torsdag 27. november 2003

Thanksgiving

I dag er det Thanksgiving i USA. I samband med det, såg eg eit innslag om ein etekonkurranse på CNN. Det er noko av det kvalmaste eg har sett. Eg fekk lyst til å kaste opp maten deira, på tom mage.

tirsdag 25. november 2003

Athen [fakta]

Athen er Europas mest forureinsa by, står det i Lonely Planet Guide to Greece. Når gata vi bur i ikkje er særleg trafikkert, og klesvasken luktar av eksos, så tvilar eg ikkje på at det stemmer. Eg lurer på om snøen her vert grå -før- den treff bakken. Det hadde ikkje forundra meg.

[Akkurat no skulle eg ynskje eg budde i ei Freia Melkesjokolade-reklame.]

mandag 17. november 2003

Å starte

Alltid når eg startar ei ny skriveblokk, tenkjer eg at "i denne skriveblokka skal eg skrive mi finaste handskrift". Som regel end eg opp med å skrive med fine, store og runde bokstavar på første sida, deretter vert bokstavane fyrst mindre, så krampaktige og til slutt så slurvete at eg ynskjer meg ei ny skriveblokk.

Å starte med blanke ark. Det er ei god kjensle.