Endelig har eg hatt eit gjensyn med vakre Hellas! Det har gått tre år sidan sist, så det var verkeleg på tide. Vi har alltid gjort ting på eige hand; som dette:
1. Bestille rutefly til Athen tur/retur.
3. Ringt direkte til hotellet, alltid drive av ei gresk familie.
4. Kjøpt billettar til hurtigbåt enten via eit gresk reisebyrå eller på nett før vi reiser.


Tidlegare har jo Ricki budd i Athen, så vi har fått ein lengre ferie der nede. Då har vi hatt leilighet i Maroussi, som ligg i eit fint og grønt område nord for Athen. Ei veke på ei øy har derfor vore nok, vi har jo gjerne hatt ei veke eller to i Athen i tillegg. Denne gongen hadde vi ikkje leilighet i Athen ettersom Ricki bur i Norge saman med oss, vi har plutselig tre barn som skal reise med oss - ikkje berre eitt - og vi gjorde det på enklaste måten: charter. Med programmet
charterfeber frå TV3 i minnet, grua eg meg litt til ferien med tanke på flyturen, dei fulle skandinavarane - både på flyet og rølande i gatene, taxfree-galskapen og elles det ein kan rødme av om ein får eit glimt av programmet på tv. Dette såg eg ikkje noko til. Kan det ha noko med at hotellet vi reiste til var eit Ving SunGarden hotell, barnevenleg og litt utanfor bar-sentrum? Sannsynlegvis. Heldigvis. Hotellet vi budde på heiter
Stefan Village, og var veldig fint! Flott, gresk personale, flott uteområde med frodig hage, fin leikeplass med skygge, fire basseng - kor to av dei var for barn, god mat, super reingjering - og greie, store rom. Det vesle eg har å utsetje på charter, er at resten av gjestane snakka enten norsk, svensk eller dansk. Det same gjorde kelnarar på fleire av tavernane i området. Dette føltes veldig feil. I tillegg så var det ei lang, lang rekke med menneske i kø då vi skulle reise frå den vesle flyplassen på Kreta. Vi stod nok ein time i kø utanfor flyplassen, for å kome inn! Deretter var det innsjekking: vise kor mykje bagasje ein har, vege bagasjen, få bagasjelappar å feste på, bære bagasjen til rette baggage drop - alt dette involverte kø på kvar stad, i større eller mindre grad. Når vi kom opp i avgangshallen, var det så fullt av folk som sat i ventehallen, sat og venta eller stod i kø og venta til kvar gate, til den eine kiosken, i den vesle taxfree'en, at eg ikkje kunne sleppe handa til Vetle i frykt for at han skulle hamne i menneskevrimmelet, bokstaveleg tala. Folk sat langs veggane, åt slappe, varme baguettar som kioskdamene hadde stabla opp i haugar på disken, og venta. For mange var kanskje dette ikkje unormalt, men for meg var dette kaotisk. Eg har aldri reist med charter før, er dette vanleg? Ingen informasjon om at flyet var forseinka, ingen informasjon om at gaten hadde blitt endra - før ombordstigning, sjølvsagt. Og igjen: kaos. Men vi hadde ein fin ferie. Bileta under talar for seg sjølv. Med tre barn fauk dagane, og det gjekk i bading, leik og mat. Om ikkje det var rein avslapning, så var det ei super avveksling. Og kanskje, når ein syns at det er godt å ta klesvasken, støvsuge og rydde hus når ein kjem heim, at det var godt, roleg og avslappande likevel. Trass alt fekk vi bade, ete og leike kvar einaste dag. Med dei beste barna. Ikkje ille, det.






