Laurdag 18. juli hadde vi namnefest for Vetle. Slekt frå Sunnmøre, Bergen og England kom og feira Vetleguten vår, og vi hadde ein strålande fin dag! Sola skein, det var varmt i veret - og både koldtbord og kaker var vellukka. Vetle fekk fine gåver som bøker, barnebestikk, røros pledd, handmala barnestol og armeband med meir.
Hovudpersonen med festpynten rundt.
Tante Anette syns kakene smakte godt!
På overflata var mor roleg -
men stressfaktoren inni kroppen var nokså høg!
Storesyster Ida fekk ei bursdagsgåve på førhand av Besta si: ein flott skulesekk! Gjett om ho var stolt! Sekken var med opp på soverommet på kvelden, og vart tatt med ned på stova tidleg neste morgon. No står pennal, matboks og skulekle på ønskelista før bursdagen, så eg tippar vesle frøkna er klar for skulestart 19. august?
Stolt og kry av første skulesekken!
1 kommentar:
Photoscape er forøvrig ein kjekk ting!
Legg inn en kommentar