Eg trudde eg skulle klare å halde meg til desember med juleførebuing som kakebaking, Lerums julebrus og Sætres pepperkaker - men den gong ei. Éi firpakning av Lerums julebrus har gått ned, ei halv boks med Sætres pepperkaker er forsvunne - og kakebakinga er under planlegging. Clementinar er ete av i fleng, men så er det jo sunt og altfor godt til å vente ut i desember med å smake på. Når det gjeld kakebaksten, så kan den forsvarast med at det er 1. søndag i advent i november, om nøyaktig ei veke. Og tradisjonen heimanfrå, er at ein har eit fat med småkaker kvar søndag i advent, samstundes som adventslysa blir tent. Derfor, kva sortar skal eg bake i år? Blir det sju? Eg har leita litt rundt på Tine.no for inspirasjon, og har kome fram til desse sortane:
Serinakaker
Pepperkaker
Julemenn/kakemenn
Brune pinner
Berlinerkranser
Konfektkjeks
Altså manglar eg éin sort! Det er for gale. Om eg først bakar seks sortar, kan eg jo likegjerne bake sju. Då er det å finne ut kva sort kake eg kan bake som ikkje krevjer spesialjern eller kjøkkenmaskin, men aller helst berre nevane og evt. utstikkarformer. Eventuelt avlegge mamma eit besøk og håpe på ei kakeboks krumkaker.
