Hotellet vi budde på heiter Ustedalen hotell. Dette er hotellet Webstep plar booke når konsulentar med felle reiser oppover. Med 159 påmeldte gjestar, trengs det eit hotell som har god plass og ok service. Hotellet er ok, sjølv om roma var vel ikkje akkurat i topp standard eller oppussa det siste tiåret eller to. Ida vart mest glad for at der var symjebasseng og leikerom, og kosa seg stort i lag med andre barn på hennar alder. Barnedrink var ein populær sak på kvelden!
Vi kom fram ganske seint på fredagskvelden, så det vart litt mat i magen i lag med resten av Wepstep, før vi tok natt og lada opp til laurdagen. Elise og eg var forkjøla, så vi dro ikkje opp i skitrekket på Kikut som resten av gjengen. Vi kosa oss ei lita stund inne på hotellromet, før vi dro opp i trekket for å ete grillmat i lag med dei andre.
Ida hadde eigen skitrenar som lærte ho basisen på slalom; dessverre hadde ho ein skade på eine leggen etter ei handballtrening, så det gjorde litt vondt å ploge. Til slutt fann ho motivasjonen i ei venninne som var litt meir erfaren og gløymte smertene litt - det var visst gøy med slalom og utfor! Ho var flink og sto heile vegen ned, igjen og igjen. Det freista til gjentaking!
Laurdagen var aktiv for Ida og Ricki. Først ski på Kikut, deretter bar det heim og rett i symjehallen. Eg mista stemma, og klarte knapt presse noko ut - det var ikkje lett å kviskre under samtalar når det var hundrevis av menneske i romet. Så eg smilte, gestikulerte litt - og såg vel sånn passe dum ut. Etter ein fullpakka dag og sein middag på kvelden var Ida ein smule overtrøtt (...), og vi jentene la oss til lading for heimreise søndag.
Søndagen såg veret ok ut på Geilo, men det var stengde vegar og kolonnekøyring alle strekningane tilbake til Bergen. Vi valte å køyre over Hemsedal. Vi brukte nærmast 10 timar heim frå Geilo, og sto over 2,5 timar i kø på Hemsedalfjellet! Sikta var rimelig ille til tider, så eg er veldig glad for kolonnekøyring, enda det tok ekstra tid. Neste år tek vi toget, tenker eg.


2 kommentarer:
Oiameg, synes dere er sporty som drar i vei på slikt føre med bilen full av smårollinger ;-) Også 10 timer i bil da, da må det ha vært godt å ENDELIG komme hjem!
Likevel høres det jo ut som at det ble ei ganske så finfin helg egentlig! Artig å lese og se bilder, og skal legge til bloggen din i lista mi, hehe!
Klem fra Modesty!
Ja, vi var ganske sporty! ;) I utgangspunktet tek det vel 4-5 timar til Geilo herfrå, men med amming og litt dårleg føre, så tok det si tid. Men det var vel verdt det for Ida sin del, ho koste seg skikkelig - og ho trengte litt aleinetid med oss (Elise krever jo så lite at ho nesten ikkje merkast, i forhold til Vetle på 2).
Håper du bloggar litt framover, du og. :)
Legg inn en kommentar