onsdag 30. april 2008

Oppsummering av dei fire førre månadane og planar for dei neste

Pepperkaker og lykter har blitt laga, nissane har stått framme - og vi har feira jul. Nyttårsbukken min var rampete nissejente i år, og ho fekk nok godteri til resten av året. Vi har besøkt Emilie og Marie, og blitt gode vener med dei. Vi har feira påske i Ulsteinvik, med snø, snømann og årets fjelltur. Og så har Ricki blitt sterkare - like sterk som Pippi påstår Ida.

Framover tenkte eg å halde bloggen i hevd. Eg er blitt biten av skrivebasillen igjen, og det klør i fingrane etter å skrive tekstar, blogg og lister av ulike slag. Hittil er eg komen til ei godt planlagd handleliste for veka som kjem, men kanskje kjem eg dettande inn i ein tekst etterkvart? Ein kan berre håpe, det er lenge sidan sist.

Eg er blitt hekta på å lese bøker igjen, endelig. Det skulle berre eit halvt år utan skulepensum til, før litteraturen skreik frå bokhylla. Stieg Larsson sine bøker har fenga meg veldig, og eg ventar utålmodig på at den tredje boka skal kome med eit dunk ned i postkassa. I mellomtida les eg Garps bok av John Irving, som eg har tenkt på å lese fleire gonger før. Eg liker karakterane i boka, men kan enda ikkje seie kva eg meiner om sjølve handlinga eller heilskapen. Eg elska En bønn for Owen Meany av same forfattar, så eg har heilt klart store forventingar.

onsdag 12. desember 2007

Bloggen? Ja, MEN ...

Kva skjer med bloggen din, då? sa ho.
Den er no der, svarte eg.
Ja, men den er lite oppdatert, sa ho.
Ja, men ... svarte eg - og dro lenge på siste ordet.

Eg ser - og eg veit godt - at bloggen er lite oppdatert. Og dei MEN som kan listast opp, er samstundes ei oppdatering på kva som skjer rundt meg for tida:

- MEN eg hadde eksamenar
- MEN eg måtte pakke. Og vaske ned. Og flytte.
- MEN eg hadde ingen møblar. Og ikkje eingong internett!
- MEN eg måtte kjøpe møblar.
- MEN eg byrja i ny jobb.
- MEN eg jobbar! Morgon, førmiddag, ettermiddag og kveld!
- MEN eg er aleinemor. På ein måte.

Det var dei heller betre argumenta. Dei litt verre, som kanskje mest er årsaka til at bloggen er så lite oppdatert, er vel heller:

- MEN det gjekk noko eg ville sjå på TV.
- MEN eg måtte dusje.
- MEN eg måtte RYDDE.
- Men telefonen ringte.
- MEN ... eh ... altså ...

Og takk til Marie, som ved å gje meg ei fin lenke til hennar nye blog, minte meg på at eg òg har eit slikt skriblehjørne på nett. Kanskje, om eg får tid (de ser jo over at eg har svært lite av det), så blir bloggen oppdatert oftare enn kvart halvår.

(Jepp - eg sa kanskje.)

lørdag 26. mai 2007

Kom mai du skjønne milde


Endeleg er våren her, og i det grøne utanfor vindauget mitt ser eg hav med engkarse, kvitveis og løvetann. Aldri før har graset vore så gult av løvetann - mai er skjønn. Det er siste månaden på skulen; om berre 9 dagar er eg ferdig utdanna førskulelærar. Det er rart å tenkje på at eg ikkje skal studere noko meir (kanskje blir det eit fag eller to dersom eg har tid og råd, det må då gå an?), og på at vi i slutten av juni skal flytte frå kjære Volda og heile nettverket vi har bygga oss her. Det er spennande med ny leiligheit, ny barnehage og forhåpentligvis snart ny jobb - men det er faktisk også ganske skremmande. Heldivis har fleire lova å kome på besøk - ho kjæraste Silje har alt planlagd når - og eg kjem nok til å ta nokre turar opp att med mindre bergensfanten tek meg. I tida framover blir det eksamenslesing (av ein eller annan grunn er eg usannsynleg roleg før eksamenane no, til trass for at eg har lest mindre enn noko sinne .. kanskje er det rett og slett motivasjonen som manglar?), det blir pakking av flyttelass, fleire avskjeds-/avslutningsfestar, nedvask av leiligheit - og forhåpentligvis god tid til leik og samtale med dei fleste her oppe.

fredag 2. februar 2007

Snakkar some people betre in English?

