torsdag 5. februar 2004

Like dagar

Det er ikkje det at det skjer lite i kvardagen, som gjer at det står lite her. Det skjer mykje. Heile tida. Men dagane er ikkje så ulike. Det betyr ikkje at det ikkje er spanande å vere mor. For det er det. Kvar nye ting som skjer med vesle Ida er fantastisk artig. Men nokre gonger tek eg meg i å studere avføring, rett som det er. Og då er det på tide å gjere noko nytt.

På nettet har eg lenge leita etter eit fag eg kan ta frå Athen via universitet eller høgskule i Norge. Pedagogikk, tegnspråk, norsk. Noko i den duren. Hittil har eg ikkje funne noko. Så eg leitar vidare. Å gå heime med vesle Ida er kjekt, men dagane manglar noko når eg legg meg. Kjenner eg meg rett, vil det å ta eit fag på skulen minne meg om at å gå heime utan andre forpliktelsar enn å vere der, er noko av det eg likar best. I Norge.