onsdag 16. november 2005

Vinterens første snø!

I går kom den første snøen! Med clementinar (eller er det mandarinar? Eg veit aldri skilnaden) i hus, stearinlys i vindauget og snø ute er førjulstida alt komen. Kalendergåvene har vorte innkjøpt på to dagar, og no manglar berre 1. desember før stemninga skal vere i boks. Eg trur ikkje snøen held så lenge, men ein kan jo håpe den kjem att snart, om ikkje anna. Ida går ute og lagar spor, tek på snøen og lagar handavtrykk og synest det er kjekt. Påkleding er dessverre ein annan sak, så morgonane framover er travle ...



tirsdag 18. oktober 2005

Adrian er føydd!

Mariann og Runar fekk seg ein liten gut 8. oktober! Han er kjempesøt, og heiter Adrian.

Datedi datedum

M: 18. oktober.
D: 19. oktober.

Atlanterhavsparken i Ålesund

1. oktober dro Ricki, Ida og eg til Atlanterhavsparken i Ålesund. Akvariumet har store landskapsakvarier bygd inn i kystnaturen, og vi såg mange fine, nokre rare og til og med nokre artige fisk. Høgdepunktet var kanskje når fiskane vart mata av ein dykkar, det var litt morsomt å sjå kor fiskane flokka seg rundt karen og ville ha kos - men aller helst mat. Ida sprang rundt og ropte "Sjå! Sjå!" og "Enda meir fisk!" og det var ein fin tur. At vi på veg heim frå Ålesund gjekk tom for bensin, og at reisa derfor tok eit par timar meir enn den trengde, er ei anna historie som helst går i gløymeboka ...

torsdag 29. september 2005

Vi må på sjukehus når vi får vondt

Under kveldsstellet til Ida flaug eit helikopter forbi mot sjukehuset. Eg fortalde at det kanskje var nokon som var skada, eller som var veldig sjuke, då må ein av og til på sjukehus.
- Dama aua, seier Ida, og ser på meg med bekymringsfulle auge.
- Ja, kanskje ho he skada sej. Men det går nok bra, seier eg. Ida nikkar.
- Går bra.
Så tenkjer ho litt, og kikar ut vindauget etter helikopteret, som no har landa.
- Dama aua. Må sjukehus.
- Mhm, det går nok bra med ne. Ho fe medisin, og so vil doktoren fikse ne.
- Ja. Ej aua der, ej.
Ho peikar på leggen sin, som har eit halv centimeters skrubbsår frå fem dagar sidan.
- Ej må sjukehus, ej.

Ser du? Jenta mi kan trekkje logiske slutningar!

torsdag 15. september 2005

Naxos

Det er kanskje litt i seinaste laget for ein ferierapport frå Naxos, men den MÅ kome! Det er litt godt å tenke tilbake på sommaren og vite at den var fin, iallfall medan vi var i Hellas. Den norske sommaren skal eg ikkje skryte noko av.

Vi reiste til Naxos med speedbåt frå Pireus 1. juli, og kom fram nokre timar seinare. Der venta Ioanna, som var eigaren av hotellet vi hadde booka via e-post. Ricki hadde snakke med henne på telefon, og dei ville hente oss på hamna. Iallfall var det det vi trudde. Ioanna var ei nokså lubben dame - som ikkje snakka eitt ord engelsk. Derfor hadde ho meg seg niesa si, ein ungdom som kunne litt meir enn henne.

Allereie frå starten av hadde vi litt kommunikasjonsproblem, og dei gjorde store auge då dei såg all bagasjen vi hadde med: ein stor koffert, ein ryggsekk, ei stelleveske og ei barnevogn! Jøje meg. Dette hadde dei virkeleg ikkje forventa! Det var nemlig ikkje plass til all bagasjen i bilen. Derfor tok Ioanna vogna oppå bagasjelokket til bilen, og køyrde med ho der ein 5-6 minutt, til vi kom til jernhandlaren. Då stoppa ho bilen, gjekk inn og kjøpte tau - og festa vogna. Deretter bar det vidare ut på landet.

