
Hotel Amalthia

Taverna Amalthia
Etter å ha skrive oss inn, slappa vi av litt, gav Ida mat og sovna alle tre - i to timar. Deretter stelte vi oss, og dro på taverna saman med dei andre. Vi kjørte gresk stil på maten (med standard tzatziki, gresk salat, grilla squash, greske pølser og grilla lam) for å gje Peter og Tone ein litt gresk kveld. Det var kjempekoseleg, og vi gjekk strandvegen heim i 23-tida, temmeleg slitne.

På taverna Kri Kri. Frå venstre: Tone med Lucas, Sophie, Peter, (Ida) og eg.
Søndag sto vi opp 8, og fekk frukost på hotellet. Etterpå gjekk vi ein liten tur ned på stranda, og tok 4 solsenger ved bassenget - og inviterte Peter og co. over til oss (det var eit problem med å finne ledige solsenger på deira hotell; mange av gjestane der sto opp midt på natta for å legge ned handkle på solsengene for å tinge ledig plass!). Dagen gjekk med til soling, bading og lunsj på Taverna Amalthia, før vi stelte oss og dro på ein taverna oppe i høgden 10 minutt unna med drosje.

Ida likte seg godt i bassenget!
Vi hadde bestemt oss på førehand kvar vi skulle dra: på den tavernaen som låg høgast over bakken og gav oss best utsikt! Når vi kom dit, viste det seg at det ikkje var mogleg å kome seg opp der med vogner, så vi bestemte oss for ein litt meir barnevenleg taverna som også hadde utsikt og venleg betjening. Peter og Ricki åt fisk, Tone fekk lam og eg bestilte moussaka. Ida fekk greske kjøttbollar (som forøvrig er favoritten) og litt crepe (pannekaker) av Sophie. Vi kosa oss skikkeleg, men dro heim litt tidleg pga. sterk og kjølig vind. På vegen ut, byrja betjeninga og krangle - og då vi var komen ned i gata, såg vi eigaren rope og skrike mot gjestane sine "Go!" medan han halte dei ut av tavernaen. Ifølge Ricki, som måtte opp og hente ein attgløymt gjenstand, så var ein av gjestane (skandinavisk) kranglevoren fordi han ikkje fekk vite kva som stod på kvitteringa (alt var på gresk, og tydeligvis ikkje til den prisen han forventa). Dette endte opp i krangling mellom servitøren og sjefen, og meir veit vi ikkje. Ifølge Tasos på jobben til Ricki, er Kretafolket ganske galne folk, og ein skal helst ikkje blande seg opp i businessen deira. Så glad er vi for at vi stakk. Vi tok drosje til Peter og co. sitt hotell, tok eit par øl der (Ida sov i vogna) og dro til hotellet vårt (kun 200 meter unna).

Taverna oppe i høgden. Fra venstre: Tone, (Sophie), Peter, Ricki (og Ida i babystolen)

Utsikt frå tavernaen

Utsikt frå tavernaen
Mandag åt vi frukost på vårt hotell igjen, pakka sakene våre på hotellromet og slappa litt av før vi dro over til dei andre og åt lunsj. Slappa av heile denne dagen. Både Ricki og eg var solbrent, så vi haldt oss mest i skyggen. Vi var veldig freista til å miste flyet, men fann ut at vi ikkje hadde råd eller tid (vel, Ricki hadde ikkje tid), så kl. 18 dro vi til flyplassen og susa heim til betongkledde Athen.

Ida et lunsj med furteleppe og vil ikkje tilbake til Athen
Alt i alt var det ein flott tur, og vi har lyst tilbake! Vi håper å få tid og råd til å reise ei veke til hausten, men det må vi sjå an seinare i sommar. Om Ricki reiser til Bergen i august, så får han ikkje meir fri, så da må det evt. bli ei langhelg. Og uansett blir det nok ikkje så langt vekke som Kreta neste gang; vi satsar på øy, båt og eit par timars reisetid.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar