onsdag 29. mars 2006

Ny reklame for Gilde

Gilde - det kjennes på baken.

fredag 17. mars 2006

Lukt

Det er rart med lukt. Du kjenner ho overalt, og ho skil seg ut i dei fleste situasjonar. Inga lukt er som regel heilt lik ei anna, ho kjem i nyansar og grader. Nokre gonger er ho heilt ny, andre gonger er ho berre eit minne. Den vanlegaste legg vi kanskje ikkje merke til.

No kjenner eg ei lukt eg minner. Eg sit aleine på ein datasal på skulen, og det er tidlig om morgonen. Det luktar datamaskin, tasting, oppgåver og kvite veggar. Det luktar tavle, ei kvit søyle og store vindauge med utsikt til studentbarnehagen. Eg minnast då eg gjekk 1. år på lærarskulen, då eg ofte gjekk med raud genser. Eg sat i dette rommet fleire gonger det året. Ricki budde i Oslo, eg budde på Haddal - og NorWay bussekspress tjente månedlig på meg.

Ja, det er rart med lukter. Og godt med minner.

tirsdag 14. mars 2006

Passbilete er ikkje til å spøke med


Ida må ha nytt pass, og i den forbindelse måtte ho ta passbilete. Her er ho, nokså prega av alvoret.
Eg fekk forresten høyre at passbilete no ikkje skulle vise tenner; ein skulle ikkje smile. Wieso denn?

fredag 10. mars 2006

Kultur

Eg sat og las ein artikkel i Dagbladet i dag, då eg kom over ordet ukultur. Det skal altså ikkje så mykje til å irritere meg språkleg, så eg vil presisere kva ukultur er, og kva kultur er.

Ukultur:
1) Mangel på kultur og dannelse.

Kultur:
1) resultatene av en periodes, et samfunns, en gruppes samlede åndelige og materielle virksomhet
2) holdninger, verdier og normer som er rådende hos en viss gruppe mennesker

Ein kan ikkje påstå at muslimane har ein ukultur. Det dei har er eit anna livssyn i første omgang. Deretter kjem kanskje ulike verdisyn, andre haldningar og andre reglar. Kultur har dei absolutt.



Definisjonane er funne på Språkrådet sine sider.

torsdag 9. mars 2006

Portmanteau

No har eg lært meg eit nytt ord: portmanteau.

Definisjon i Wikipedia

Uforsvarleg bilist med sans for kvitkledde fjell

I bilen frå Ørsta til Volda såg eg kvitkledde fjell i horisonten, og fekk knipsa eit par bilete i farta. Det er kanskje ikkje det luraste å gjere når ein køyrer bil, men til mitt forsvar er dette ei rak strekning, og dette tok berre sekund (nei, eg såg ikkje inn i linsa).


Mille

1. mars

torsdag 2. mars 2006

Eg lagar meg eit nytt språk og skriv eit dikt

Maramo higo famas
sepungo dilma fei
dilakama resolamas
e girgo savakei.

Le pumo idan sovi
gerigo savaldon?
Ritale sibur dovi
kapunga dilma gon.

Av Ragnar Hovland, den kulaste.