Vi stussa litt over tida det tok frå byen, ettersom det ikkje skulle vere så langt ifølge nettsidene vi hadde sjekka før vi booka hotellet. Det var også rart at vi køyrde oppover og oppover i fjellsidene, medan hotellet vårt skulle ligge ein 5 minutters gåtur frå stranda. Men det var sikkert ei strand på den andre sida av øya. Vi køyrde forbi landsbyen, som inneheldt eitt bakeri og eitt postkontor. Merkelig. No var vi snart framme, men før vi kom til hotellet stoppa Ioanna eit par stader for å helse på foreldre og naboar. Vi fekk og helse på dei. Trivelig. Dette var ein menneskekjær hotelleigar som var svært glad for å få gjestar! "Er det mange gjestar på hotellet no?", spurte Ricki. "Neeeeii ... ikkje så mange", var svaret han fekk. Vi køyrde litt til, og var plutselig framme. Det var fint; kvite murhus med blå karmar, som typisk gresk er. I bakgården var det oliventre og andre vekstar - og eit par kattar låg og slumra nærast pelslause i skyggen. Ut på enga høyrde vi kyr. KYR? Ja, kyr. Stranda låg ca. 3 km frå hotellet. Det tok ikkje 5 minutt å gå dit, og vi vart anbefalt å leige bil. Bussen gjekk ikkje så ofte. Ioanna kom med heimelaga ost, og sjølvplukka agurk og tomat. Deretter køyrde ho inn til byen og kjøpte croissantar til oss. Det var flott gjort at hotelleigaren å varte oss opp på den måten! Men det var noko som ikkje stemte. Det var ingen andre gjestar der, ingen basseng, ikkje familievenleg hotell, ingen leikeplass, ingen naboar, ingen supermarkets, ingen strender, langt til byen ... kunne dette vere rett hotell? Det enklaste svaret her er nei. Vi hadde kome til Ioanna Studios, medan vi hadde rom på Ioanna Studios and Apartments. Ricki hadde ikkje sjekka namnet på hotellet då han ringte og spurte om transport til hotellet, ettersom han ikkje rekna med at det var fleire Ioanna'ar som leigde ut rom på Naxos. Dermed starta kommunikasjonsproblema, og vi ende opp på feil hotell. Etter litt krangling og unnskyldningar, fekk vi skyss til det eigentlege hotellet vårt - og gjett om vi var letta. Dette hotellet var akkurat slik vi hadde sett det på nettet, og det var dette vi hadde booka. Eit par timar etter ankomst ved hamna var vi framme ved Ioanna Studios and Apartments, og såg fram til å vere der i to heile veker:






Resten av ferien var kjempefin, og fleire bilete ligg på familiegalleriet vårt, for de som har tilgjenge til det. For de andre som ikkje har det, skal eg vurdere å leggje opp nokre fleire bilete ved etterspørsel.

Artsprøve

Eitt av krava for å bli førskulelærar, er til dømes å kunne skjelne ei bille frå ei tege. I morgon har vi artsprøve, og eg har nett stått i kø på klasseromet for å pugge dei 120 ulike artane insekt, planter, treslag og sjødyr vi skal kunne i haust. Heldigvis var alle edderkoppane daude, i likheit med resten av insekta. Fysj! (Og heldigvis er ikkje eitt av krava for å bli førskulelærar å like desse småkrypa!)



tirsdag 13. september 2005

Datedi datedum

D: 4. og 11. september. Merk: begge dagane søndag.
M: 10. september.

lørdag 10. september 2005

Surfe på godt norsk

Å surfe (på nett) kan forresten oversetjast til å vandre eller navigere.
Kjelde: Språkrådet

Eg susar gjennom verdensveven!

Endeleg kan eg sitje uforstyrra på PC'en og skrive oppgåver, surfe på nettet (finnast det eit anna ord for 'surfe' på norsk?) og takle smileys og det som anna er på MSN. Mamma har reist til Tyrkia på ferie, og dermed har eg fått lov til å låne PC'en hennar i heile to veker! Jippilippi! Ricki kjem om *mumle* dagar, og forhåpentligvis klarer han å fikse maskina, eller iallfall finne ut av kva sjukdom ho har. Han skal vere her i to veker denne gongen, kjære kjærasten min - og vi skal kose oss som ei ordentleg familie alle tre. Gleder meg!

mandag 29. august 2005

Datatrøbbel

I dei siste to-tre månadane har datamaskina mi vore ute av funksjon. Det er ho framleis, medan eg sit på reservemaskinen frå 1997 med 64mb RAM og Windows 98. Det seier seg sjølv at eg slit litt med både tekstar, blog og informasjon eg skal ha fatt i. Det kjem truleg ikkje mykje bilete her, ettersom eg faktisk ikkje har kapasitet til å laste over bilete frå kamera til pc (!), men hvis eg er heldig, så kjem kanskje Ricki og finn ut av problema. Skjønt eg byrjar å tru at det må ei heilt ny maskin til ... og kven har råd til det? Ikkje eg. Så de får følgje med. Kjem det frustrerte innlegg på bloggen, uansett kva tema er, så er det truleg datamaskina som ligg til grunn. Ho er verre enn PMS.

mandag 8. august 2005

Ida er 2 år!

