Det var avslutningsfest for ørnene, dvs. 5-åringane, i barnehagen i går - og i den anledning var det underholdning frå skuleungane-to-be. Ida hadde øvd seg på ein vits, som mor her har lova å ikkje røpe svaret på. Her er vitsen:
Kva er kvitt oppe i lufta og gult nede på bakken?Veit du svaret?Det var meininga å legge ut film av seansen, men fila er visst så stor at det ville tatt timar å laste den ned. Kanskje får eg hjelp til å gjere den mindre seinare i kveld?
Det var ei fin avslutning, iallfall. Både barn og vaksne koste seg med pølser, saft, kaffi og kaker. Og underholdninga var super, med vitsar, rapping og kor med songar som Glad apekattsang, Jeg liker dine store ører, Jeg vil bygge meg en gård, Lille måltrost m. fleire. Snart er det skulestart for dei store små, det blir ganske rart, litt vemodig og veldig spennande!