lørdag 28. april 2012

Om noko er uoverkommeleg, prøv ein brownie-muffins!

Brownie-muffins er godt, at etter ein bit av ein sånn, vil alt vere overkommelig. Det er iallfall nesten heilt sant. Ida Marie på 8 sa at brownie-muffinsane mine er verdens undergang-gode. Så gode at verda nesten går under for ein liten bit, da? Prøv! Her er oppskrifta:

Ingredienser:
2 egg
3 dl sukker
100 gram smelta margarin
1 ts vaniljesukker
3-4 ss bakekakao
2 dl kveitemjøl


Slik gjer du:
1. Pisk egg og sukker til eggedosis. Eg lar miksaren gå ei god stund, kanskje 10 minutt, medan eg førebur resten.
2. Smelt smøret.
3. Bland vaniljesukker, bakekakao og kveitemjøl i ein bolle.
4. Bland det tørre vekselvis med smøret oppi eggedosisen.
5. Fyll muffinsformer 2/3 fulle; eg bruker muffinsbrett - då blir muffinsane finare i fasong. Røra gir ca. 15 former.

Steikast midt i ovnen, på 200 grader i 13-15 minutt. Brownie-muffins skal vere harde utanpå og mjuke inni. Steiketid kan variere litt alt etter type ovn, så prøv deg fram.

Til slutt er det berre ein ting å sei: nyt! Fantastisk god til kaffe, te, melk - eller heilt for seg sjølv.

post signature

onsdag 25. april 2012

Oops, we did it again!

Vi har bestilt ferie. I vekesvis har eg kika rundt på nettet og leita etter feriehus innanlands, samt i Danmark, Frankrike og England. Engelske og franske feriehus nær ei strand freistar veldig! For kven ville ikkje feriert her?


Men så var det dette med transport ifht. pris. Eg ser litt mørkt på å skulle først ta fly eit par timar, for så å setje seg i bilen og køyre i ein god del timar til. Prisen på dei flotte feriehusa er ikkje så ille. Men så kjem flyreise for fem med, og helst ein bil som kan romme alle barna inkludert barneseter og bagasjen (les: 7-seter). Og så ligg det ein liten tanke bak i hovudet og surrar om at kanskje vi ikkje kan vere heilt sikre på om huset som er avbilda stemmer overeins med huset som møter oss. Og viss det er like flott, tør vi risikere å ta med ein 1-åring og 3-åring som helst vil klatre samtidig som dei vil hjelpe til med matlaging, pådekking, ete, pusse tenner og vaske seg? Nei, det må bli eit anna år. Kanskje ilag med nokon? 

Ein gong må det bli slik. Denne gongen fall valet ganske så overraskande på det same som i fjor: charter! Det er nesten så eg rødmar av klisjeen skandinavisk barnefamilie på ferie i Syden med andre skandinaviske barnefamiliar. Men til trass for dét, samt litt ukomfortable flyreiser, ekstremt mykje venting og dårleg informasjon på ein elendig flyplass på Kreta, så skal vi til eit koseleg familiehotell med garantert sol og varme. Og gurimalla så lettvindt det er! Vi møter opp på Flesland klokka 05.00 ein morgon i juli, og vips! så er vi her same formiddagen:


Ida gler seg så mykje at ho nesten ikkje klarer å tenke på anna for tida! Eg gler meg, eg også. Til gresk mat, gresk språk, sol og varme. Til reint hotellrom, null husarbeid og dekka frukostbord! Og ikkje minst til å nyte ein kald mythos og ein gyro med nasa i ei bok når freden har sunke seg og barna søv på kvelden. 

  post signature

fredag 20. april 2012

Det enkle er ofte det beste

Vi sit i bilen, Vetle og eg. Vi skal til barnehagen. Han sit og ser ut av vindauget, slik han ofte gjer. Han betrakter verda, slik 3-åringen gjer på sin måte. Vi har snakka ein god del om skyer før, kvifor dei er til og kva dei gjer. I dag er det overskya. Då kjem det:

- Hvor er solen?
- Sola er bak skyene, svarer eg.
- Viss vi vil ha sol, da må vi berre dytte vekk skyene da.
- Korleis skal vi gjere det da? spør eg.
- Vi må ha en lang stige. Eller vi kan hoppe høøøøyt på trampolinen. Da kan vi berre dytte vekk skyene, da.

Så enkelt. Da kan vi hente fram sola i morgon, tenker eg.

post signature