"Butikken stenger kl. 16 i morgen" skriv Ricki i ein sms på veg heim frå jobb. Ja, tenker eg, det høyres logisk ut. Det er jo pinseaftan. Litt etter ringer han meg, gir same beskjeden munnleg og spør deretter om han skal handle for kvelden. Ja, det er fint. Når han kjem heim, seier han at butikken stenger klokka 16 i morgon. Vi skal nok klare å handle innan det, seier eg. Ricki og Ida gjer seg klare for å gå på Brannkamp, medan eg, Vetle og Elise skal leike og rote litt heime i stova. Ein time før kampen startar får eg ein ny sms. Å, er det ekstrem kø? tenker eg. Typisk. "Butikken stenger kl. 16 i morgen" skriv Ricki. Ja, eg hugsar det. Så distré er eg då ikkje? Sikkert ikkje kø, dei ventar nok på buss eller bane. Litt etter kl. 19 får eg nok ein sms, no har kampen nett starta. Eg kan tenke meg Ida er spent! Første brannkampen! Eg får sikkert ein mms med ei jublande jente i fullt Brannutstyr. "Butikken stenger kl. 16 i morgen". No syns eg han virkar litt opphengt i butikken. Han om det, eg er travelt opptatt med dei to barføtte små, kveldsmat og ein telefon som ringer. Ikkje for å minne meg om butikken som stenger kl. 16, heldigvis. Det er mamma. Litt prat, så må eg gjere unna kveldsmaten - den var jo kun i tankane mine då telefonen ringte. Ingen blir mette av sånt. Mobilen pip to gongar medan Vetle et skiver med makrell i tomat og leverpostei, her er det Stabburet som gjeld. "Butikken stenger kl. 16 i morgen." No byrjar eg å bli litt smånervøs. Kva er det med han? Er det noko gale? Sikkert ikkje. Eller. Han er jo programmerar. Dei driv med kode. Er det ei kryptisk melding? Eg klarer ikkje å tyde koden. Kva slags butikk? 1-talet er ein L. Kva er 6-talet? 9? L9. Nei, neppe kode. Har vi krangla om butikken? Bør eg skrive handleliste no? Eg tenker kjapt på kva vi bør handle. Det er ein del. Det hjelp ikkje å tenke på tinga, dei må skrivast ned. Han meiner nok ikkje at eg må gjere det no. Barna får ein vask, ny bleie og tannpuss før dei blir lagt. Når eg kjem ned att etter legging av trøtte fjes, har eg fått tre nye meldingar. "Butikken stenger kl. 16 i morgen" - ikkje overraskande. Skal det seiast, så byrjar eg å bli lei av dei. Kan han ikkje berre seie kva han meiner? Eller kan han ikkje seie kva han meiner?! Brått slår det meg. Har det skjedd noko? Er Ida blitt trampa på av ein skarrande brannsupportar?! Det skal ikkje forundre meg, typisk om langhelga startar med opphald på barneklinikken! Eg går inn på bt.no. Ingenting om dét, iallfall. Puh. Lenger ned på bt.no ser eg det. Overskrifta. "Mobiltrøbbel for Telenor-kunder". Ja, tenkte eg det ikkje!

2 kommentarer:
hehe, samme her, altså jeg fikk en melding fra en dame som lurte på om en seng jeg skal selge var solgt. jeg sendte svar. litt etter ny melding: er senga solgt? jeg stussa litt men svarte på nytt. så fikk jeg svar på den første meldingen, og rett etter det nok en gang : er senga solgt? osv. noe frustrerende, men jeg visste at Telenor sitt nett har vært ustabilt i dag (en veldig rolig dag på jobb) så skjønte nokså kjapt at det var årsaken :D
Klar for muffins på tirsdag? Formen bedre? *♥*
Hehe. Godt du svarte på første meldinga, så ikkje det vart oppfatta som mas. ;) Eg syns det vart komisk med same meldinga heile tida. Og det rare var jo at eg forventa visse typer sms etter kvart som dagen gjekk - så godt kjenner eg då sambuaren min. ♥
Har avtale på tirsdag, sender melding på fb. :) Men ja, forma fin! :D ♥
Legg inn en kommentar