tirsdag 17. juni 2014

I morgon, i morgon ...

... i morgon, den dag.
I dag skal eg ikkje gjere det slag.

Har tatt meg heilt ut på jobb i dag. Ryggøvelsar må vente til i morgon, skjønt eg veit eg burde. Forebygging, oppbygging og sikkert noko meir bygging. Senga er ikkje min ven for tida, men det er gløymt så snart søvnen har tatt meg. Så får ryggen klage i morgon tidleg, til trening er unnagjort.

God natt.

tirsdag 8. april 2014

Dagen i dag

Alarmen ringjer sin rytmiske melodi 5.40. Eg vakner. Elise, som ligg klin inntil meg, vakner. Ikkje så rart. Eg prøver å slå av alarmen så ho skal sove lenger, men eg ligg midt i senga med ein kropp på kvar side. Eg velter mageflesket over på sida mot alarmen, prøver å finne av-knappen. Sjølvsagt veltar eg eit glas med vatn i prosessen, og det skjer ikkje lydlaust. "Shhh, sov du. Mamma skal og sove." kviskrar eg lite overbevisande mot treåringen medan eg både prøver å ligge i sovestilling og skyve ei pute over vatnet som rann ut på nattbordet og golvet. Eg ber om at mobilen min ikkje er våt, eller at eg ikkje somnar og kjem for seint til jobb. Eg har alt mista eit kvarter, og har ein foreldresamtale å nå klokka 7.30. Den største kroppen i senga overbeviser meg om at den minste kroppen ikkje kjem til å sovne, så eg tek ho med meg ned. Ho vil naturlegvis berast, og eg har ein vond rygg som har fått forbud mot slikt av både lege, fysioterapeut og PT. Det ender med at ho står grinande og kjempetrøtt i trappa, vekker mellomstemann (som i og for seg er greit nok ettersom eg skal levere han tidleg i barnehagen) og medan eg hoppar i dusjen må far stå opp og bere ho ned. Han legg seg og søv i 10 minutt før han innser at heller ikkje han får sove. Fire av fem er vakne før 6.15, to av fem er ute av døra 6.40. Vi rekk barnehagelevering og foreldresamtale i tide. Alt går etter planen neste timen. Eit formingsprosjekt går over i kaos, prosessen blir flyktig - men resultatet er bra.  Det er vel det viktigaste? Kanskje ikkje. Ein ansatt er på jobb med feber og må til slutt gå heim. Eg står att med ein vikar som ikkje har fullført norskopplæringa og misforstår alt eg seier, men svarer "Ja, ok" og gjer motsatt av det beskjeden var. Etter to timar overtid køyrer eg heim. Kva som skjedde mellom den tid og dette er eit mysterium, men eg har iallfall klart å legge eitt av tre barn. Dei to andre søv visst også. Då står berre min tannpuss att. God natt!
post signature

mandag 7. april 2014

Fylte ark


Eg har planar om å skrive meir. Kanskje blir det på bloggen, kanskje ikkje. Setningsskaping blir det nok. Berre vent! 



tirsdag 11. februar 2014

Eg KAN! Eg SKAL!

Eg har hatt bursdag. Gjett kva eg fekk i gåve? PT! Personleg trenar. Kva gjer eg med ho, lurer du kanskje på? Maser ho meg rundt på apparat, roper høgt og set på nokre ekstra vekter for kvart sett eg tek? Niks. Det kan eg klare sjølv. Denne dama har lært meg å stå. Ho har lært meg å sette senter (pilates), og trene magemusklar på ein måte som er fantastisk lett å unngå å øydeleggje rygg og nakke! Ho utfordrer tankegangen min der hinder står i vegen for å prøve nye ting; der eg har hundre unnskyldningar for å la vere. No høyres eg K A N S K J E ein smule nyfrelst ut, men la gå. Motivasjon er her, og eg har leita lenge etter den. I år satser eg på helsa mi. Med lege, fysioterapeut, treningsabonnement og PT som støtteapparat S K A L kjernemuskulatur og dermed rygg og kne bli betre. Så SKAL eg sjølv skjerpe inntaket, så vekta går ned. Å setje SKAL istadenfor BØR eller MÅ har eg og nylig lært noko om. Tenk sjølv: kva gjer orda med motivasjonen? Kan ein overbevise seg sjølv ved å vere bevisst korleis ein ordlegg seg?