Kva er det med engelsken? Eg sat og snoka på nettet i går, og kom over fleire sider der tenåringar har skrive dikt på engelsk, dei skriv uttrykk som "Yo, 'zup!" eller dei brukar engelske nick som Sweetiepie, Cupcake, Sexyboy, Mr. Niceman osb. Seier det verkeleg meir enn norske ord? Kva i all verda er gale med å hyle "Ja, suppe!" eller kalle seg for LekreLaura, Blautkake eller HerrHyggeleg?

Eg ser ikkje noko gale i det.
- LongeLaura.

mandag 29. januar 2007

Dei små tinga

No held vi på med feltarbeid, og eit av spørsmåla vi stiller til pedagogiske leiarar, er: kva er viktig at dei vaksne bestemmer, og kva kan ikkje barna bestemme?
Ida vil gjerne bestemme at ho ikkje skal vaske hender. Eg er så klart ikkje samd, og argumenterer alt eg kan kvifor ho skal og må gjere det. Dette nyttar ikkje. Eg forsøker deretter med belønningsmetoda. "Viss du vaskar hender, så skal du få gå opp til S." Dette nyttar heller ikkje. "Viss du IKKJE vaskar hender, så bakar eg ikkje kake til bursdagen min i morgon likevel." Yeah, right. Eg endar opp med å drage ho ut på badet, tenke at no gjer eg noko eg absolutt ikkje skal (men veit ikkje kva anna eg kan gjere), vaskar hendene hennar med tvang og får ein skrikande unge som er sint på meg (sjølvsagt, det ville eg og vore). Etterpå angrar eg, og sit att med spørsmålet:

Kva gjer ein når barn ikkje vil vaske hender etter eit dobesøk?

Såklart vart vi vener att, men det tok litt tid. Frå no av skal min dag bestå av å motivere. Motivere, motivere, mo ti ve re! Kanskje det kan hjelpe.

mandag 22. januar 2007

Avgjersle

Då har eg bestemt meg for å henge skrivande her likevel. Og ute snør det. "Det snør så mye mer enn før, tidelibom og huttemegtu!" Såpass har det snødd, at Snømannen Kalle verken kan sjå eller ete, men berre såvidt lukte litt på snøen.

Er eg daud?

Nei.

Men som sagt tidlegare, leitar eg etter ein annan stad å henge. Ikkje etter halsen eller opp ned, men skrivande. Ein ny stad å henge skrivande. Gir det meining? Eg er ganske forvirra etter eg trudde jordskjelvet i går var innbilning og min vanlege paranoia.

Går det an å lage lister her?

mandag 18. september 2006

Dei 25 beste barnebøkene

Bokklubben har kome med ein ny serie dei kallar Barnebiblioteket. Juryen som kåra bøkene består av Jostein Gaarder, Harald Bache-Wiig, Kristenn Einarsson, Maren Kolle Riis, Anne Kristin Lande, Vigdis Moe Skarstein og Vibeke Røgler.

