onsdag 16. mars 2005

Naser

Noko eg har lagt merke til, heilt sidan eg byrja å sjå på folk, er nasene folk har. Det finst faktisk mange skeive naser. Dette er noko eg legg merke til og som eg kan bli fiksert på. Det er vanskelig å snakke med ein person som har ei særs skeiv nase. Naseryggen kan vere skeiv, eller den eine naseboren kjem litt lenger nedom den andre. Det er den siste som er mest fascinerande. Korleis har det skjedd, liksom? Kanskje nasen vart trykt litt inn under graviditeten, før barnet kom ut? Kanskje har ein trykt litt for mykje på eine sida? Eller er det rett og slett naturleg med skeive naser? Eg veit ikkje. Men det er litt rart at kjærasten min har skeiv nase. Eg såg det ikkje før han fortalde det.No legg eg støtt merke til det. Den hellar litt mot venstre, trur eg. Eller høgre. Iallfall til ei av dei to sidene. Det bryr meg ikkje så mykje. "Usymmetriske ansikt er sjarmerande" seier han. Sjarmerande? Kanskje. Fascinerande? Ja!

lørdag 26. februar 2005

Avskjed

Dei dagane som er aller verst, er dei dagane vi seier "ha det" utan ein ny dato for gjensyn. Ricki har vore her i ei veke no, og reiste i dag. Det er rart kor fort ein venner seg til å vere tre, i forhold til å vere tilbake att til to. Ida har i heile ettermiddag leita og spurt etter pappa, og det er litt sårt at ho snart byrjar å forstå. Forhåpentlegvis kjem han heim før ho er så stor at ho er klar over saknet. I mellomtida sussar vi godnatt til biletet av pappa i vinduskarmen.

fredag 28. januar 2005

Stress

Kvifor må livet vere så stressande?

mandag 24. januar 2005

Eg skulle gjerne ...

I går skulle eg gjerne ha
- ordna alle skulepapira mine
- ordna alle andre papira mine
- vaska badet og soveromet
- laga ny heimeside til meg
- oppdatert heimesida til Ida
- laga greske kjøttbollar til veka
- testa brødbakemaskina
- laga dagsplan for avdelinga tirsdag
- skrive ned songane eg skal synge i samling tirsdag
- skrive ut songane eg skal synge i samling tirsdag
- lagt meg tidleg

... men det einaste eg fekk gjort, var å lage dagsplan. Som eg fekk vite i dag ikkje var naudsynt, ettersom vekeplanen som eg laga førre veke var nok.

I dag skulle eg gjerne ha
- ordna alle skulepapira mine
- ordna alle andre papira mine
- vaska badet og soveromet
- laga ny heimeside til meg
- oppdatert heimesida til Ida
- laga greske kjøttbollar til veka
- testa brødbakemaskina
- teke oppvasken
- skrive ned songane eg skal synge i samling tirsdag
- skrive ut songane eg skal synge i samling tirsdag
- øvt meg på samlinga
- finne dyreteikningar og mala desse med fargar til samlinga
- henta mobilen min frå bilen
- lagt meg tidleg

... men det einaste eg har gjort, er å finne dyreteikningar til samlinga. Eg må hente mobilen, som fungerar som vekkarklokke. Og eg må leggje meg tidleg.



fredag 14. januar 2005

Ida kan ...

... bruke bakebollen til hjelm
... gå på tur med brødristaren
... køyre bil med legoboksen på hovudet

... og mykje, mykje meir!


Kanskje to bollar gjer betre nytte enn éin hjelm?


"Sjå, eg kan køyre i blinde!" (I denne store leiligheta vår, skal det litt til å vere orientert kvar alle roma og hindringane er ...)

tirsdag 11. januar 2005

Godt nytt år!

No er vi snart midt i januar, men eg skal kome tilbake til jule- og nyttårsfeiringa seinare når eg har tid.

Eg er midt i praksisperioden i barnehagen, og ting skal både planleggast, gjerast og skrivast om i tillegg til at det skal leikast, lærast og samlast, så dagane er travle og nettene er korte.

