torsdag 8. desember 2011

Burde kanskje

Burde kanskje ... oppdatere litt snart?
Til helga, kanskje?
Neste helg?
post signature

søndag 14. august 2011

Søtaste te-kanna!

Fin? Vesle Rødhette te-kanne, frå tamo.no.

post signature

Rognebæra heng på trea

Då er det vel haust, då? Skulen startar om ei veke, og i skrivande stund regnar det. Mørket sig på, også. Og eg syns det er heilt greit. Vi har hatt ein fin sommar. Ei veke på Kreta, ti dagar på Ulstein/Sunnmøre og nokre dagar heime, kor vi m.a. hadde besøk av bestefar Tony frå England. Ida har fylt 8 år, Vetle har slutta med bleiar og Elise har byrja med graut og fast føde. No er vi klare for lekselesing, handballtrening, fotballtrening, barnehage - og om eit par veker Grete Roede-kurs for mor. Så blir det mørke kveldar med trening og svette, eller stearinlys, ei god bok og ein kopp te.

 Bestefar Tony kom frå England og var her ei veke. Han snakkar
mest engelsk, men forstår litt norsk. Ungane er glade i han, og 
gleda enda større når han kjem med Penguins (sjokolade) og engelsk te. 

Vakre Ulstein, med utsikt frå Skeide-Nibben.
 

 To gode vener og søskenbarn kastar steinar i elva,
på tur i Ulsteindalen.

 Åse-Lill og Oliver strålte om kapp då vi 
besøkte dei på hytta i Bondalen.

 Blåbærplukking. Ida plukka, Vetle åt. ♥


07.08.2011: HURRA!!
Ida er 8 år! Frukost og gåver på senga er obligatorisk. 


Bursdagsbarnet nøgd etter tur til Vannkanten
- og med ny cardigan, nye zhu zhu pets babies og nytt smykke.

 Rundstykkegnafsing er godt for ein kløande gomme 
- og det smakte nok ikkje så verst, heller! ♥


post signature

torsdag 28. juli 2011

Mitt lille land

Det er snart ei veke sidan 22. juli 2011. Landet er i felles sorg, dei fleste er rysta over hendinga som skjedde i regjeringskvartalet i Oslo og på AUFs landstreff på Utøya. På tv kjem det stadig oppdateringar, og songen Mitt Lille Land av Ole Paus, tolka av ulike artistar, er oss vel kjend etter denne veka. Songen er brukt som eit gjennomgåande tema i aktuelle nyheitsklipp frå TV2 Nyhetene. Her er Maria Menas versjon av Mitt Lille Land:



Eg syns det er sterkt å sjå bilete frå det bomba regjeringskvartalet, Utøya, leitemannskap, hjelpemannskap og såra menneske. Likevel er dei sterkaste bileta av enkeltpersonar, frå blomenedlegging, menneske som gret og omfavnar kvarandre. Folket i nasjonal sorg.

At éin mann kan rettferdiggjere ei slik handling ved å meine det er naudsynt på bakgrunn av si politiske overbevisning er ufatteleg. Måtte slikt aldri skje igjen.

post signature

tirsdag 19. juli 2011

Den mjuke mammaen

Den mjuke mammaen går hand i hand med toåringen. Dei skal på leikeplassen. Han har spaden i handa, klar til leik. Den mjuke mammaen er trygg og god. Tålmodet er stort når 2-åringen spør "Hva e' det?" og peikar nyfiken på ulike ting. Den mjuke mammaen forklarar, smiler og ruskar sonen i håret. Nesten framme ved leikeplassen snublar han og slår hol i kneet. Den mjuke mammaen trøstar og klemmar. Begge går til sandkassen, set seg ned og spar sand i haugevis.

Brått reiser 2-åringen seg og spring. Det er ei skjære på vegen! "Eg vil ha han!" roper han, springande. Den mjuke mammaen reiser seg, guten er alt ut på vegen. Bilen som kjem køyrande stoppar heldigvis i tide. Den mjuke mammaen skjelv, og gret. Tenk om! 2-åringen trøstar. "Eg e' gla' i deg", seier han. Han skjøner ikkje alvoret situasjonen har framkalla hos den mjuke mammaen. Ho smilar, roar seg og dei går tilbake til leikeplassen. 