Desse bøkene er på lista:
* Alice i Eventyrland av Lewis Carroll
* Dagen som forsvant av Tormod Haugen
* Danny og den store fasanjakten av Roald Dahl
* Den hemmelighetsfulle hagen av Frances Hodgson Burnett
* Den lille prinsen av Antoine de Saint-Exupéry
* Det suser i sivet: eller Hr. Padda fra Paddeborg og vennene hans av Kenneth Grahame
* Dustefjerten av Rune Belsvik
* Gummi-Tarzan av Ole Lund Kirkegaard
* Harry Potter og de vises stein av J.K. Rowling
* Heidi av Johanna Spyri
* Jorden rundt på 80 dager av Jules Verne
* Kabalmysteriet av Jostein Gaarder
* Klatremus og de andre dyrene i Hakkebakkeskogen av Thorbjørn Egner
* Lillebror og Knerten av Anne-Cath. Vestly
* Løven, heksa og klesskapet av C.S. Lewis
* Momo - eller kampen om tiden av Michael Ende
* Ole Brumm av A.A.Milne
* Peter Pan og Wendy av James Matthew Barrie
* Pinocchio av Carlo Collodi
* Pippi Langstrømpe av Astrid Lindgren
* Teskjekjerringa av Alf Prøysen
* Tom Sawyer av Mark Twain
* Tordivelen flyr i skumringen av Maria Gripe
* Trollkrittet av Zinken Hopp
* Trollvinter av Tove Jansson

Finnast det andre bøker som burde vere med? Heilt klart:
* Ronja Røverdatter av Astrid Lindgren
* Charlie og sjokoladefabrikken av Roald Dahl
* Glassblåserens barn av Maria Gripe

Det finnast sikkert fleire, men eg kjem ikkje på alle. Uansett er eg svært glad for at Rune Belsviks Dustefjerten var med på lista - den las eg med stor glede for berre eitt år sidan!

søndag 17. september 2006

Meerkat Manor

På Animal Planet har dei eit program som heiter Meerkat Manor. Det handlar om desse små dyra, som berre er heilt utruleg søte og artige å sjå på! Nett no sit eg og grublar på kva meerkat heiter på norsk, og irriterar meg over at eg ikkje kjem på det.



Uansett - på denne lenka kan du sjå nokre korte filmsnuttar av Meerkat Manor. Wahey!

onsdag 6. september 2006

Ny side?

Eg vurderer å oppdatere den gamle cecilien.com, og ha blogg, bilete og tekstar på eine og same sida. Er det for mykje arbeid i det, ventar eg til jul. Elles så får eg sjå om eg klarer å la vere bruke for mykje tid på det om kveldane. Eg har ein tendens til å jobbe intenst med det som opptek meg når eg først har starta på noko, så det bør ikkje gå utover nattesøvnen.

Eg har forresten byrja å strikke ei lang remse som til slutt skal bli ein slange til Ida. Det er nok det enklaste ein kan strikke? Ein kan skjule dei ujamne kantane, ikkje sant?

[Eg tvilar på at ormen kan visast fram med bilete i næraste framtid, men om ikkje han hamnar i søpla, så skal du få sjå han!]



[Kanskje.]

fredag 1. september 2006

Hit space?

Kva er det med vaksne menneske som ikkje kan lære seg å skrive mellorom etter teiknsetjing?Det er ganske irriterande å lese.Særleg, når ikkje teiknsetjinga er rett.Skriveleifane skal eg kunne sjå på med eitt auge,.Eg vil berre puste litt!Gje meg rom!

[Argh!Sic!]

mandag 21. august 2006

Så kom natta ...

... og Jan Eggum song det så godt:

Min krok er kald med grå gardiner
Som stenger solen ute.
Min seng er smal og golvet griner.
Jeg prater med min pute.

En natt forbi, et ensomt monarki.
Sang fra sjelen, slipp meg ned.
Jeg trenger en å våkne med.

En drøm er dekt til to personer
Og samler støv på stolen.
Et tog av tause telefoner,
og angst for alkoholen.

En natt forbi, en frihetsparodi.
Tåketanker, gi meg fred.
Jeg trenger en å våkne med.

En natt forbi, en stilnet melodi.
Sang fra sjelen, slipp meg ned.
Jeg trenger en å sovne ved,
Så får jeg en å våkne med.

søndag 20. august 2006

Hobby og sånn

Den siste timen har eg kika på nokre nettsider drivne av kvinner som har for hobby å strikke og sy. Eg har alltid ønska å kunne gjere sånt, men det må seiast at mine forsøk på å strikke bamse i 5. klasse og sy ein ryggsekk i 7. klasse begge enda opp i hendene åt andre. Eg har anten ikkje tålmod eller teknikken inne. Eller skal vi innrømme at eg i det minste ikkje har teknikken inne? Tenk om eg hadde kunne strikka ein slik til Ida, t.d.:



Eg får melde meg på strikkekurs så snart utdanninga er ferdig og eg er klar for å lære andre ting.




