lørdag 30. mai 2009

Dåpen til Matheo

24. mai vart verdas skjønaste nevø døypt! Matheo var roleg både i selskapet sitt og i kyrkja. Ricki og eg var fadderar, og Ida fekk vere med fram og tørke hovudet etter han hadde blitt "dyppa". Det var stor stas!

Dåpsbarnet


Velkledde herrar: Ricki & Vetle, Stian & Matheo


Ida og Thea fann tonen med leik inne og ute

Onkel Ivar, tante Anette og Vetle

Kven tilhøyrer kven?
Bak f.v: eg, Ricki, Stian, Ivar og Olav.
Framme f.v: Ida, Anette, Vetle, mamma, Matheo og Connie.


Smukkasen min!

På slutten av kvelden vart enkelte litt tullete.



søndag 19. april 2009

Middagsmeny

Inspirert av Skogheims på TV2, har eg laga 5 vekers middagsmeny. Vi startar i morgon, og satsar på pengar, frustrasjon og tid spart!

søndag 22. mars 2009

Vetle er født!

Vesle Vetle vår kom til verda 12. mars 2009! Han vog 4060 gram, var 54 cm lang og 36 cm rundt hovudet. Fødselen gjekk føre seg på Storken, med god hjelp frå jordmor Kari - ho var heilt super! Eg gjekk med riar heime i over eit døgn før dei kom tett, regelmessig og effektivt. Frå vi kom til KK til Vetle var ute, gjekk det 3 timar - kor 1,5 timar vart brukt i badekar; dette lindra veldig! Fødestova var nyoppussa og fin, og eg fekk eit flott bad med stort badekar, dempa belysning, telys og roleg musikk. Senga var mjuk og god, og eg kunne nok helst tenkt meg å sove enn å føde ettersom riane hadde vart så lenge. Akupunktur vart sett etter ei stund, men eg er uviss på om dette hadde effekt eller ikkje. Det skada iallfall ikkje! Eg pressa ut guten på 20 minutt, og mista så mykje blod at det kom folk til og sette sprøyter, tablettar og intravenøs væske inn i meg for å få meg på rett kjøl - eg skjønte ikkje anna enn at guten låg ved sidan av meg og at vi trengte å summe oss begge to! Men opplevinga var flott til trass for blødninga og nokre rift, og eg føder gjerne med hjelp frå Kari på Storken igjen!

Veldig sliten, litt pjusk - men veldig glad mamma rett etter fødsel.

Stolt storesøster

Vetle koser seg på pappas arm

Vetle nybada og fin, 1 veke gammal

mandag 2. februar 2009

Ønskeliste til baby

Eg har sett fleire lage ønskelister til baby, og tenkte derfor gjere det same. Nøstebarn har mykje fint!
Sparkebukse med fot frå Nøstebarn str. 62 i grøn, brun eller blå farge.

Body frå Nøstebarn i str. 56/62 i grøn, blå eller grå farge.


Ullfleecejakke med hette og treknapper i brun eller blå farge. Str. 62/68.

Ullfleeceteppe str. 80x100cm.

Og så er det enkelte ting som ikkje er frå Nøstebarn, tenke seg til:

Thildekluten! (Kan kjøpast på f.eks. barnibody.no)
Lamaze første speil

Baby Björn Balance Vippestol

tirsdag 6. januar 2009

Årsaka til at ein går over termin?

Er det denne som skal dragast ut?


Neeeeeei! Tør ikkje!


Skal eg liksom ut der?


Har det vore termin?
Eg har berre 4 kapittel att!


*Gjesp* Kosar meg.


9 mnd, 9 år ... høyres ikkje det likt ut då?

fredag 21. november 2008

Kor mange fingre har lillebror?

Ja, det lurte vi på i går. Storesøster var jo født med 12 fingre; to ekstra veslefingrar utan beinvekst vart påvist på ultralyd - og stemte heilt riktig når ho kom ut. Dei vart fjerna med laser same døgnet ho var født, og no kan ein ikkje sjå anna enn to små arr. Uansett. Det var vanskelig å sjå eller telje kor mange fingre lillebror har. Det vi såg, var at han iallfall ikkje har ekstra beinutvekstar på høgre handa - som var den einaste han ville vise fram i løpet av timen eg var på KK. Eg fekk nokre nye UL-bilder av profilen kor han trutar med munnen etter JM dylta borti han (fornærma, kanskje?) og av ein liten tissefant som stod rett opp. Ingen tvil om at det er gut, med andre ord!


