mandag 27. juni 2011

Listemenneske

Enkelte berre skrive det ned. Kva ein skal ha med på ferie, første dag på skulen, på hytta, kva ein treng på butikken, kva barna treng av nye kle/sko, kva som står og ventar av arbeid inni huset, utanpå huset, husarbeid .. eller kva bøker som burde lesast, musikk som burde kjøpast/lastast ned, filmar ein burde sjå, ting ein burde gjere, stadar ein burde dra. Eg er eit sånt menneske. Eit listemenneske. Ricki foreslo at eg burde lage ei liste over dei listene eg skal skrive. Ikkje dumt, egentlig, for av og til strekk ikkje tida til at eg rekk å få oversikt over listene eg burde ordne, eller rett prioritering av desse. Handlelistene er kvardagslege, og stort sett går desse kjapt. Ønskelistene er vel av dei meir omfattande, og dessverre er også listene over ting som burde gjerast inni og utanfor huset ei liste som vil kreve arbeid å skrive per dags dato. I dag nøyer eg meg derfor med å skrive ei liste over listene som skal skrivast. Og handleliste, men den går på papiret.

Først: ei overskrift, som gjer lista tydeleg på innhald.


Lister: 

Det er lurt å ha punkt for kvar ting, det gjer det oversiktlig. Kanskje nummerering kan vise korleis ein prioriterer også (sjølv om det ikkje er gjort her; det er som sagt vanskelig før eg har fått oversikta).
  1. Ønskeliste til huset (interiør)
  2. Ønskeliste til hus og hage
  3. Kva treng barna av kle/sko sommar/haust? 
  4. Kva treng vi av kle/sko sommar/haust?
  5. Ferieliste - kva må vi ha med, må vi kjøpe noko ekstra?
  6. Bokliste
  7. Musikkliste
  8. Turliste
  9. Middagsliste - redigert versjon


Eg kjem ikkje på fleire, gjer du? Men medan eg skreiv, noterte eg her i margen (om bloggar kan seiast å ha dét): joggesko til Ida (ho klarte sjølvsagt å miste dei nye på SFO), sandalar til Ida, sandalar til Vetle, shorts til Vetle, reisetrille med nedleggbar rygg, sandkasse og sand, kost, babycall, ein stad ut på Sotra med kafé, kyllingfilet surra i serranoskinke, iallfall, og ost- og skinkesalat. Kanskje nattbord hadde vore noko? Og service på bilen? 


Og så var det dette med prioritering, då. Når ferieturen er bestilt, er det vel viktigast å ha alt naudsynt utstyr til den, framfor service på bil eller middag til i morgon. Det betyr: shopping! Shorts og sko, trille og babycall, solkrem og solhatt/caps, nye solbriller til mor (dei gamle er sikkert ikkje bra nok?). Kanskje fins der butikkar med tilbud? Godt ein kan prioritere, og ikkje minst: at skattepengane er på konto.
 