Slankelogikk

Når ein har ete sunt heile dagen, kan ein unne seg noko godt om kvelden. Det er vel logisk, det. Til det er oppete ...

mandag 13. desember 2004

Luciadagen

I dag er det Luciadagen. Sankt Lucia er kjend som lysberaren, og var ei kristen jente som gav mat og lys til forfulgte kristne i Roma tidleg på 300-talet.
I barnehagen til Ida var det Luciafest med foreldre, barn og ansatte på kvar avdeling, og KNAS-klubben (5-åringane) gjekk Luciatog. Vi fekk lussebollar, pepparkaker, gløgg, kaffe og saft. Ida tykte pepparkakene var best.


Biletet er teke frå denne sida

Svart senker natten seg
i stall og stuer
Solen har gått sin vei,
skyggene truer.
Inn i vårt mørke hus
stiger med tente lys
Sankta Lucia, Sankta Lucia

Natten er mørk og stum.
Med ett det suser
i alle tyste rom
som vinger bruser.
Se på vår terskel står
hvitkledd med lys i hår
Sankta Lucia, Sankta Lucia.

Oppskrift på lussekattar finn du forresten her

torsdag 9. desember 2004

Eg har krympa!

Eg er kvitt 3.1 kg og 10.1 cm.
Hurra, hurra! Hurra, hurra!

mandag 6. desember 2004

Julekakebaking

Søndag baka Besta og Ida julemenn, og det var gøy! Ida fekk si eiga kjevle, og dunka deigen nesten heilt flat, før ho spiste han opp. Det falt ikkje heilt i smak, men å bake - det var iallfall stas! Det er vel ikkje lenge før eg no må bake kvar kveld, etter vi har teke oppvasken i lag ...










onsdag 24. november 2004

Grete Roede-kurs

I dag byrjar eg på Grete Roede-kurs! Det er mange kilo som skal av, så det er godt å starte! I dag var planen å trille Ida til barnehagen, så gå på skulen, gå heim og vaske og til slutt gå - eller køyre - og hente Ida. Men når eg såg ut og det regna og var glattis ... då tok eg likevel bilen. Eg skal PRØVE å gå opp og ned trappene i blokka eit par gongar istaden, og så får vi sjå kor motivasjonen er til ta nokre øvelsar i kveld.

Det snør

Det snør i Volda, og det er ikkje få fnugg som fell frå himmelen. Eg sakna snøen då vi budde i Athen (vi hadde faktisk ein dag med ein god del snø; samtlege naboar var ute og kasta snøball og laga snømann!), og eg tykkjer ikkje det er vinter utan den. Men å stå ute og måke og skrape bil i ein tjue minutt før ein kan kome seg inn i bilen, er ikkje fullt like artig. Garasje hadde vore kjekt å hatt ... Ricki får berre skunde seg tilbake til Noreg, så vi kan ETABLERE oss med GARASJE!

torsdag 18. november 2004

Ida tek oppvasken

Det kjekkaste Ida veit for tida, er å ta oppvasken. Mykje vatn og mykje søl; kan ein finne noko meir gøy enn det?





søndag 14. november 2004

Regn

Regn er noko er sakna ofte i Athen. Når det først regna der, vart lufta så frisk og gatene (nesten) reine. Her eg sit no, skulle eg aldri tru at ein kunne få for mykje sol. Og at eg sakna haust, kulde og regn? Eit snev av galskap, trur eg det kallast. I Volda regnar, sluddar eller snør det for tida.


Grått og vått på fergekaia.


Eg sat forresten tørr og trygg i bilen.

lørdag 13. november 2004

I live?

Ja. Døgnet har krympa, har eg funne ut. Eg burde sove, men driv og leitar etter ein betre blog-stad, der eg kan poste bilete på ein enklare måte. Kanskje kan eg leggje blogen på mitt heimeområde òg?

www...svuuuusj!

