tirsdag 14. juli 2009

Vetle er 4 mnd ...

... og det er gøy å sjå kor aktiv han er! Han rullar frå rygg til mage - og har såvidt byrja å rulle tilbake igjen. Han pratar og ler, og er stort sett blid heile dagen. Etter mange netter med mykje amming og lite søvn, introduserte eg risgraut frå Hipp med banan og ferskensmak. Det falt i smak! Han smattar det i seg, og etter ei veke er vi no oppe i 2 x 0,5 porsjonar om dagen (formiddag og kveld). I natt sov han endelig litt bedre, så det kan kanskje ha ein samanheng?

"Klompen"

Grautatid!

Mmmm!

Ingen kommentarer: