tirsdag 11. februar 2014
Eg KAN! Eg SKAL!
Eg har hatt bursdag. Gjett kva eg fekk i gåve? PT! Personleg trenar. Kva gjer eg med ho, lurer du kanskje på? Maser ho meg rundt på apparat, roper høgt og set på nokre ekstra vekter for kvart sett eg tek? Niks. Det kan eg klare sjølv. Denne dama har lært meg å stå. Ho har lært meg å sette senter (pilates), og trene magemusklar på ein måte som er fantastisk lett å unngå å øydeleggje rygg og nakke! Ho utfordrer tankegangen min der hinder står i vegen for å prøve nye ting; der eg har hundre unnskyldningar for å la vere. No høyres eg K A N S K J E ein smule nyfrelst ut, men la gå. Motivasjon er her, og eg har leita lenge etter den. I år satser eg på helsa mi. Med lege, fysioterapeut, treningsabonnement og PT som støtteapparat S K A L kjernemuskulatur og dermed rygg og kne bli betre. Så SKAL eg sjølv skjerpe inntaket, så vekta går ned. Å setje SKAL istadenfor BØR eller MÅ har eg og nylig lært noko om. Tenk sjølv: kva gjer orda med motivasjonen? Kan ein overbevise seg sjølv ved å vere bevisst korleis ein ordlegg seg?
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
2 kommentarer:
Ditte klare du!!! Nesten so ej vart litt inspirert ;) Klem
Takk! Det går to steg fram, så eitt tilbake i ny og ne. Men det er bedre enn å gå baklengs heile vegen. :-)
Legg inn en kommentar