Ida sit og teiknar, då ho utbryt:
- Mamma, veit du ka eg har laga? Eg klarte å lage en slik hale som de dyra som stinka når de prompa har. Et stinkdyr!
Om det er definisjonen på stinkdyr, så jah ... eg kjenner vel nokre? Men eg skjøner godt kombinasjonen, eg gjer det.
torsdag 23. juli 2009
tirsdag 21. juli 2009
Boktyven

"Året er 1939, og vi befinner oss i Nazi-Tyskland. Ni år gamle Liesels foreldre er sendt i konsentrasjonsleir, og Liesel bor hos fosterforeldre i Himmelgaten i München. En dag dukker jøden Max Vandenburg opp, og får holde seg skjult i familiens kjeller. Liesels fosterfar lærer henne å lese, og hun oppdager at hun ikke kan motstå bøker. Derfor stjeler hun dem, og deler historiene med naboene i bomberommet og med Max." (Bokkilden)
Boka anbefalast varmt, så spring og kjøp eller lån på biblioteket! No er det lesepause her i heimen, for når ein har lese ei så god bok, er det vanskelig å byrje på ei ny utan å sakne den førre. Er det nokon som har gode boktips, så tek eg gjerne imot!
Namnefest for Vetle
Laurdag 18. juli hadde vi namnefest for Vetle. Slekt frå Sunnmøre, Bergen og England kom og feira Vetleguten vår, og vi hadde ein strålande fin dag! Sola skein, det var varmt i veret - og både koldtbord og kaker var vellukka. Vetle fekk fine gåver som bøker, barnebestikk, røros pledd, handmala barnestol og armeband med meir.
Tante Anette syns kakene smakte godt!
På overflata var mor roleg -
men stressfaktoren inni kroppen var nokså høg!
Storesyster Ida fekk ei bursdagsgåve på førhand av Besta si: ein flott skulesekk! Gjett om ho var stolt! Sekken var med opp på soverommet på kvelden, og vart tatt med ned på stova tidleg neste morgon. No står pennal, matboks og skulekle på ønskelista før bursdagen, så eg tippar vesle frøkna er klar for skulestart 19. august?


men stressfaktoren inni kroppen var nokså høg!
tirsdag 14. juli 2009
På tur i fjæra
Noko av det kjekkaste vi veit hos Besta på Ulstein, er å gå i fjæra som ligg like ved. Ofte leikar vi i sanden, leitar etter fine steinar eller krabber eller vi badar - om det er ver til det.
Vetle er 4 mnd ...
... og det er gøy å sjå kor aktiv han er! Han rullar frå rygg til mage - og har såvidt byrja å rulle tilbake igjen. Han pratar og ler, og er stort sett blid heile dagen. Etter mange netter med mykje amming og lite søvn, introduserte eg risgraut frå Hipp med banan og ferskensmak. Det falt i smak! Han smattar det i seg, og etter ei veke er vi no oppe i 2 x 0,5 porsjonar om dagen (formiddag og kveld). I natt sov han endelig litt bedre, så det kan kanskje ha ein samanheng?
søndag 5. juli 2009
Tivoli
[Quote Ida]
E det kveld allerede no? Men dagen he vært så kort!
[/End quote]
Ja, for når ein har det gøy og får køyre karusell, smelte sukkerspinn på tunga og vinne fleire bamsar - så går tida fort!
E det kveld allerede no? Men dagen he vært så kort!
[/End quote]
Ja, for når ein har det gøy og får køyre karusell, smelte sukkerspinn på tunga og vinne fleire bamsar - så går tida fort!
fredag 3. juli 2009
Sommarferie 2009
Då er ferien starta, og i år er det rein Sunnmørsferie på oss! Vi skal nok ta det mest med ro, besøke vener og familie - og ha namnefest for Vetle. Bilturen oppover gjekk greit, men den tok 9 timar med lang pause på Førde. Både Vetle og Ida var litt lei undervegs, så det var godt med nokre pausar innimellom.
onsdag 1. juli 2009
Storesøsters vekkarklokke
Abonner på:
Innlegg (Atom)