Ja, eg er heilt seriøs.




Trur de meg ikkje?

mandag 14. august 2006

The Hours

I kveld såg eg The Hours, ein film som krinsar kring Virginia Woolfs liv og romanen "Mrs. Dalloway". Den gjorde sterkt inntrykk, og nokre gode utsegn får derfor plass her (utsegna er tekne ut av samanheng):

Virginia Woolf: You cannot find peace by avoiding life, Leonard.
--
Virginia Woolf: To look life in the face, always, to look life in the face and to know it for what it is.
--
Virginia Woolf: Someone has to die in order that the rest of us should value life more. It's contrast.
--
Kitty: All my life I could do anything. I could do anything, really. Except the one thing I wanted.

torsdag 10. august 2006

Bloggen eksisterar enda

- og det gjer eg òg.

Det har vore ei hektisk tid med eksamen, og ei roleg tid med sommarferie i Athen, Paros, Bergen og Ulsteinvik. No kjem snart ei tid med studiar att, og eg gler meg.

torsdag 18. mai 2006

Har du tenkt på ...

... at om du legg ei rosin i bløyt, vil ho svulme opp og bli like stor som ei drue?

Nei, det er ikkje så rart. Men det er pussig at slike tankar alltid kjem fram under rapportskriving eller eksamenslesing.

torsdag 11. mai 2006

Praksis

No har eg vore i praksis ei stund, og eg er endeleg sikker på at eg har valt rett yrke - hurra! Det er mykje som skal gjerast i forhold til praksis, og det er ikkje uvanleg at golvet rundt datamaskina ser slik ut på kvelden:



I dag laga seksåringane ei forteljing, med litt støtte frå meg. Eg er svært stolt over innsatsen deira og det ferdige produktet - så her kjem ei koseleg forteljing:

Dyra våre
- ei forteljing av seksårsklubben

Det var ein gong nokre gardar. På desse gardane åt og sov dyra som budde der. Dyra hadde mykje dyne, som var laga av gras. Brunen, som var hesten til Hanne, fekk nesten oversvømming av dyne. Anda til June heitte Anda, og musa til Heidi heitte Museline. Sauen til Inger heitte Line, og Johanne sin sau heitte lam. Skytegrisen til Stian hadde ikkje fått namn enda.

Ein dag fann anda eit ekorn som sat og åt på ein kongle. Ho sette ekornet i bur og tok det med heim. Brunen og Lam kom til Anda og Line kvar dag for å sjå på ekornet som var i bur. Hos Anda og Line fekk alle blad og sopp til mat, og vatn til drikke. Lam åt dessutan litt gras, bark, blomar og mold. Dyra gav nøtter, konglar, bark og barkkjeks med sjokolade, blåbær og blad til ekornet, og alle saman storkosa seg.

søndag 7. mai 2006

Bil

Eg skal kjøpe meg bil. Eg har ein Mitsubishi Galant 2.0 som eg vurderer å kjøpe, og slik ser han ut:


Fin?

Konfirmasjon

I dag var Stine konfirmert, og Ida og eg + resten av slekta var i selskapet etter konfirmasjonen. Det var varmt og solfullt, så maten vart ete inne - medan resten av tida vart brukt ute, då mest ved trampolina. Ida meistra etter kvart godt kunsten å hoppe, så det blir nok ein ny tur til Hjartåbygda om ikkje mange veker. Lamminga er over, og vi fekk sjå små, søte lam - til og med ein nyfødd villsau: Rambo.

torsdag 20. april 2006

Livsmotto

Eg har funne mitt livsmotto! Sjølvsagt kjem det frå ein av mine favorittforfattarar, og det er ganske enkelt heilt sant:

Den ærlige pessimisten har alltid ført menneskeheten lenger fram enn solstrålefortelleren.- Inger Hagerup