post signature

fredag 10. juni 2011

Butikken stenger kl. 16 i morgen

"Butikken stenger kl. 16 i morgen" skriv Ricki i ein sms på veg heim frå jobb. Ja, tenker eg, det høyres logisk ut. Det er jo pinseaftan. Litt etter ringer han meg, gir same beskjeden munnleg og spør deretter om han skal handle for kvelden. Ja, det er fint. Når han kjem heim, seier han at butikken stenger klokka 16 i morgon. Vi skal nok klare å handle innan det, seier eg. Ricki og Ida gjer seg klare for å gå på Brannkamp, medan eg, Vetle og Elise skal leike og rote litt heime i stova. Ein time før kampen startar får eg ein ny sms. Å, er det ekstrem kø? tenker eg. Typisk. "Butikken stenger kl. 16 i morgen" skriv Ricki. Ja, eg hugsar det. distré er eg då ikkje? Sikkert ikkje kø, dei ventar nok på buss eller bane. Litt etter kl. 19 får eg nok ein sms, no har kampen nett starta. Eg kan tenke meg Ida er spent! Første brannkampen! Eg får sikkert ein mms med ei jublande jente i fullt Brannutstyr. "Butikken stenger kl. 16 i morgen". No syns eg han virkar litt opphengt i butikken. Han om det, eg er travelt opptatt med dei to barføtte små, kveldsmat og ein telefon som ringer. Ikkje for å minne meg om butikken som stenger kl. 16, heldigvis. Det er mamma. Litt prat, så må eg gjere unna kveldsmaten - den var jo kun i tankane mine då telefonen ringte. Ingen blir mette av sånt. Mobilen pip to gongar medan Vetle et skiver med makrell i tomat og leverpostei, her er det Stabburet som gjeld. "Butikken stenger kl. 16 i morgen." No byrjar eg å bli litt smånervøs. Kva er det med han? Er det noko gale? Sikkert ikkje. Eller. Han er jo programmerar. Dei driv med kode. Er det ei kryptisk melding? Eg klarer ikkje å tyde koden. Kva slags butikk? 1-talet er ein L. Kva er 6-talet? 9? L9. Nei, neppe kode. Har vi krangla om butikken? Bør eg skrive handleliste no? Eg tenker kjapt på kva vi bør handle. Det er ein del. Det hjelp ikkje å tenke på tinga, dei må skrivast ned. Han meiner nok ikkje at eg må gjere det no. Barna får ein vask, ny bleie og tannpuss før dei blir lagt. Når eg kjem ned att etter legging av trøtte fjes, har eg fått tre nye meldingar. "Butikken stenger kl. 16 i morgen" - ikkje overraskande. Skal det seiast, så byrjar eg å bli lei av dei. Kan han ikkje berre seie kva han meiner? Eller kan han ikkje seie kva han meiner?! Brått slår det meg. Har det skjedd noko? Er Ida blitt trampa på av ein skarrande brannsupportar?! Det skal ikkje forundre meg, typisk om langhelga startar med opphald på barneklinikken! Eg går inn på bt.no. Ingenting om dét, iallfall. Puh. Lenger ned på bt.no ser eg det. Overskrifta. "Mobiltrøbbel for Telenor-kunder". Ja, tenkte eg det ikkje!

post signature

onsdag 1. juni 2011

Lille Petter spillemann har ein kompis

Tommeltott
Slikkepott
Langemann
Gullebrann
og lille Petter spillemann

Slik seier barneregla. Eg prøvde meg på den med Elise, men så vart eg brått i stuss. Ja, for kva seier ein når Petter spillemann har ein nabo eller ein kompis som ikkje er namngitt? Elise har seks fingre på kvar hand. Det har ho arva frå far sin, som har eit gen som går att i slekta på farssida. Både Ida og Vetle er født med seks fingre på kvar hand, men dei hadde ikkje bein i desse, og vedhenga vart fjerna på barsel dagen etter dei var føydde ved hjelp av laser eller tråd. I Elise sitt tilfelle er det bein i fingrane, og den eine fingeren ser ut til å ha eit eige ledd og vere bevegelig. Den andre stikk meir ut, og det ser ikkje ut til at ho bøyer den åleine; kun i samanheng med veslefingeren. På Wikipedia omtalast tilfelle med seks fingre som polydaktyli. Fingrane skal bli fjerna ved hjelp av plastisk kirurgi på Haukeland universitetssjukehus. Når er enda uvisst, men vi håper det skal skje før ho bruker fingrane og handa meir aktivt. Vi skal til røntgen med ho i midten av juni, så det blir spennande å sjå korleis fingrane og ledda heng saman, og om operasjonen vil bli enkel og nært foreståande. Ifølge legen vi var til konsultasjon hos i starten av mai, kunne det ta mellom eit halvt til eitt år før ho fekk operasjonen. Førebels får regla bli slik:

Tommeltott
Slikkepott
Langemann
Gullebrann
og Pål og Petter spillemenn

post signature