I går vart veslejenta mi 2 år! Dagen vart feira med familie, og Ida storkosa seg med all merksemda ho fekk gjennom dagen. Kake, besøk og pakkar er toppen - og Ida klarte ikkje sitje i ro under selskapet av di ho var så oppspelt. Det var derfor ei trøtt lita jente som la seg ut på kvelden ... heile 2 år gammal og veldig annleis frå i fjor.


Stor pakke! Yay!


Ida viser fram gåva ho fekk av onkel og "tante" Connie.


Gåva var to telt med tunnell imellom! Dobbel-yay!


Søte Ida mi.


Onkel, Ida og "tante" Connie et kaker.


Oda, Ida og Hans-Otto i teltet.

onsdag 20. juli 2005

Marathonas

No har Ida og eg vore i Hellas i snart ein månad. Først var vi ei veke hos Ricki i Athen, deretter var heile familien to veker på Naxos (Naxosrapport kjem snart). Denne siste veka er vi tilbake i leiligheta til Ricki i Athen, og i dag var Ida, Hege og eg ved Marathonas Lake på kafe. Det var utruleg fint der - og ein flott kontrast i forhold til asfaltjungelen i Athen! Marathonas ligg omlag 30 min køyring nord for Maroussi, og var vel unt ein times kafebesøk til tross for 40 grader i skyggen.


Kafeen ved Marathonas Lake.


Hege og Ida ved kafeen.


Marathonas Lake.

tirsdag 21. juni 2005

Middelhavslapskaus

Av di Harms etterlyste matoppskrifter, legg eg inn ei oppskrift på "middelhavslapskaus". Den er god og enkel å lage - men mengda må ein nesten sjå litt an sjølv:

Litt olivenolje
2 løk (rensk og kutt opp)
2 store gulrøtter (rensk og kutt i terningar)
1/2 squash (skjer av skalet og kutt i terningar)
2-3 sopp (tørk av med papir, og kutt opp)
1/2-1 raud paprika
litt frisk rosmarin (evt. bittelitt tørka)
4 ts tomatpuré
2 poteter
1 kyllingfilet (rått eller kok, bryst eller lår, skjert i bitar)
4 ts erter (ferske eller frosne)
300 ml vatn (ca. - ha i meir/mindre om du ynskjer)

Varm løk, gulrot, squash, sopp, paprika og rosmarin lett i stekepanne (eller kasserolle) i ca. 5 min. Ha over i kasserolle og ha oppi tomatpuré, poteter, kylling, erter og vatn. Kok opp og skru ned på lav varme i ca. 20 min. Rør innimellom, så ikkje lapskausen svir seg.

Server med litt godt brød og smør, evt. frisk salat.

Skrive i ettertid:
Krydder er viktig! Krydre med salt og pepper, og erstatt evt. rosmarin med timian (tørka).

fredag 17. juni 2005

Sommarferie!

Etter ei intens periode med seks eksamenar (!), er det endeleg sommarferie! No får eg kanskje tid til både å rydde skikkelig, sortere papir og forhåpentligvis oppdatere både heimeside, blog og galleri. Akkurat no er det godt å berre ikkje gjere noko som helst, og det har eg tenkt å gjere i eit par timar til - iallfall!

lørdag 28. mai 2005

Ida på 17. mai


Ida på 17. mai, originally uploaded by Cecilie og Ida.

Sjølv om bunad ikkje var så kjekt å få på til å byrje med, vart Ida ganske stolt når ho fekk sjå seg i den nye kjolen sin! Her poserar ho på trappa, før feiringa tek til.

(Fleire postar om 17. mai skal kome ...)

lørdag 7. mai 2005

Ida i vaskeboetta


DSC00203b, originally uploaded by Cecilie og Ida.

Med takk til Ricki og flickr.com - her er biletet av Ida i rett storleik.

fredag 6. mai 2005

Argh!

= sint Cecilie.

Det er utruleg kor irriterande det kan vere å stadig trykke "edit post", endre url-adressa til biletet eg skal ha inn, og aldri lukkast med å få det fram. Argh! ARRRRGHHH! Ikkje hugsar eg det nye passordet til ftp'en heller. Eg får nøye meg med at eg ikkje får vist fram veslejenta i vaskebøtta - enda. Men biletet kjem snart!

Bade!

Medan eg sneik meg ut døra for å få gjort litt, fann Besta og Ida på at dei skulle vaske golva. Ida er svært opptatt av vatn - ho elskar det i alle former - og var gladelig med og vaska overalt. Men då telefonen ringte og Besta såg vekk, var det ikkje anna høyre enn eit stort "plopp" etterfølgt av ei smilande jente som ropte "Bade!"