Fruktskåla mi

Fruktskåla mi stod modell her om dagen, og resultatet vart dette biletet:


Frukt

fredag 6. august 2004

Tilbake i Noreg

Det er ei god stund sidan eg oppdaterte bloggen no, men altså: vi er tilbake i Noreg! Ricki, Ida og eg dro til Bergen 30. juni, og der var vi til 5. juli. Då reiste Ricki tilbake til Athen, medan Ida og eg dro vidare på ferie til Sunnmøre. I Bergen helste vi på svigerfamilien min, og var i bryllupet til Terje og Silje 3. juli.


Søskenbarna Martin og Ida.


Brudeparet Terje og Silje.

Det var godt å kome heim til ho mor på Sunnmøre, og Ida liker seg her. Det er mø'ar og bæ'ar og pip'ar fleire stadar, og dei er svære å sjå på. Frisk luft, lite støy, flott natur, familie og vener - det er godt å vere heime!


Dagros?

Som dei fleste veit, så har eg derfor bestemt meg for at vi ikkje reiser tilbake til Athen. Ricki, stakar, må dessverre vere att og gjere seg ferdig med Darkfall, men vi håper det ikkje dryg for lenge før alt er klart og han kan kome heim til oss. I midten august, dvs. no snart, byrjar eg på førskulelærarutdanninga i Volda, og Ida byrjar i barnehagen! Alt har vorte ordna på ei vekes tid, og til og med bil (den gamle skranglekassa til pappa), har eg fiksa meg. Leilegheit er det einaste som ikkje er i boks, og det ser ut til at det kan ta litt tid å skaffe. Eg tvilar ikkje på at halve Volda består av studentar, og at det då er vanskeleg å skaffe bustad, er noko som seier seg sjølv. Mellombels pendlar vi mellom Ulstein og Volda. Ein time morgon, ein time ettermiddag. Får virkeleg håpe det ikkje varer lenge ...

torsdag 10. juni 2004

Kreta

Laurdag 5. til mandag 7. juni, var Ricki, Ida og eg på Kreta saman med Peter, Tone, Sophie (4) og Lucas (3 mnd.). Turen var ganske impulsiv, så først fredag førmiddag var det bestemt at vi skulle reise. Heile den dagen gjekk i eitt med rydding, vasking av kle, pakking og ein god dose stress! Flyet vårt gjekk kl. 5.50, og etter ei kort natt utan særlig søvn på nokon av oss, dro vi til Agia Marina ved Chaniakysten på Kreta. Flyturen tok 30 minutt og gjekk kjempebra. Etter å ha landa på Kreta, tok vi drosje inn til Chania og fekk oss litt frukost, før vi ringte Peter, som inviterte oss over til hotellet deira (Alexandra Beach Hotel). Vi tok drosje dit, og møtte Peter i frukostsalongen ute. Sidan vi ikkje fekk hotellrom før 12-13, så vart vi der ei stund. Eg vart temmelig dårlig pga. søvnmangel etterkvart, og vi gjorde ikkje anna enn å slappe av på hotellet deira fram til vi fekk skrive oss inn på vårt hotell (Hotel Amalthia). Hotellet vårt var ok. Roma var temmeleg 80-tals og ikkje særleg fine, men uteområdet var fint og ganske gresk med kvit mur, mykje planter og blomar, palmer, basseng, taverna/pub og stranda rett nedanfor. Hotellet til Peter og Tone var kjempeflott i forhold, men eg synes det var like bra å bo på Amalthia, sidan det var meir typisk gresk.


Hotel Amalthia


Taverna Amalthia

Etter å ha skrive oss inn, slappa vi av litt, gav Ida mat og sovna alle tre - i to timar. Deretter stelte vi oss, og dro på taverna saman med dei andre. Vi kjørte gresk stil på maten (med standard tzatziki, gresk salat, grilla squash, greske pølser og grilla lam) for å gje Peter og Tone ein litt gresk kveld. Det var kjempekoseleg, og vi gjekk strandvegen heim i 23-tida, temmeleg slitne.


På taverna Kri Kri. Frå venstre: Tone med Lucas, Sophie, Peter, (Ida) og eg.