Den mjuke mammaen bestemmer seg. Det er godt å vere mjuk, og ha god plass på fanget. Men det er også godt å kunne sprette opp i farlege situasjonar, gå på fjellet med barna, leike sisten og sparke fotball med eldste jenta. Det er på tide å snu, tenker den mjuke mammaen.



post signature

mandag 18. juli 2011

Moonkids

Kom over ei nettside, minimikki.no - der hadde dei mykje fint! Denne leikedressen frå Småfolk er utruleg søt:














Og denne elefanten frå Smallstuff:












Ingenting gale i å ønske seg ting, vel? Skjønt VISS eg skulle kjøpt noko frå nettsida, ville eg nok endt opp med noko praktisk og enkelt, som desse krokane frå Rie Elise Larsen:











Dei hadde faktisk ikkje vore så dumme å ha på romma til ungane.

post signature

søndag 17. juli 2011

Ei lita gåve

Det er ikkje alltid mykje som skal til. Her er ei søt lita gåve eg fekk frå Elin tidlegare i sommar. Eg syns den er veldig fin. ♥


Rundt stearinlyset er det limt ein avisartikkel, blonde og ein hyssing med kløveranheng i. Fyrstikkøskja er pynta med eit bilete av Elise og guten til Elin, samt blondar, fin skrift, kartong og glitterlim.
post signature

Elises fest

Ting kjem ikkje alltid i rett rekkefølge. Nokre blogginnlegg vert dessverre delvis skrive, lagt tilsides til ein dag eg har betre tid eller energi - og gløymt så snart skjermen til laptop'en er bretta ned. Eg trur dei fleste har evna til å tenke tilbake, så det dukkar kanskje opp eldre blogginnlegg på feil stad eller dato innimellom. Håper ikkje dette forvirrar.

Festen til Elise var 25. juni. Vi valte å lage ein litt formell fest for ho, istadenfor tradisjonell dåp i kyrkja, ettersom verken eg eller Ricki er kristne eller har døypt dei to andre barna. Næraste slekt frå Bergen og Sunnmøre kom, samt godaste tante Pauline frå England, og vi hadde ein koseleg dag med mykje god mat, kaffe/te og kaker. Lokalet var ein skuffelse, men vi gjorde det beste vi rakk ut av det - og fekk ei fin markering av at veslejenta vår kom til verda 10. februar i år. Elise fekk mange fine gåver; smykke, smykkeskrin, barneservice, kle, eventyrbok, pengar, rørospledd, skrin til første tann og første hårlokk, barnealbum og singsang-kort. Tusen takk til alle som kom og delte denne dagen med oss!



 

post signature

fredag 15. juli 2011

Charterferie!

Endelig har eg hatt eit gjensyn med vakre Hellas! Det har gått tre år sidan sist, så det var verkeleg på tide. Vi har alltid gjort ting på eige hand; som dette:

1. Bestille rutefly til Athen tur/retur.
2. Funne hotell på ei øy vi ønsker å sjå via nettsida til Matt Barret: A Greece Travel Guide
3. Ringt direkte til hotellet, alltid drive av ei gresk familie.
4. Kjøpt billettar til hurtigbåt enten via eit gresk reisebyrå eller på nett før vi reiser. 