Elles fekk eg vekstestimering på han; føder eg til termin og han følger vekstkurva si slik han har gjort hittil, vil han bli ca. 4300 gram med gjennomsnittlig hovudomkring. Buken var også litt større enn gjennomsnittet. Føder eg to veker etter termindato, vil han bli ca. 4600 gram ... så får inderlig håpe han kjem til termin!! Eg fortalde JM at eg var bekymra for å gå over termindato pga. reglane på Haukeland; her kan ein måtte gå opp til 3 veker før ein blir satt i gang. JM sa då at ein har overtidsvurdering når ein er 12 dagar over tid, og det blir alltid vurdert ut i frå modning og risiko. Ein kan måtte gå såpass lenge over tida dersom det reknast som risikofritt (nok fostervatn f.eks.), fordi at dei ikkje vil setje igong ei kvinne som ikkje har modna nok fordi det vil føre til ein lang og smertefull fødsel. Eg vart litt letta av å høyre det; mitt inntrykk var at ein ikkje satte igong fødselen uansett før 3 veker over tida ... og det er ikkje ønskelig!

onsdag 5. november 2008

Fostermilepælar (og eg er over halvvegs!)

Unnfangelsen finner sted omkring: 15. juni 2008
Hjertet begynner å slå: 10. juli 2008
Embryoet beveger seg: 3. august 2008
Embryoperioden er slutt, du bærer på et foster: 10. august 2008
Alle indre organer er ferdig formet: 10. august 2008
Risikoen for spontanabort avtar: 24. august 2008
Kvalmen avtar for de fleste: 31. august 2008
Kjønnet begynner å bli tydelig (ikke på ultralyd): 7. september 2008
Fosteret svelger og tisser: 21. september 2008
Tid for ultralyd: 28. september 2008
Du kan kjenne fosterets bevegelser: 5. oktober 2008
Fosteret begynner å få et søvnmønster: 19. oktober 2008
Fosteret begynner å høre: 9. november 2008
Ni av ti barn overlever om de blir født nå: 7. desember 2008
Mange fostre legger seg med hodet ned: 11. januar 2009
Svangerskapspermisjonen begynner: 17. februar 2009
Antatt termindato: 10. mars 2009

torsdag 9. oktober 2008

Lillebror i magen!

Sidan juli har det skjedd ein stor ting: eg testa positivt på 1-2-3 graviditetstestar! Etter nokre tøffe veker med kvalme, trøttleik og ryggplager, var det tid for ultralyd. Inni magen bor Lillebror; ein svært aktiv gut som drakk store mengder med fostervatn og sparka i blæra mi (er det rart eg går ofte på do?). Det er rart, men han er faktisk uvanlig flott å sjå på alt inni magen! Antal fingre og tær var vanskelig å telje, så eg får kome tilbake 20. november for å sjekke om det er 10-11-12 fingre der. Eg er ikkje bekymra for utfallet uansett kva det blir, men eg takka såklart ja til ein ekstra ultralyd.

I dag er eg 18+4 veker gravid, og slik såg Lillebror ut då vi hadde andre photoshoot i år:


Ja, der er ein tut!

Ifølge jordmor drikk Lillebror så mykje fostervatn at det for
ein voksen tilsvarer 25 liter med vatn i døgnet! Her gapte
han stort og drakk store mengder medan vi observerte han.

fredag 18. juli 2008

Ny husgjest

For tida grur eg meg til å opne ytterdøra. Eg har nemlig fått ein ny husgjest ved inngongspartiet. Kva han heiter, veit eg ikkje - eg har ikkje spurt - men han er fæl, jobbar flittig og ser slik ut:


Iik.
(Klikk på bildet for grøsselige detaljar)

torsdag 19. juni 2008

Hellas 2008

Tilbake til gamle trakter
Årets sommarferie er over for i år, og som vanleg gjekk den til Hellas. Vi var der frå 7. til 17. juni, og vi rakk å gjere mykje! For det meste budde vi i leilig
heta til Ricki som eg også budde i frå desember 2002 til juni 2004; Ida rakk å verte 10 månadar der.

Utsikt frå altanen til Ricki

Derfor var det kjekt å kome tilbake og sjå og helse på gamle naboar: "Gia sas! Ti kanis? Kala." er vel det eg kan seie på gresk, i tillegg til enkle fraser som god morgon, god kveld, god natt og skål. Barna i gata hugsa både meg og Ida, vi har jo vore på ferie der i 2005 og 2006, og spurte Ida "Hello. Ida Maria, you want to come play?" Og det er klart ho ville det ... problemet var berre at engelsken deira rakk ikkje lenger enn til det, og gresken vår rakk ikkje lenger enn til "hei" og "i morgon". Sistnevnte frasen er forøvrig ei kjent frase i Hellas; alt kan nemlig gjerast avrio. Dermed leika ho ikkje så mykje med ungane i gata, men dagane gjekk fort for det. Slik gjekk nokre av dei:


Leik
Det Ida hugsa best med Hellas då vi reiste nedover, var leikeplassen. Eller leikeplassane. Det er veldig mange slike i området Ricki bur i. Derfor brukte vi første dagen vår til å gå på leikeplassen eg likte meg best i då Ida var yngre. Og eg må seie at den er framleis favoritten. Det var ikkje andre barn der då vi var der, men Ida kosa seg likevel. Vi kjøpte niste på eit bakeri; spanacopita, breadsticks og nero.

