2008

Bjørn Eidsvåg syng det bra

Denne sangteksten er dedikert til Ricki:

Her e ein bitte liten trøstesang
for de av oss som gang på gang
blir djupt fortvila
øve tankens feige faneflukt
kver gang den nesten bære frukt
og vil brått kvila
den e så svikefull- den e'kje sanne
den tar med svaret inn i tåkelandet
me halse itte som best me kan
men blir ståande igjen i måpeland
ståande igjen i måpeland

et lite ord, et navn, et tall, et sted
det sko vær' lett å huska det
men alt e vekke
me har det så og sei på tungespissen
men den sleipe tankenissen
den e så frekke
den e så svikefull- den e'kje sanne
den tar med svaret inn i tåkelandet
me halse itte som best me kan
men blir ståande igjen i måpeland
ståande igjen i måpeland

men sjøl Newton ødela mang en
vakker aften
på grubling og bruk av fyndord
- sikkert grove
for å finna det han visste han visste:
tyngdekraften
og det som sko te va å få et eple i hove
så det e håp for nåken og einkver
så lenge det fins epletrær

søndag 18. mai 2008

Kan ein vere glad i nokon utan ord?

Dagbladet.no har kåra Silje Marie Alnes til Månedens poet med dette diktet:

«avskjed nr. to»

eg har framleis ein del
av deg
i meg;

fråveret av språk.


no legg eg meg ned
og ventar på alle

orda som skal koma, tungene våre
som skal forstå alt.


I bloggen sin skriv Alnes to ting eg merkar meg. For det første finn ho det morosamt å bli omtalt som Alnes, noko eg gjerne trur på. Å bli kalla i etternamnsform er kanskje noko som blir gjort i formelle former og derfor ikkje blir opplevd så ofte. No og då blir etternamnet tilnamnet du får; i nokre tilfelle blir dessverre Sickenger til Sykengel eller Sand til Singel. Om eg ein gong får til å skrive barneboka som ligg i hovudet mitt, så trur eg òg at å bli omtala som Sand blir annleis. Men mest godt, forhåpentlegvis - det kjem nok an på omtalen. Det andre eg merkar meg ved Alnes sine ord, er at ho ikkje lenger er glad i diktet ovanfor. Samtidig skriv ho at ho har tatt vare på det første diktet ho skreiv som 13-åring, fordi det viser kor mykje ho har utvikla seg. Eg vil då tru, at ved å forkaste noko ein var stolt over, noko ein stod inne for, gjer at ein har kome vidare til sjølvkritisismen. Og kanskje er det og eit steg vidare mot eit enda betre utkast? I mitt tilfelle har ikkje utkastet kome ned på papir, eller skjerm, før det har blitt forkasta. Orda er der, i ei litt annleis form enn dei er tenkt, og historia er ferdig. Men med sterk sjølvkritikk innanbords, blir forma på ord og historie slukt av ein knapp på seks bokstavar: Delete. Eg ventar framleis på at det skal kome ut. Perfekt.

Elles må eg nemne at "avskjed nr. to" er eit dikt eg likte. Det uttrykkjer mykje med få ord og gir ei god skildring av korleis ord kan bli kvelt av kjensler.

Gratulerer med gårsdagen, 17. mai!

Familiefrukost - med egg i fleire fasongar, tre reine barn og fem pynta vaksne. Opposisjon - med bergenske buekorps, faner, marsj og korpsmusikk. Folkemengde. Is på alle hjørner. Pølse med brød - ikkje lompe. Gassballongar - prinsessemotiv og hestefigur. Flagg - stivstrykt og vaiande. Tivoli - med snurring, sukkerspinn og popcorn. Sol, blå himmel og kvite skyer - iallfall for det meste.

Slik var vår 17. mai-feiring.






fredag 16. mai 2008

Hysj, kan du høre?