Tidlegare har jo Ricki budd i Athen, så vi har fått ein lengre ferie der nede. Då har vi hatt leilighet i Maroussi, som ligg i eit fint og grønt område nord for Athen. Ei veke på ei øy har derfor vore nok, vi har jo gjerne hatt ei veke eller to i Athen i tillegg. Denne gongen hadde vi ikkje leilighet i Athen ettersom Ricki bur i Norge saman med oss, vi har plutselig tre barn som skal reise med oss - ikkje berre eitt - og vi gjorde det på enklaste måten: charter. Med programmet charterfeber frå TV3 i minnet, grua eg meg litt til ferien med tanke på flyturen, dei fulle skandinavarane - både på flyet og rølande i gatene, taxfree-galskapen og elles det ein kan rødme av om ein får eit glimt av programmet på tv. Dette såg eg ikkje noko til. Kan det ha noko med at hotellet vi reiste til var eit Ving SunGarden hotell, barnevenleg og litt utanfor bar-sentrum? Sannsynlegvis. Heldigvis. Hotellet vi budde på heiter Stefan Village, og var veldig fint! Flott, gresk personale, flott uteområde med frodig hage, fin leikeplass med skygge, fire basseng - kor to av dei var for barn, god mat, super reingjering - og greie, store rom. Det vesle eg har å utsetje på charter, er at resten av gjestane snakka enten norsk, svensk eller dansk. Det same gjorde kelnarar på fleire av tavernane i området. Dette føltes veldig feil. I tillegg så var det ei lang, lang rekke med menneske i kø då vi skulle reise frå den vesle flyplassen på Kreta. Vi stod nok ein time i kø utanfor flyplassen, for å kome inn! Deretter var det innsjekking: vise kor mykje bagasje ein har, vege bagasjen, få bagasjelappar å feste på, bære bagasjen til rette baggage drop - alt dette involverte kø på kvar stad, i større eller mindre grad. Når vi kom opp i avgangshallen, var det så fullt av folk som sat i ventehallen, sat og venta eller stod i kø og venta til kvar gate, til den eine kiosken, i den vesle taxfree'en, at eg ikkje kunne sleppe handa til Vetle i frykt for at han skulle hamne i menneskevrimmelet, bokstaveleg tala. Folk sat langs veggane, åt slappe, varme baguettar som kioskdamene hadde stabla opp i haugar på disken, og venta. For mange var kanskje dette ikkje unormalt, men for meg var dette kaotisk. Eg har aldri reist med charter før, er dette vanleg? Ingen informasjon om at flyet var forseinka, ingen informasjon om at gaten hadde blitt endra - før ombordstigning, sjølvsagt. Og igjen: kaos. Men vi hadde ein fin ferie. Bileta under talar for seg sjølv. Med tre barn fauk dagane, og det gjekk i bading, leik og mat. Om ikkje det var rein avslapning, så var det ei super avveksling. Og kanskje, når ein syns at det er godt å ta klesvasken, støvsuge og rydde hus når ein kjem heim, at det var godt, roleg og avslappande likevel. Trass alt fekk vi bade, ete og leike kvar einaste dag. Med dei beste barna. Ikkje ille, det.








post signature

mandag 27. juni 2011

Listemenneske

Enkelte berre skrive det ned. Kva ein skal ha med på ferie, første dag på skulen, på hytta, kva ein treng på butikken, kva barna treng av nye kle/sko, kva som står og ventar av arbeid inni huset, utanpå huset, husarbeid .. eller kva bøker som burde lesast, musikk som burde kjøpast/lastast ned, filmar ein burde sjå, ting ein burde gjere, stadar ein burde dra. Eg er eit sånt menneske. Eit listemenneske. Ricki foreslo at eg burde lage ei liste over dei listene eg skal skrive. Ikkje dumt, egentlig, for av og til strekk ikkje tida til at eg rekk å få oversikt over listene eg burde ordne, eller rett prioritering av desse. Handlelistene er kvardagslege, og stort sett går desse kjapt. Ønskelistene er vel av dei meir omfattande, og dessverre er også listene over ting som burde gjerast inni og utanfor huset ei liste som vil kreve arbeid å skrive per dags dato. I dag nøyer eg meg derfor med å skrive ei liste over listene som skal skrivast. Og handleliste, men den går på papiret.

Først: ei overskrift, som gjer lista tydeleg på innhald.


Lister: 

Det er lurt å ha punkt for kvar ting, det gjer det oversiktlig. Kanskje nummerering kan vise korleis ein prioriterer også (sjølv om det ikkje er gjort her; det er som sagt vanskelig før eg har fått oversikta).
  1. Ønskeliste til huset (interiør)
  2. Ønskeliste til hus og hage
  3. Kva treng barna av kle/sko sommar/haust? 
  4. Kva treng vi av kle/sko sommar/haust?
  5. Ferieliste - kva må vi ha med, må vi kjøpe noko ekstra?
  6. Bokliste
  7. Musikkliste
  8. Turliste
  9. Middagsliste - redigert versjon


Eg kjem ikkje på fleire, gjer du? Men medan eg skreiv, noterte eg her i margen (om bloggar kan seiast å ha dét): joggesko til Ida (ho klarte sjølvsagt å miste dei nye på SFO), sandalar til Ida, sandalar til Vetle, shorts til Vetle, reisetrille med nedleggbar rygg, sandkasse og sand, kost, babycall, ein stad ut på Sotra med kafé, kyllingfilet surra i serranoskinke, iallfall, og ost- og skinkesalat. Kanskje nattbord hadde vore noko? Og service på bilen? 