Seinare på dagen blåste Ricki ut all pust av seg, og Ida fekk bade på altanen.


Gino more than hair
Gino more than hair i Maroussi/Athen er frisørsalongen eg tyr til når eg klippar meg i Hellas. Og det gjer eg meir enn gjerne! Prisane er svært dyre der i forhold til andre mindre frisørsalongar, men servicen er absolutt verdt det. For 93 euro (tilsvarande 750 kr) fekk eg klipp, striper, hårkur, nakkemassasje, frappe og paraply - ettersom det fossa vatn frå himmelen då eg var ferdig. Heile seansen tok 2,5 timar, så eg fekk slappa av og lest litt i boka mi, "The Kite Runner" av Khaled Housseini, medan det varte. Eg vart som alltid nøgd med resultatet:


Tolo og Korinthkanalen
Tirsdag 10. til fredag 13. juni reiste vi med bil til vestkysten, til Tolo, ein liten fiskelandsby. Merk: eg køyrde bilen. Vi køyrde roleg, meir eller mindre iallfall, ut på Agio Konstantino, Kiffisias avenue og susa deretter ut på Attiki Odos i 120 km/timen. Vi passerte Korinthkanalen, og måtte sjølvsagt ut på brua over og kike. Det var ganske så fælt for ei med høgdeskrekk å stå på ei smal bru og kike langt ned, men det var også flott å stå der med kanalen i bakgrunnen!

Kanalen er over 6 km lang og gjer reisa for små båtar og skip ein god del enklare ved at dei sparer 400 km på å gå rundt heile Peloppenese. Ricki fortalde at folk har bungee jumpa frå brua der, og eg skjelv i knea ved tanken. Der har du aldri meg!

Tolo var ok for ein ferie på 4 dagar. Det var ein roleg stad no i juni med mange kafear og tavernaer langs stranda, så ein kunne velje ulike taverna og kafear kvar dag om ein ville - og uansett nyte utsikta. Dette passa oss også glimrande fordi Ida kunne leike i strandkanten medan vi venta på maten. Vi bada kvar dag, i bassenget og/eller på stranda. Staden er mest brukt av grekarar, og då vi var der høyrte vi polsk, russisk og tysk. Den mest travle månaden er i august, som er den greske feriemånaden.

Utsikt over Tolo frå leiligheta på "Panorama"


Nafplio
Medan vi var i Tolo, tok vi oss ein dagstur til Nafplio, som er Hellas' første hovudstad. Nafplio er ein liten hamneby med fine, ryddige gater og eit koselig kafemiljø. I gamlebyen er det små, trange gater med mange typiske turistbutikkar som sel turistjuggel omtrent som i Plaka og Monastiraki. Men akkurat som i Plaka, finn du også nokre få originale butikkar som er flotte å gå inn i og berre sjå seg rundt. Ofte er det dyre ting, og sjølv fell eg for eit sett med handlaga smykke og ring før eg kika på prislappen. Då var det ikkje anna å gjere: "It's very nice, I like it.
But it's too expensive, I'm afraid. Thank you, good bye". Så gjekk vi vidare til ein liten butikk som solgte gamle leiker av metall og nye leiker av tre. Ida enda opp med eit hoppetau og vart reinaste meisteren til å hoppe i løpet av ferien.


Plaka
Som alltid må vi ein tur til Plaka når vi er i Athen. Eller kanskje eg skal seie at eg må. Ricki er nok litt lei av området, ettersom han har dratt ned dit kvar gong han har hatt besøk. Uansett, det er fin atmosfære der så lenge ikkje det er for tett med turistar, der er litt av kvart å sjå, mange gode plassar å ete på, både i form av tavernaer og kafear, og der er Athens beste iskrem på Gelato.


Dyreparken
Attica Zoological Park heiter dyreparken i Athen. Den er relativt ny og vart opna i 2000. Det er ein flott dyrepark med mange ulike dyreartar. Sjølv elskar eg surikatane og apekattane, og denne gongen fekk vi gå inn til lemurane som heng fritt i eitt område av parken. Vi fekk sjå dei på nært hald, dei sov og gjespa då vi gjekk forbi. Kjempesøte. Dyreparken er vel verdt eit besøk om du er nokre dagar i Athen, og vi går dit gladelig igjen og igjen og igjen.