onsdag 8. desember 2010

Kakemenn

I mangel av penn og papir, tar eg det som nærast er: laptop'en! Det er baketid, og i kveld tenkte eg å lage julemanndeigen (=kakemenn i Bergen). Vetle er sjuk for tida, så vi må ha noko å fylle dagane med. Oppskrifta eg har brukt tidlegare kjem frå tante Martha til mamma, men dei to siste gongane eg lagde desse, så vart dei så skrukkete - og smakte hornsalt. Så eg prøver ei ny eg fann på nett. Er ikkje denne heller god, så må eg ut med etterlysning, for julemenn MÅ vi ha til jul.

Bildet er tatt frå dinmat.no

Julemenn

250 g sukker og
75 g smør - røres hvitt
25 g hjortetakk
600 g hvetemel
1/4 l melk
Elt alt sammen.

La deigen stå i kjøleskapet over natta. Dekk til med plast.
Stekes ved 180 grader i 10-12 minutter.
Oppbevares i kakebokser.



Pepperkakene er i boks, og ungane storkoste seg med å kjevle, smake deig og bake pepperkaker i ulike former:

Vi kosar oss med baking og advent!


post signature

fredag 3. desember 2010

Det kjem ein baby om 8 veker!

Det byrjar så smått å gå opp for meg at det ikkje er lenge att til babyen kjem. Tidlegare har eg vore klar over dette i lang, lang, laaang tid - og utstyrsliste er blitt skrive tidleg. Denne gongen har vi (les: eg) tatt det med ro - det er jo jul først, ikkje sant? Og så er det jo ein månad ... ein månad!? att før termin. Tenk om denne skulle kome før tida! Skrekk og gru, eg må byrje å lage lister før jul!

Men kva har vi? Kva manglar vi? Kva ønsker vi (les: eg)? Jau, det har eg funne ut av i dag. Ikkje kva vi har eller treng, altså, men kva vi ønsker. Og når ein har god tid til å lage lister, så gjer ein seg ekstra flid med dei.


Bilen står sterkt på ønskelista, forøvrig. Og for dei som skulle ønske å gi Vetle ei gåve, så treng han ny seng (Kritter frå Ikea, kanskje?) og nytt bilsete (Britax, kanskje?). Ida ønsker seg aller helst kjæledyr og klede. Og om vi skal gå inn på dei øvrige familiemedlemmane som er meir tilbakehaldne med ønsker, så kan det nemnast barnevakt i ny og ne ...!

post signature

onsdag 1. desember 2010

1. desember

No er han er, 1. desember - ikledd eit frostlag på bakken. Ingen snø, men vinterkjensla er her, utan tvil. Ute er det -10 grader, noko som er sjeldan vare i Bergen. Inne er det fyr i peisen og tente stearinlys. Ekte adventskos. Barne-tv sendte "Jul på Månetoppen" som adventskalendar i kveld, eg hugsar det frå 2005 då det vart sendt - og Ida og eg fulgte spent med kvar kveld. Enda mange syns "Jul i Skomakargata" må kome tilbake på tv (meg sjølv inkludert), så er det også kos med blånissar som er ute i den blå timen, og raudnissar som nissar strekar rundt om på garden.


Bakinga kan gjerne kome ordentleg igong no som 1. desember er passert, hittil har vi baka serinakaker - og fått krumkaker av mamma, etter ei koseleg, men hektisk langhelg på Sunnmøre. Pepperkakene er førebels frå Sætre, men blir heimelaga seinare i veka. Og så har Ida vore så heldig og fått to norgesglas som vi skal pynte og lage godtekrukker av. Om Ida får viljen sin, så blir det kanskje litt fleire juleaktivitetar på stovebordet også. Vi håper mammaen har energi. Uansett, vi gler oss til jul!

post signature