Og så var det dette med prioritering, då. Når ferieturen er bestilt, er det vel viktigast å ha alt naudsynt utstyr til den, framfor service på bil eller middag til i morgon. Det betyr: shopping! Shorts og sko, trille og babycall, solkrem og solhatt/caps, nye solbriller til mor (dei gamle er sikkert ikkje bra nok?). Kanskje fins der butikkar med tilbud? Godt ein kan prioritere, og ikkje minst: at skattepengane er på konto.
 



post signature

fredag 10. juni 2011

Butikken stenger kl. 16 i morgen

"Butikken stenger kl. 16 i morgen" skriv Ricki i ein sms på veg heim frå jobb. Ja, tenker eg, det høyres logisk ut. Det er jo pinseaftan. Litt etter ringer han meg, gir same beskjeden munnleg og spør deretter om han skal handle for kvelden. Ja, det er fint. Når han kjem heim, seier han at butikken stenger klokka 16 i morgon. Vi skal nok klare å handle innan det, seier eg. Ricki og Ida gjer seg klare for å gå på Brannkamp, medan eg, Vetle og Elise skal leike og rote litt heime i stova. Ein time før kampen startar får eg ein ny sms. Å, er det ekstrem kø? tenker eg. Typisk. "Butikken stenger kl. 16 i morgen" skriv Ricki. Ja, eg hugsar det. distré er eg då ikkje? Sikkert ikkje kø, dei ventar nok på buss eller bane. Litt etter kl. 19 får eg nok ein sms, no har kampen nett starta. Eg kan tenke meg Ida er spent! Første brannkampen! Eg får sikkert ein mms med ei jublande jente i fullt Brannutstyr. "Butikken stenger kl. 16 i morgen". No syns eg han virkar litt opphengt i butikken. Han om det, eg er travelt opptatt med dei to barføtte små, kveldsmat og ein telefon som ringer. Ikkje for å minne meg om butikken som stenger kl. 16, heldigvis. Det er mamma. Litt prat, så må eg gjere unna kveldsmaten - den var jo kun i tankane mine då telefonen ringte. Ingen blir mette av sånt. Mobilen pip to gongar medan Vetle et skiver med makrell i tomat og leverpostei, her er det Stabburet som gjeld. "Butikken stenger kl. 16 i morgen." No byrjar eg å bli litt smånervøs. Kva er det med han? Er det noko gale? Sikkert ikkje. Eller. Han er jo programmerar. Dei driv med kode. Er det ei kryptisk melding? Eg klarer ikkje å tyde koden. Kva slags butikk? 1-talet er ein L. Kva er 6-talet? 9? L9. Nei, neppe kode. Har vi krangla om butikken? Bør eg skrive handleliste no? Eg tenker kjapt på kva vi bør handle. Det er ein del. Det hjelp ikkje å tenke på tinga, dei må skrivast ned. Han meiner nok ikkje at eg må gjere det no. Barna får ein vask, ny bleie og tannpuss før dei blir lagt. Når eg kjem ned att etter legging av trøtte fjes, har eg fått tre nye meldingar. "Butikken stenger kl. 16 i morgen" - ikkje overraskande. Skal det seiast, så byrjar eg å bli lei av dei. Kan han ikkje berre seie kva han meiner? Eller kan han ikkje seie kva han meiner?! Brått slår det meg. Har det skjedd noko? Er Ida blitt trampa på av ein skarrande brannsupportar?! Det skal ikkje forundre meg, typisk om langhelga startar med opphald på barneklinikken! Eg går inn på bt.no. Ingenting om dét, iallfall. Puh. Lenger ned på bt.no ser eg det. Overskrifta. "Mobiltrøbbel for Telenor-kunder". Ja, tenkte eg det ikkje!

post signature

onsdag 1. juni 2011

Lille Petter spillemann har ein kompis

Tommeltott
Slikkepott
Langemann
Gullebrann
og lille Petter spillemann

Slik seier barneregla. Eg prøvde meg på den med Elise, men så vart eg brått i stuss. Ja, for kva seier ein når Petter spillemann har ein nabo eller ein kompis som ikkje er namngitt? Elise har seks fingre på kvar hand. Det har ho arva frå far sin, som har eit gen som går att i slekta på farssida. Både Ida og Vetle er født med seks fingre på kvar hand, men dei hadde ikkje bein i desse, og vedhenga vart fjerna på barsel dagen etter dei var føydde ved hjelp av laser eller tråd. I Elise sitt tilfelle er det bein i fingrane, og den eine fingeren ser ut til å ha eit eige ledd og vere bevegelig. Den andre stikk meir ut, og det ser ikkje ut til at ho bøyer den åleine; kun i samanheng med veslefingeren. På Wikipedia omtalast tilfelle med seks fingre som polydaktyli. Fingrane skal bli fjerna ved hjelp av plastisk kirurgi på Haukeland universitetssjukehus. Når er enda uvisst, men vi håper det skal skje før ho bruker fingrane og handa meir aktivt. Vi skal til røntgen med ho i midten av juni, så det blir spennande å sjå korleis fingrane og ledda heng saman, og om operasjonen vil bli enkel og nært foreståande. Ifølge legen vi var til konsultasjon hos i starten av mai, kunne det ta mellom eit halvt til eitt år før ho fekk operasjonen. Førebels får regla bli slik:

Tommeltott
Slikkepott
Langemann
Gullebrann
og Pål og Petter spillemenn

post signature

søndag 29. mai 2011

Ein heilt vanleg søndag // A day in life project

I dag har eg hatt eit lite prosjekt gåande gjennom dagen. Frå morgon til kveld i dei fleste situasjonar, har eg knipsa i veg - og tatt vare på det daglegdagse i livet. Ofte er det jo det spesielle som blir knipsa; turane vi er på, besøk, ferie, milepælar og liknande. I dag knipsa eg derimot ein heilt vanleg søndag, kor "ingenting" skjedde. Og dagen vår såg slik ut:

 Vetle vaknar. Dagen startar. Hol i sokkane. Jaja.
 










Ricki blir lurt, står opp 5.59. Eg står opp 6.30, Ricki
legg seg att. Vetle og eg ser barne-tv, Didrik og Dorte.











Ida vaknar 6.45. Legg seg trøtt i sofaen og ser barne-tv.
Eg syns det er på tide med kaffi.
 












Vetle leitar fram plastelina. Samstundes vaknar Elise kl. 7.
Ricki går og legg seg att. Det ser ut som han treng det.











På tide med frukostpupp, og morgonstell for Elise.











Endelig får eg kaffikoppen min. Ida vil helst ikkje kle på seg,
det er så deilig å ligge og slumre framfor barne-tv i pledd.











Søndag = egg til frukost! Men så vi er tome for egg ...











Vetle hjelper til med å lage istand frukost for oss som er vakne.











Elise søv ein dupp, og dei to andre leikar med lego.











Eg rydder vekk frukost og tømmer oppvaskmaskina.
Barna treng figurar til legohuset dei bygger, eg hjelper til.











Morgonstell.











Eg set på første vaskemaskina med kle. 
Barna leikar framleis med lego.











Eg synkroniserer iPhone, lastar ned litt musikk.
Eg ber barna gå og vekke pappa sin kl. 10.00.











Elise er våken att. Og det er Ricki og.











Vetle er klar for å gå ut med pappaen som har fått frukost,
medan Elise leikar under babygymen.











Ida og eg et lunsj før ho stikk ut for å sykle.











Vetle er inne att, og et lunsj. På tide med dupp for begge dei minste.
Begge to sovnar greit i dag.











Eg heng opp klesvasken. Elise søv enda.











Nei, ho sov visst ikkje likevel. Då kosar vi istaden.











Vetle blir vekt etter ein ganske god time. 
Vi les litt på senga før han står opp. Det er ei puslespelbok.











Eg legg Elise i vogna og håper ho skal sove litt. Det ser ikkje lovande ut.
Dei andre stikk ut på tur i skogen og er føre-var med regntøyet på.
Elise er forkjøla, så vi held oss inne i dag.











Elise søv ikkje, men det knirkar voldsomt i bleien -
og då er ho nøgd! Leikar litt i leikegrinda etterpå, 
så mamma får lage middag.











På menyen står "vi-tar-det-vi-finn-i-frysen": påskeskinke 
med fløtegratinerte poteter og salat, samt pasta og kjøtkaker.
Eplekake, is og kaffi til dessert. Nam!











Vetle og eg spelar bondegardslotto. 
Ida ser Camp Rock på dvd.











Elise klør i munnen, og er trøtt. Straks leggetid.











Kveldsstell og leggetid. 
Ida får lese litt i senga: Slangen i graset av Hans Sande. 
God bok.











Barna søv kl. 20.00, 
eg legg andre runde med klesvask i tørketrommelen.











Deretter blir leiker rydda opp frå golvet, 
og støvkosten dratt ei kjapp runde rundt på golvet.











På tide med kveldsmat i ro og fred for mor kl. 21.00, 
og ein liten kos med te, kjeks og denne bloggposten.










Takk for i dag!

post signature