Aktiv blog

Aktiv blog er vel ikkje ein tittel eg kan stå inne for akkurat no. Det har vore late kveldar med tv eller travle kveldar med skulearbeid, og då har bloggen blitt nedprioritert. Om det er til trøst for andre enn meg, har eg tenkt mykje på å skrive her (eg har til og med ei rekkje bilete som skulle blitt posta i samband med tekst). Men som livsmottoet mitt til slutt har blitt: "NO skal eg prøve å få det til!" etterfulgt av "Vi kan no iallfall sjå kor det går frå NO av."

onsdag 16. mars 2005

Naser

Noko eg har lagt merke til, heilt sidan eg byrja å sjå på folk, er nasene folk har. Det finst faktisk mange skeive naser. Dette er noko eg legg merke til og som eg kan bli fiksert på. Det er vanskelig å snakke med ein person som har ei særs skeiv nase. Naseryggen kan vere skeiv, eller den eine naseboren kjem litt lenger nedom den andre. Det er den siste som er mest fascinerande. Korleis har det skjedd, liksom? Kanskje nasen vart trykt litt inn under graviditeten, før barnet kom ut? Kanskje har ein trykt litt for mykje på eine sida? Eller er det rett og slett naturleg med skeive naser? Eg veit ikkje. Men det er litt rart at kjærasten min har skeiv nase. Eg såg det ikkje før han fortalde det.No legg eg støtt merke til det. Den hellar litt mot venstre, trur eg. Eller høgre. Iallfall til ei av dei to sidene. Det bryr meg ikkje så mykje. "Usymmetriske ansikt er sjarmerande" seier han. Sjarmerande? Kanskje. Fascinerande? Ja!

lørdag 26. februar 2005

Avskjed

Dei dagane som er aller verst, er dei dagane vi seier "ha det" utan ein ny dato for gjensyn. Ricki har vore her i ei veke no, og reiste i dag. Det er rart kor fort ein venner seg til å vere tre, i forhold til å vere tilbake att til to. Ida har i heile ettermiddag leita og spurt etter pappa, og det er litt sårt at ho snart byrjar å forstå. Forhåpentlegvis kjem han heim før ho er så stor at ho er klar over saknet. I mellomtida sussar vi godnatt til biletet av pappa i vinduskarmen.

fredag 28. januar 2005

Stress

Kvifor må livet vere så stressande?

mandag 24. januar 2005

Eg skulle gjerne ...

I går skulle eg gjerne ha
- ordna alle skulepapira mine
- ordna alle andre papira mine
- vaska badet og soveromet
- laga ny heimeside til meg
- oppdatert heimesida til Ida
- laga greske kjøttbollar til veka
- testa brødbakemaskina
- laga dagsplan for avdelinga tirsdag
- skrive ned songane eg skal synge i samling tirsdag
- skrive ut songane eg skal synge i samling tirsdag
- lagt meg tidleg

... men det einaste eg fekk gjort, var å lage dagsplan. Som eg fekk vite i dag ikkje var naudsynt, ettersom vekeplanen som eg laga førre veke var nok.

I dag skulle eg gjerne ha
- ordna alle skulepapira mine
- ordna alle andre papira mine
- vaska badet og soveromet
- laga ny heimeside til meg
- oppdatert heimesida til Ida
- laga greske kjøttbollar til veka
- testa brødbakemaskina
- teke oppvasken
- skrive ned songane eg skal synge i samling tirsdag
- skrive ut songane eg skal synge i samling tirsdag
- øvt meg på samlinga
- finne dyreteikningar og mala desse med fargar til samlinga
- henta mobilen min frå bilen
- lagt meg tidleg

... men det einaste eg har gjort, er å finne dyreteikningar til samlinga. Eg må hente mobilen, som fungerar som vekkarklokke. Og eg må leggje meg tidleg.



fredag 14. januar 2005

Ida kan ...

... bruke bakebollen til hjelm
... gå på tur med brødristaren
... køyre bil med legoboksen på hovudet

... og mykje, mykje meir!


Kanskje to bollar gjer betre nytte enn éin hjelm?


"Sjå, eg kan køyre i blinde!" (I denne store leiligheta vår, skal det litt til å vere orientert kvar alle roma og hindringane er ...)

tirsdag 11. januar 2005

Godt nytt år!

No er vi snart midt i januar, men eg skal kome tilbake til jule- og nyttårsfeiringa seinare når eg har tid.

Eg er midt i praksisperioden i barnehagen, og ting skal både planleggast, gjerast og skrivast om i tillegg til at det skal leikast, lærast og samlast, så dagane er travle og nettene er korte.

Slankelogikk

Når ein har ete sunt heile dagen, kan ein unne seg noko godt om kvelden. Det er vel logisk, det. Til det er oppete ...