Årets sommarferie er over for i år, og som vanleg gjekk den til Hellas. Vi var der frå 7. til 17. juni, og vi rakk å gjere mykje! For det meste budde vi i leiligheta til Ricki som eg også budde i frå desember 2002 til juni 2004; Ida rakk å verte 10 månadar der.
Utsikt frå altanen til Ricki
Derfor var det kjekt å kome tilbake og sjå og helse på gamle naboar: "Gia sas! Ti kanis? Kala." er vel det eg kan seie på gresk, i tillegg til enkle fraser som god morgon, god kveld, god natt og skål. Barna i gata hugsa både meg og Ida, vi har jo vore på ferie der i 2005 og 2006, og spurte Ida "Hello. Ida Maria, you want to come play?" Og det er klart ho ville det ... problemet var berre at engelsken deira rakk ikkje lenger enn til det, og gresken vår rakk ikkje lenger enn til "hei" og "i morgon". Sistnevnte frasen er forøvrig ei kjent frase i Hellas; alt kan nemlig gjerast avrio. Dermed leika ho ikkje så mykje med ungane i gata, men dagane gjekk fort for det. Slik gjekk nokre av dei:
Leik
Det Ida hugsa best med Hellas då vi reiste nedover, var leikeplassen. Eller leikeplassane. Det er veldig mange slike i området Ricki bur i. Derfor brukte vi første dagen vår til å gå på leikeplassen eg likte meg best i då Ida var yngre. Og eg må seie at den er framleis favoritten. Det var ikkje andre barn der då vi var der, men Ida kosa seg likevel. Vi kjøpte niste på eit bakeri; spanacopita, breadsticks og nero.
Seinare på dagen blåste Ricki ut all pust av seg, og Ida fekk bade på altanen.
Gino more than hair
Gino more than hair i Maroussi/Athen er frisørsalongen eg tyr til når eg klippar meg i Hellas. Og det gjer eg meir enn gjerne! Prisane er svært dyre der i forhold til andre mindre frisørsalongar, men servicen er absolutt verdt det. For 93 euro (tilsvarande 750 kr) fekk eg klipp, striper, hårkur, nakkemassasje, frappe og paraply - ettersom det fossa vatn frå himmelen då eg var ferdig. Heile seansen tok 2,5 timar, så eg fekk slappa av og lest litt i boka mi, "The Kite Runner" av Khaled Housseini, medan det varte. Eg vart som alltid nøgd med resultatet:

Tolo og Korinthkanalen
Tirsdag 10. til fredag 13. juni reiste vi med bil til vestkysten, til Tolo, ein liten fiskelandsby. Merk: eg køyrde bilen. Vi køyrde roleg, meir eller mindre iallfall, ut på Agio Konstantino, Kiffisias avenue og susa deretter ut på Attiki Odos i 120 km/timen. Vi passerte Korinthkanalen, og måtte sjølvsagt ut på brua over og kike. Det var ganske så fælt for ei med høgdeskrekk å stå på ei smal bru og kike langt ned, men det var også flott å stå der med kanalen i bakgrunnen!
Kanalen er over 6 km lang og gjer reisa for små båtar og skip ein god del enklare ved at dei sparer 400 km på å gå rundt heile Peloppenese. Ricki fortalde at folk har bungee jumpa frå brua der, og eg skjelv i knea ved tanken. Der har du aldri meg!
Tolo var ok for ein ferie på 4 dagar. Det var ein roleg stad no i juni med mange kafear og tavernaer langs stranda, så ein kunne velje ulike taverna og kafear kvar dag om ein ville - og uansett nyte utsikta. Dette passa oss også glimrande fordi Ida kunne leike i strandkanten medan vi venta på maten. Vi bada kvar dag, i bassenget og/eller på stranda. Staden er mest brukt av grekarar, og då vi var der høyrte vi polsk, russisk og tysk. Den mest travle månaden er i august, som er den greske feriemånaden.
Nafplio
Medan vi var i Tolo, tok vi oss ein dagstur til Nafplio, som er Hellas' første hovudstad. Nafplio er ein liten hamneby med fine, ryddige gater og eit koselig kafemiljø. I gamlebyen er det små, trange gater med mange typiske turistbutikkar som sel turistjuggel omtrent som i Plaka og Monastiraki. Men akkurat som i Plaka, finn du også nokre få originale butikkar som er flotte å gå inn i og berre sjå seg rundt. Ofte er det dyre ting, og sjølv fell eg for eit sett med handlaga smykke og ring før eg kika på prislappen. Då var det ikkje anna å gjere: "It's very nice, I like it. But it's too expensive, I'm afraid. Thank you, good bye". Så gjekk vi vidare til ein liten butikk som solgte gamle leiker av metall og nye leiker av tre. Ida enda opp med eit hoppetau og vart reinaste meisteren til å hoppe i løpet av ferien.



Plaka
Som alltid må vi ein tur til Plaka når vi er i Athen. Eller kanskje eg skal seie at eg må. Ricki er nok litt lei av området, ettersom han har dratt ned dit kvar gong han har hatt besøk. Uansett, det er fin atmosfære der så lenge ikkje det er for tett med turistar, der er litt av kvart å sjå, mange gode plassar å ete på, både i form av tavernaer og kafear, og der er Athens beste iskrem på Gelato.



Dyreparken
Attica Zoological Park heiter dyreparken i Athen. Den er relativt ny og vart opna i 2000. Det er ein flott dyrepark med mange ulike dyreartar. Sjølv elskar eg surikatane og apekattane, og denne gongen fekk vi gå inn til lemurane som heng fritt i eitt område av parken. Vi fekk sjå dei på nært hald, dei sov og gjespa då vi gjekk forbi. Kjempesøte. Dyreparken er vel verdt eit besøk om du er nokre dagar i Athen, og vi går dit gladelig igjen og igjen og igjen.

2 kommentarer:
Så masse flotte feriebilder Cecilie!! Og den frisyra di va knallfin! :D Nesten sånn at ej vart frista til å kopiere den! :)
Tusen takk, Heidi! Du må berre kopiere den, ej e kjempefornøgd sjøl. :)
Legg inn en kommentar