Søndag sto vi opp 8, og fekk frukost på hotellet. Etterpå gjekk vi ein liten tur ned på stranda, og tok 4 solsenger ved bassenget - og inviterte Peter og co. over til oss (det var eit problem med å finne ledige solsenger på deira hotell; mange av gjestane der sto opp midt på natta for å legge ned handkle på solsengene for å tinge ledig plass!). Dagen gjekk med til soling, bading og lunsj på Taverna Amalthia, før vi stelte oss og dro på ein taverna oppe i høgden 10 minutt unna med drosje.


Ida likte seg godt i bassenget!

Vi hadde bestemt oss på førehand kvar vi skulle dra: på den tavernaen som låg høgast over bakken og gav oss best utsikt! Når vi kom dit, viste det seg at det ikkje var mogleg å kome seg opp der med vogner, så vi bestemte oss for ein litt meir barnevenleg taverna som også hadde utsikt og venleg betjening. Peter og Ricki åt fisk, Tone fekk lam og eg bestilte moussaka. Ida fekk greske kjøttbollar (som forøvrig er favoritten) og litt crepe (pannekaker) av Sophie. Vi kosa oss skikkeleg, men dro heim litt tidleg pga. sterk og kjølig vind. På vegen ut, byrja betjeninga og krangle - og då vi var komen ned i gata, såg vi eigaren rope og skrike mot gjestane sine "Go!" medan han halte dei ut av tavernaen. Ifølge Ricki, som måtte opp og hente ein attgløymt gjenstand, så var ein av gjestane (skandinavisk) kranglevoren fordi han ikkje fekk vite kva som stod på kvitteringa (alt var på gresk, og tydeligvis ikkje til den prisen han forventa). Dette endte opp i krangling mellom servitøren og sjefen, og meir veit vi ikkje. Ifølge Tasos på jobben til Ricki, er Kretafolket ganske galne folk, og ein skal helst ikkje blande seg opp i businessen deira. Så glad er vi for at vi stakk. Vi tok drosje til Peter og co. sitt hotell, tok eit par øl der (Ida sov i vogna) og dro til hotellet vårt (kun 200 meter unna).


Taverna oppe i høgden. Fra venstre: Tone, (Sophie), Peter, Ricki (og Ida i babystolen)


Utsikt frå tavernaen


Utsikt frå tavernaen

Mandag åt vi frukost på vårt hotell igjen, pakka sakene våre på hotellromet og slappa litt av før vi dro over til dei andre og åt lunsj. Slappa av heile denne dagen. Både Ricki og eg var solbrent, så vi haldt oss mest i skyggen. Vi var veldig freista til å miste flyet, men fann ut at vi ikkje hadde råd eller tid (vel, Ricki hadde ikkje tid), så kl. 18 dro vi til flyplassen og susa heim til betongkledde Athen.


Ida et lunsj med furteleppe og vil ikkje tilbake til Athen

Alt i alt var det ein flott tur, og vi har lyst tilbake! Vi håper å få tid og råd til å reise ei veke til hausten, men det må vi sjå an seinare i sommar. Om Ricki reiser til Bergen i august, så får han ikkje meir fri, så da må det evt. bli ei langhelg. Og uansett blir det nok ikkje så langt vekke som Kreta neste gang; vi satsar på øy, båt og eit par timars reisetid.

mandag 31. mai 2004

Lønning

Lønningsdagen er blitt som barndommens laurdag med laurdagssnop; når lønna er inne på konto, er det rett på butikken ... hurra!

onsdag 26. mai 2004

Kenyansk lunsj

I dag var Nina, Hege, Ida og eg hos Faiza og Saffra på lunsj, der vi fekk servert ein kenyansk kylling- og risrett. Kjempegod mat, og veldig hyggeleg lunsj. Ida var ganske fascinert av Saffra og rommet hennar (så mange leiker og fargar!), og Saffra var som fireåringar flest: snakksalig, aktiv og interessert i baby Ida. Ho var elles overbevist om at Ida kom til å snakke "like a people" før dagen var omme.


Saffra med Ida Marie på fanget