mandag 31. august 2009

Skulejenta mi

19. august byrja Ida på skulen. Det var spennande for både ho og foreldra! Vi møtte på Haukeland skule kl. 11.30, kor det var flagg og pynt i senteret av skulen. Før rektor talte og ønska barna velkomen, spelte anlegget fanfaremusikk og barna strålte av forventning. Store greier. Det var reint som eg ville byrje i 1. klasse sjølv. Sånn stas! Då rektor var ferdig å ønske velkomen, ropte ho opp eit og eit barn, som fekk kome opp og helse på rektor og deretter stille seg ved læraren til heile klassa var samla. Så gjekk troppen ned til klasseromet, kor vi foreldre fekk vere fluge på veggen ei lita stund. Skuledagen var over kl. 13.30, og det hadde visst vore ein kjekk dag! Måtte det vare i mange, mange år framover!

Ingen kommentarer: