tirsdag 22. februar 2011

2011 - Tjue Elleve

2011 - Tjue Elleve, eller To tusen og elleve, er godt i gang. Vi har nådd mars, og våren er her - endeleg! Dei første snøklokkene er observert, og nokre småfuglar kvitrar på fuglars vis - no manglar berre det milde veret før ein kan ta på seg bomullsjakker og småsko på dagar med fint ver! Hurra - eg gler meg!

Etter at kakemenn vart bakt i desember, Tjue Ti, eller To tusen og ti, har det skjedd ein del. Oppsummert i bilder:

 Vi feira jul hos oss i år - maten, selskapet og stemninga var god!

Ida fekk m.a. ny gensar, nytt sjal og ipod 
- ei svært nøgd jente med andre ord.

 Bestefar Tony kom frå England til Noreg for å feire jul hos oss.
Her er han med Vetle og fetteren, Martin.

31. desember: Ida har gått nyttårsbukk, og kosar seg 
med fortenesten etter litt song og mange smil.

31. desember: Veslebror er heldig og får smake 
litt av storesøsters bukkefangst.

14. januar: Vetle blir innlagt på barneklinikken med dobbelsidig lungebetennelse.
Han var i svært dårleg form, så dei første dagane låg han slik 
- med lav oksygenmetning, og ein altfor rask pustefrekvens.

 Etter nokre dagar på barneklinikken med oksygenmaske og hyppige inhalasjonar 
med adrenalin, steig forma og han kosa seg på leiketerapien på BKB. 
Her var det godt å sjå at han hadde energi til leik att! Han vart utskrive etter 8 døgn.

9. februar 2011 - siste dag med gravidmage? Riene har starta!

 Elise vart født 10. februar på KK Storken i Bergen.
Frå 3 til 10 cm opning gjekk det 1,5 time! 
Mål: 3980 gram, 56 cm lang og 35 cm rundt hovud.

 11. februar: Ein sånn våken, liten baby!
Vi er på Storken til 12. februar. Same dag kjem mamma flygande til
Bergen på besøk og er her nokre dagar - kjempekos, og super hjelp!

 14. februar: Vetle vart innlagt på nytt på barneklinikken,
2 dagar etter Elise og eg kom heim frå kvinneklinikken. 
Denne gongen var diagnosen bronkiolitt, og behandlingsforma
var oksygen og inhalasjonar som sist. Han låg inne i 4 døgn.

 23. februar: Elise blir innlagt på barneklinikken med RS-virus. 
Ho har ein puls på 200, og ein pustefrekvens på 80-90 i minuttet
når vi kjem inn. Tenk at legen ville gi oss hostesaft og nasedråpar
- medan mor sjølv ba om henvisning og innlegging på barneklinikken!
Vi er innlagt i nøyaktig ei veke, med oksygendamp og hyppige 
inhalasjonar - og på isolat saman med fem, opptil seks, andre spebarn 
og foreldre. Situasjonen på barneklinikken er ekstrem og blir kritisert 
av mine romkameratar i denne artikkelen frå BT.

 Dagen etter Elise og eg er utskrivne frå barneklinikken, 
kjem Stian, Connie og Matheo på besøk til Bergen. Kjempekoselig! 
Her er Elise, Ida, Vetle og Matheo.

 Stolt storesøster!

 Stolt storebror!

 
12. mars 2011: 'miiiiil!
Vetle er 2 år - hurra!



post signature