No er våren godt i gang. Små kryp kjem fram frå jord og bakke. I barnehagen har vi jakta på både sneglar, skrukketroll, makk og edderkoppar, og i forbindelse med det har eg funne fram ein song frå Portveien 2 som er så fin. Eg går og nynnar på han om dagen:

Hysj, kan du høre?
Hysj kan du høre gresset gro
Hysj kan du høre en metemark som lo
Hysj kan du høre en maur gå forbi
Da skal du være helt stille og si:

Hei alle insekter alle små dyr
Dere som kryper og kravler og kryr

Jeg er et menneske og jeg er snill
Vær i min hage så lenge du vil

Hysj vi må være stille nå
Ingen må skremme de mange tusen små
Og når det kommer en bille forbi
Da skal du vinke m
ed hånden og si:

Hei alle insekter alle små dyr
Dere som kryper og kravler og kryr
Jeg er et menneske og jeg er snill
Vær i min hage så lenge du vil




torsdag 8. mai 2008

42 tunellar fram og tilbake

Søndag dro vi på tur til Ulvik i Hardanger og besøkte Ruth og Jan som var der på tur med bobilen sin. Ricki sa det var flott å køyre den strekninga, og eg gledde meg veldig. Vi susa forbi dei få tunellane mot Åsane, og eg skimta skiltet med Indre Arna. Landlege strøk! Eg såg for meg fjell, fjord, eng og åker - og gjerne litt sauar og kyr som spredte landets eim inn i bilen. Først måtte vi berre køyre gjennom eit par tunellar, sa Ricki. Eit par vart til 42! 42. Utsikta fram til Voss, vart dermed prega av mørke, fuktige veggar og tak med ei rad av lys bortetter ...

Etter vi ankom Voss, som etter mi meining kan vere litt oppskrytt, var det derimot idyll til høgre og venstre - eg fekk endelig det eg forventa på turen:
  • Møkkeim
  • Løvetann
  • Sol
  • Fjell
  • Fjord
  • Engkarse
  • Fossefall
  • Eng
  • Åker
  • Sauar
  • Smale landevegar
  • Elv
  • Aude landskap
Då vi etter 3,5 time med tissepauser, kaffipauser og spypauser kom fram til Ulvik, skjønte eg at hit var det verdt å køyre, trass tunelltrasé frå Bergen. Ifølge Ricki er 42 eit magisk tal, det er visst svaret på alt. I så fall ligg kanskje nettopp svaret i vakre Ulvik i Hardanger? Det er iallfall verdt å besøke minst éin gong til for å finne ut av dét.

torsdag 1. mai 2008

På tur til Skansemyren

I dag var planen først å ta bussen til byen og ta Fløybanen heilt til topps, men på grunn av dårleg verutsikt, droppa vi det og tok snarveien halvvegs opp: vi køyrde med BIL til Skansemyren. Luringar som vi er, parkerte vi litt nede i gata - så såg det iallfall ut som om vi kom gåande. Ida såg med ein gong noko som freista borterst på idrettsanlegget: ei stor gul og raud hoppeborg! Vi måtte såklart sjå på den først, og vi vart der ei stund - dette var kjempegøy! Ida rakk til og med å få seg ei ny venninne på den gode halvtimen ho hoppa.


Skansemyren idrettsplass har mykje meir å boltre seg på, etter mi meining er det ein fantastisk utestad for barna no om våren, og vi måtte også ei stund innom slengtaua, før vi dro heim i yr og naut niste og kakao ved kjøkkenbordet.

Nytt kamera!

Vi har fått nytt kamera! Det var på tide, og sjølv om vi helst er i sparemodus for tida, så trur eg det var eit fornuftig kjøp. All takk til Ricki som handla på impuls i Amsterdam. Det gamle kameraet, Olympus mju: 300, er utslitt og blir muligens overlevert vesla for eksperiment. Det kan gje spennande resultat. Det nye kameraet, er eit Canon Ixus 70, som skal vere eit heilt OK lommekamera. Og NO skal eg ut og teste det.